Wednesday, November 4, 2015

Ein søndag i Kunming

Eg er endå ikkje ferdig med Kina-turen. Dagen etter eg møtte dei funksjonshemma på laurdagsskulen, var eg med på 10-gudstenesta og 12-gudstenesta i samme kyrkja. Trinity Church i Kunming har fire gudstenester kvar søndag, og i tillegg har dei også ei gudsteneste på laurdag for folk som ikkje kan komme på søndag.

Eg fekk utdelt øyretelefonar så eg kunne få med meg den engelske tolkning. Eg tok dei ikkje på i starten, for eg trudde at det var berre sjølve preika som vart tolka, men det viste seg at alt vart tolka, også bønene. Det er berre 10-gudstenesta som blir tolka til engelsk. I juni i år starta dei også med eiga gudsteneste på engelsk for utlendingar som bur i Kunming, og for studentar og andre som kan engelsk. Den byrja klokka tolv, men først til 10-gudstenesta.

Kyrkja har fleire etasjer. Gudstenesta vart overført på storskjermar i tre etasjer. Her er eit utsnitt tatt ifrå 2. etasje. Totalt har kyrkja omlag 1.500 sitjeplassar.
Kan du gjette kva som var opningssalmen? "Notane" står over teksten. Tonearten og takta er gitt:
Eb i 4/4. Talet 1 er grunntonen. Den som er god i DO-RE-MI, kan vel finne melodien. 1 1 3 3, 5- 5- ,
6 6 6 6, 5- 3- osv. Ja, nettopp: Det er salmen "Hellig, hellig, hellig".

Eitt av dei 6-7 kora deltok med song. Når dei har så mange gudstenester og har korsong på kvar av dei, må dei også ha fleire kor, slik at dei også kan få ein "frisøndag" innimellom.

Denne søndagen hadde dei gjestetalar frå Korea. Han vart tolka til kinesisk, og deretter til engelsk på mine øyretelefonar.

Etter ein liten lunsjpause i underetasjen med medbrakt rundstykke og yoghurt, var eg klar for den neste gudstenesta, som altså var på engelsk.


Eit nytt kor stiller opp, og syng på engelsk. "God will take care of you". Dei fleste i koret er kinesarar.
Denne lille kvinna med det store hjartet som eg skreiv om i forrige blogginnlegg, sat trufast nede ved døra og bad også denne dagen. Ho forstår ikkje engelsk, men ho er med for å be. Eg skulle gjerne ha fortalt kyrkjemedlemmer her i Japan om henne, også. Kanskje ho kunne inspirere nokre japanarar til å gjere det samme?

Etter gudstenesta var det å finne ein buss tilbake til Bjørg si leiligheit, der det snart skulle kome gjestar. 
Heldigvis hadde eg Bjørg som guide, så vi fann rette bussen og rette inngangen til den rette blokka.
Dette er utsikta ifrå Bjørg si leiligheit. Ho har nokre tusen naboar. Dei som kom på besøk denne dagen, kom litt lenger ifrå. Ho kallar dei sin eigen familie. Dei skulle feire 44-årsdagen til sonen i familien. Det er forresten også han som eig leilegheita som Bjørg leiger, så han kjenner seg litt husvarm. Han tok likegodt over heile kjøkkenet.


Han trylla fram mykje godt. Sjølv om vi var seks personar som åt, hadde Bjørg og eg lunsj i fleire dagar etter av restane.
Her er vi alle: Fødselsdagsbarnet med mor, niese og søster, og vi to norske.

Til eit gjebursdagsselskap høyrer det også med kake. Men denne var ikkje heimelaga!

Søndagen starta med salmesong, og dagen vart også avslutta med kinesiske salmar.

Det var kjekt å få treffe nokre av vennene til Bjørg, ikkje minst dei ho kallar sin familie.


No comments:

Post a Comment