Wednesday, November 4, 2015

Ein søndag i Arashima

Sist søndag køyrde eg to gonger til Arashima kyrkje. På føremiddag var det Allehelgensgudsteneste. Bilete av avdøde kyrkjemedlemmer var stilte opp framme i kyrkja.

Namn og dødsdato vart også kunngjort, både munnleg og skriftleg. Eg tenkte at mellom dei to siste namna skulle mamma sitt namn ha stått...

 Også familiemedlemmer som ikkje går i kyrkja til vanleg, møtte opp denne dagen. For japanarar er det viktig å minnast og ære dei døde.

Desse borna kjem i kyrkja til vanleg. Denne dagen var dei der også til minne om bestefaren sin.
Etter gudstenesta var det minnestund ved urnekapellet, som ligg omlag 10 minutts gange frå kyrkja.


På veggen til kapellet står Jesu ord i Joh. 14,6: "EG ER VEGEN, SANNINGA OG LIVET. JESUS KRISTUS." Dette kapellet ligg i hjørnet av ein større buddhistisk gravplass. Dette er einaste plassen i området som har kors på grava.

Etter gudstenesta var eg heim og førebudde engelsk tolkning til ungdomsgudstenesta seinare på dagen. Det var ei god hjelp at eg hadde høyrt preika på føremiddagen.

Denne ettermiddagen og kvelden var vi fleire utlendingar enn japanarar. Men for første gong i den over 3 år lange historia var det ein ungdom frå Arashima kyrkje som var med. Og ho såg ut til å stortrivast. Ho har funne plass på fremste rekkje.



Etter gudstenesta var det middag for alle. Denne karen frå Nigeria har bytta ut pinnane med gaffel.


Det meste blir avgjort med "stein-saks-papir" (janken).

Vi hadde ei fin blanding av japanarar og utlendingar, kristne og ikkje-kristne. Eg kan telje 8 nasjonalitetar her: Japan, Kina, Nigeria, Mosambik, Kenya, Salomon-øyane, USA og Norge.
Dei aller fleste er studentar ved universitetet i Matsue.

15. november er det internasjonal gudsteneste her i Matsue, og eg håper at både desse og mange andre finn vegen dit. Idag byrja eg førebuingane, så eg trur eg skal komme i mål. Heldigvis skal eg ikkje preike denne gongen, men eg skal tolke frå japansk, og det er også ein jobb. Eg ser det som strategisk å gi frå meg litt av mine oppgåver etterkvart og la andre villige sleppe til.

I morgon går turen til Hiruzen Bible Camp på styremøte. Der skulle eg også gjerne ha gitt ifrå meg plassen min med glede...

No comments:

Post a Comment