Tuesday, November 24, 2015

Øver til julekonsert og fengselsbesøk

Det nærmar seg advent, og første laurdag i desember er det felles julekonsert for alle kyrkjene i Matsue og omegn. I år har vi fått med ein ny tenor, ein student ifrå Kenya. Begge pianistane støttar også tenorane når dei sjølve ikkje spelar.
Presten i Arashima, Junichi Ishimaru, er ein av dirigentane. Eg er den andre dirigenten. Også i år er det Ishimaru som tek seg av Halleluja-koret. Søndag 29. november er siste øving før den store dagen, så det er ei viktig øving.
Årets konsert er nummer 13 i rekkja. Når eg reknar etter, har eg allereie vore med på 8 av dei.


Her er eit par glimt frå øvinga den 15. november.
I tillegg til den store julekonserten skal koret også vere med i Matsue fengsel og synge i år. I fengslet får både buddhistprestar, shintoprestar og kristne prestar gi tilbod til fangane om samtale og undervisning. Ein luthersk prest, pinsepastoren og den katolske pateren går her kvar sin gong. Julemøtet har dei ilag. I år har dei fått tildelt til saman 20 minutt, som skal innehalde andakt og song. 

Fengslet ligg berre omlag 1 km frå der eg bur. På veg til Arashima kyrkje køyrer eg alltid forbi fengslet. Då tenkjer eg ofte på korleis dei har det dei som er innanfor murane der. Det blir spennande å få vere med å synge for dei. Datoen er 9. desember. Fleire av fangane ønskjer å møte ein kristen prest og har regelmessige bibelstudium. For nokre år sidan var talaren på julekonserten vår ein tidlegare fange. Han hadde møtt Jesus i fengslet og kalla Matsue sin andre heimplass.

Den årlege julekonserten eit arrangement som er lett å få med ikkje-kristne til. Be om at mange må bli inviterte, og at vi kan nå mange kyrkjeframande med jula sin bodskap i ord og tonar!

No comments:

Post a Comment