Saturday, November 7, 2015

Tid til overs

Det er laurdagskveld, og eg er heime åleine, utan noko spesielt eg må førebu til i morgon. Eg kan vel ikkje kalle det frihelg, for slikt har vi ikkje her i landet, men kanskje frilaurdag? Det har vore ein lite effektiv dag, og slik er det ofte etter ein sein fredagskveld med ungdommar i huset.
Eg har rekna ut at eg har jobba nok timar denne veka, så då kan eg vel ta det litt med ro.

I dag skulle eg eigentleg ha vore på Hiruzen på internasjonal haustweekend, men den vart dessverre avlyst på grunn av mangel på deltakarar. Ifjor måtte leiren avlysast allereie før vi annonserte han, for vi var for seint i gong med planleggjinga. I år starta vi tidleg å planleggje og har sendt ut informasjon til kyrkjene fleire gonger, i tillegg til sosiale media som Facebook, men likevel har vi ikkje fått noko napp. Studentar er anten opptatt eller har ikkje råd, eller dei er rett og slett ikkje interesserte.

Sidan vi for ei veke sidan bestemte å avlyse leiren, har eg hatt ei roleg veke utan så mykje førebuingar, Men det er no litt som skjer likevel.

La meg ta deg med gjennom veka. Det øverste biletet er frå ein av soldagane med blå himmel. Biletet er tatt frå brua eg oftast går/syklar/køyrer over. Joggeløypa mi går på begge sider av denne elva.

Måndag var eg på ein liten fjelltur igjen.
 Eg har fått meg nokre turveninner som også har fri på måndag. 

454 m.o.h. er ikkje så mykje å skryte av, og eg treng ikkje å nemne at vi køyrde det meste av vegen, sidan vi ikkje fann nokon parkeringsplass eller sti lenger nede... Men det var ein spennande køyretur.

Japanske fjell har mykje tett skog, men vi fekk litt utsikt.

Eg fekk også med meg ein fin solnedgang på veg heim.


Sjølv om det ikkje vart leir på Hiruzen denne helga, fekk eg meg ein tur dit på torsdag. Då var det styremøte for leirstaden. På vegen er det også litt å sjå. Eg var så heldig å treffe på desse andungane.

No fekk eg føye til ein til samlinga mi. Sjå blogg tidlegare: Slikt finst vel ikkje i Norge?

 Hiruzen har flotte haustfargar no.



Også på heimvegen var det litt å sjå.
Eg har aldri før sett ein paraglider på den japanske himmelen. Det viste seg å vere ein motordriven paraglider.


Vestover mot Matsue var det ein nydeleg kveldshimmel. Det passa veldig bra å få stoppe på raudt lys akkurat her.

Så er det blitt fredagskveld. Denne gongen slapp eg å lage maten åleine. Ei av studentane hadde ansvaret for middagen, og eg hjelpte til. Ho skar løk, medan eg skrella poteter.
Ei stor gryte med japansk lapskaus, nikujaga ("kjøt og poteter"). Med ris i tillegg. 

Ikkje alle har like god trening med pinnane, så eg hadde også lagt ut skeier på borda. Likevel er det somme som insisterer på å bruke pinnar.

Vi var ein ganske internasjonal flokk i går, også, men eg er mest glad for dei fem japanske studentane som kom. Utlendingane er alle kristne, men ingen av dei fem japanske jentene er døypte. Ei av dei (ho som sit attmed meg) har tatt imot Jesus som Frelsar, men ho får ikkje lov av foreldra til å bli døypt før ho har byrja i jobb. Dei andre er meir eller mindre interesserte i Bibelen. Nokre av dei kjem kanskje først og fremst for å snakke engelsk.

Søndag 15. november kan du treffe meg ilag med desse ungdommane på Sjøholt bedehus kl 12.00! Det blir via internett, men likevel ganske levande. Krinsungdomskoret "Kairos" skal ha øvingshelg på Vestheim ungdomssenter neste helg. Dei har valt prosjekt for Japan dette året. I samband med øvingshelga skal dei over fjellet til heimbygda mi Sjøholt den søndagen. Difor vart eg utfordra til å sende ei videohelsing på Skype. Under bibelstudiet i går kveld tok eg ein runde rundt ved dei tre borda med gruppesamtalar, og etter bibelstudiet laga eg ein annan video der kvar enkelt kjem med ei helsing. 
Dersom du bur i nærleiken av Sjøholt, bør du ta deg ein tur for å sjå og høyre ungdommane både i Kairos og på Bible Club! Kanskje du får meir å be for, og takke for?

I morgon er jobben min å ha med meg ein student eller to i kyrkja. Om kvelden skal eg delta på "World Chat Party" (prateparty) på det internasjonale senteret her i byen. Der bruker det å vere god mat og høgt lydnivå, Eg blir ganske trøytt av å vere der i 3 timar, så det kan vere godt å slappe av litt på førehand. Dette er ein plass for å få nye kontakter. Det er mange japanarar som kjem for å snakke med utlendingar. Kanskje kan eg også få invitere nokre til julekonserten vi skal ha 5. desember.


God helg!



No comments:

Post a Comment