Monday, September 28, 2015

Siste haust i Matsue?

Ifølgje kontrakten med NLM har eg no byrja på sjette og siste hausten i denne perioden. Dei fleste i kyrkjeleg samanheng veit det, men folk som ikkje forstår ordningar med misjonærperiodar, blir overraska. Akkurat som om ein misjonær skal bli verande på samme plass for alltid?

Fleire har uttrykt bekymring for korleis det skal gå med Bible Club.
- MÅ du reise, då?
- Kvar skal vi samlast når ikkje du er her?
- Kjem det nokon i staden for deg, då?
Slike og liknande spørsmål får eg høyre.
Eg må svare at NLM dessverre ikkje har nokon å sende. I alle tilfelle må nye misjonærar først gå to år på språkskule, så ting tar tid. Om kyrkjene vil spørje om å få meg tilbake etter eit år, kan ikkje eg uttale meg om. Og korleis min eigen situasjon er om eit år, veit eg heller ikkje. Det er eigentleg ikkje så mykje vi veit, anna enn om dagen i dag.
"Gårsdagen er forbi, morgondagen kjenner ingen. Idag hjelper Herren."

Eg har ein del tankar om forandringar som kan gjerast, men det krevst at andre vil samarbeide. Så her er ein del å be om framover.
Hausten er stor, men arbeidarane er få.


Det er allereie gått ein månad sidan eg kom att frå Kina. Eg tenkte eigentleg å skrive ferdig bloggane ifrå Kina før eg fortel om det som skjer her, men eg har funne ut at då kan det gå lang tid før de får glimt ifrå livet her. Så eg får heller spe på med litt Kina-glimt innimellom utover hausten. Så skal eg prøve å gi eit inntrykk frå den siste tida her.

Dei vakre kosmosblomstrane kan vere vanskeleg å fotografere når det er vind. Her er eit levande bilete. Klikk på pila nedanfor!

video


Vi kallar det haust, men det er meir som ein norsk sommar. Idag var det 28 grader, men det er ikkje heilt normalt på denne tida.
Både idag og forrige måndag har eg vore ute på små fjellturar ilag med to andre som har måndagsfri.
Her er eit par glimt:




På Bible Club har vi sendt fire ungdommar ifrå oss i løpet av september. På biletet nedanfor er det avskjed på Matsue stasjon 3. september.
Den kinesiske jenta, nummer to frå høgre, har reist heimatt til Kina. Måtte det ho har lært på Bible Club og på gudstenestene få følgje henne. Ho sa at ho veit ikkje om noko kyrkje i byen der ho bur.

Så har vi tatt farvel med desse to studentane. Ein er reist tilbake til Brasil, og den andre heim til USA.

Og så har vi denne japanske jenta, som akkurat idag reiser til Australia for å studere engelsk. Ho har vore med i Bible Club sidan mars, og har blitt stødigare i engelsk, men også fått mykje bibelkunnskap. Ho skal ha homestay med eit eldre ektepar. Eg håper dei er kristne, som tek henne med inn i eit kristent fellesskap.
Etter planen skal ho vere i Australia til november neste år. Når ho kjem att, er det nok ikkje lenger Bible Club i denne leiligheita. Kan de vere med og be om at arbeidet kan halde fram i ei eller anna form sjølv om den norske misjonæren reiser?

Heldigvis er det ikkje alle som reiser. Ei kristen jente, nr 2 framme frå høgre, er førsteårsstudent. Ho ber no om at søster hennar også kjem inn på universitetet her til våren. Søstra er også kristen. Ho som sit heilt til høgre framme tok imot Jesus som frelsar i august medan eg var på ferie. Ho er ivrig i å lese Bibelen. Foreldra har godtatt valet hennar, men gir henne ikkje lov til å bli døypt før ho har blitt sjølvstendig, det vil seie når ho er ferdig med studiane og har fått seg ein jobb. Ho går no 3. året.

1. oktober startar studentane haustsemesteret, og det er også i oktober at nye utvekslingsstudentar kjem. Bible Club og dei internasjonale gudstenestene er ein reiskap til å nå både utanlandsstudentar og japanarar.

Dette er ifrå den kombinerte ungdoms- og internasjonale gudstenesta i september.

Biletet nedanfor (og det på toppen) er ifrå ein spennande sykkeltur eg hadde søndag ettermiddag for vel ei veke sidan. Her er stadig nye område i nærmiljøet å oppdage, sjølv om eg har budd her til saman åtte år...
"Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si." 
Matt. 9:37-38

Dette blir truleg tema for neste internasjonale gudsteneste 18. oktober, som eg allereie har i bakhovudet. Be om at eg må få det eg skal formidle vidare!

"Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten!"
Joh.4,35


No comments:

Post a Comment