Monday, October 5, 2015

Ei annleis helg


Det er ikkje ofte vi alle er samla på ein gong, men to gonger i året samlast vi både store og små. Det er på konferansen om våren og på misjonærsamlinga på hausten.
Når det er ny haust, er det også ofte velkomst for misjonærar som er tilbake frå heimeopphald. Denne gongen kunne vi ønskje velkomen tilbake til Kari Opperud, som er på plass i Ako, og familien Sigurdsson, som har vore eit år på Island. Dei arbeider no i Rokko Island kyrkje. I tillegg har Leifur ein del kontorarbeid, som styreformann og tilstadeverande vikar for stedlig representant Gunnar Urstad, som til vanleg styrer oss ifrå Norge. Gunnar hadde tatt turen hit til oss denne gongen, og kombinerer opphaldet med diverse styremøte og medarbeidarsamtalar.

Leifur Sigurdsson har laga denne presentasjonen av oss: 

Familien Leirvik er blitt mine "næraste" naboar og bur omlag 3 mil ifrå meg, i Yonago. Fredag ettermiddag plotta eg adressa deira inn på GPS-en i bilen min og fann til slutt huset der dei bur. Der parkerte eg bilen min og sat på med dei vidare til Hiruzen.


 Her er huset som familien Leirvik bur i. Eg gler meg til meir kontakt med denne unge familien, og er allereie blitt god venn med minstemann.

På Hiruzen hadde trea byrja å få haustfargar.

To sunnmøringar forsyner seg med sukiyaki. Ein finsk misjonær kommenterte på Facebook: "Det tok mange år før eg fekk overbevist staben på Hiruzen om at misjonærar liker anna enn brød til middag."

I løpet av helga hadde vi samlingar der vi delte med kvarandre korleis livet er, og fekk be og bli bedt for. Eit anna tema var diakoni, og samtale om korleis det fungerer i våre samarbeidskyrkjer. Søndag var vi med på gudstenesta i Hiruzen kyrkje, der Johan Leirvik talte.

 

Sjølv om misjonærflokken ikkje er så stor, merkast det godt på frammøtetalet i Hiruzen kyrkje.

Ta oss gjerne med på bønnelista, både store og små!





No comments:

Post a Comment