Wednesday, October 28, 2015

Funksjonshemma kan Salmane på rams

Det er lenge sidan eg har skrive om turen til Kina no. Frå Kunming har eg framleis mykje å fortelje. Eg får ta det litt i gongen.
Heldigvis skreiv eg dagbok medan eg var der, så eg kopierer litt derifrå innimellom bileta.

Laurdag 22.8 Kunming
Tok buss (double-decker) til kyrkja, til laurdagsskule for funksjonshemma. Møtte mange glade folk, barn, ungdommar og vaksne med forskjellige funksjonshemmingar, og mange frivillige lærarar frå kyrkja. Også frivillige som laga lunsj til alle.
To gutar var blitt døypte no i august. Den yngste var 9 år. Ingen skule har tatt imot han, så han har ikkje gått på skule. Han bur hos bestemora. Bjørg fortalde at då bestemora fortalde han at han skulle få byrje på skule i kyrkja, sov han ikkje på ei veke. Og den laurdagen vekte han henne kl 5, for han var så spent. Ein gong ho måtte innleggast på sjukehus, måtte han også vere der sidan han ikkje kunne klare seg åleine heime. Då han høyrde at doktoren sa at bestemora måtte vere til over helga, sa han til doktoren: «Bestemor kan ikkje vere her på laurdag, for då må ho vere med meg på skulen.» Så dei fekk permisjon frå sjukehuset fram til kl 16 den dagen.
 Første timen på laurdagsskulen framførte dei bibelske salmar dei hadde lært utanatt. Ein starta med Salme 1, nestemann Salme 2 osv. Han som ikkje hadde gått på skule, tok likegodt Salme 5 og 6 i samanheng. Imponerande! Eg måtte skamfull innrømme for meg sjølv at eg kanskje kan eitt eller to vers i kvar salme, men det er alt.





Ei lita dame med ei herleg utstråling gjorde inntrykk. Det var såvidt hovudet stakk opp over bordet då ho sat på ein vanleg stol. Bjørg fortalde meg ein del om henne etterpå. Ho har evangelistnådegåve, og er den som ber for og hjelper mange. Under den engelske gudstenesta sit ho bakerst i kyrkja og ber heile tida. Og ho går på sjukehuset på besøk kvar dag og vitnar om Jesus.
I fjor gifta ho seg med ein annan funksjonshemma, etter at motstanden frå familien hadde gitt seg. Eg fekk ein DVD ifrå bryllupet deira, som var i juni i fjor.

 To herlege damer og gode venner

Denne unge guten i starten av 20-åra gjorde også inntrykk. Eg vart fortalt at faren hans reiste ifrå sonen og kona like etter at Peter var født. Det er mange fedre som gjer nettopp det i dette landet når dei ser at dei har fått eit barn med funksjonshemming. Presten spurde Peter ein dag kva han ønska å seie til far sin om han kom til å møte han ein dag. Då sa Peter: "Då vil eg sjå på far min og seie: "Sjå på meg, eg er SONEN din!" Peter ønskjer at faren verkeleg skal få augene opp for at han har ein flott son.

Då eg kom tilbake til Japan i slutten av august og bladde gjennom ein bunke med Vårt Land, vart eg overraska over å finne Peter igjen i avisa for 27. august, den siste dagen eg var i Kunming! Det var Bård Bøe som hadde vore på reportasjetur og skreiv om temaet "Kirken i Kina". Eg har tatt vare på utklippet ifrå papiravisa, men har ikkje funne artiklane på nettavisa.
Bård Bøe var innom både uregistrerte kyrkjer og kyrkjer som er godkjende av styresmaktene. Trinity Church i Kunming er ei av dei offisielle kyrkjene.

Bøe skriv om møtet med Peter:
"Peter sitter i et ellers tomt klasserom i kirken. Drømmen er å leve av å skrive vitenskapelige artikler. Det er bare én hindring: En sterk cerebral parese som har tatt fra ham skolegangen.
På pulten foran ham ligger mattebøkene med avansert algebra. Han er den eneste på lørdagsskolen som kan engelsk, og på datamaskinen hans er et tekstdokument med store kinesiske tegn åpent.
"Før jeg begynte på Angel spesialpedagogiske opplæring i kirken, spilte familien min lydbøker for meg, men etter å ha begynt på Angel spesialutdanning, lærte jeg mye og fikk ny kulturell kunnskap", skriver han i selvbiografien sin."
På lørdagsskolen i Trinity Church lærer Peter matte, historie og engelsk."

Så langt Vårt Land.
Både Peter og mora er kristne, og dei kjem også i kyrkja på søndagane. Fleire av dei funksjonshemma er også med på bibelstudium midt i veka.

Frå gudstenesta søndag skal eg fortelje i eit anna blogginnlegg. Så langt idag. Berre nokre bilete frå gatene i Kunming til slutt:

Fine bussar, som går omtrent heile tida, og er alltid fulle av folk.

God utsikt ifrå andre etasje på bussen


Trinity Church, der det er skule for funksjonshemma kvar laurdag, og fire gudstenester kvar søndag i tillegg til ei laurdagsgudsteneste.

 

No comments:

Post a Comment