Monday, January 29, 2018

- Kom og sjå!



Forrige veke var eg ein del på farten. I samband med eit styremøte i Kobe la eg inn eit besøk hos Karoline og Marius. Det var kjekt å sjå korleis dei hadde det og høyre litt ifrå kvardagen med japansk-studiane, få råd og hjelp om teknologiske ting, og få revidert eit par små rekneskap. Alle tre på biletet er utsendingar frå Region Nordvest.

Det var kaldt i Kobe, men det var endå meir vinter i Matsue då eg kom heimatt. Vêrmeldinga på yr.no sa minus 2, som kjennest som minus 10, men eg heldt iallfall varmen då eg gjekk heim frå stasjonen.

Neste dag var eg på ein liten fotorunde igjen.




Fredag var det igjen dag for Bible Club. Det er eit styr å førebu og få med seg alt, men eg har iallfall bil til å frakte mat og bibelstudiemateriell.
Her er flyttelasset denne fredagen. Det var ikkje bruk for kjølebag for å halde maten kald i dette snøvêret, men eg brukte kjølebagen til å halde maten varm. 




 Her kan vi også synge utan at nokon blir forstyrra. Alle har songteksten på smarttelefonen. Ganske smart.

Bibelstudie og samtale i grupper

Bible Club i Matsue har fått ein avleggar i nabobyen Izumo! Første samling var på laurdag. De hugsar kanskje Grace, den kinesiske jenta som kom til Matsue for å ta mastergrad, og som møtte Jesus gjennom Bible Club. Her er ein video der Grace i samtale med Gunnar Urstad fortel kva Bible Club har betydd for henne og kvifor ho ville bli ein kristen.

Klikk på linken:

Video med Grace 


I tillegg til å møte Jesus, møtte ho også Chad i Matsue, ein student frå USA. Dei vart døypte ilag eit år før dei gifta seg. No bur dei i nabobyen Izumo, der Grace held på og avsluttar doktorgraden ved det medisinske fakultetet. Då eg traff henne før jul, sa ho: "Eg har lyst til å starte Bible Club!"
Eg lovde å hjelpe dei i gong, og fekk kombinere det med at eg skulle til Izumo kyrkje neste dag, så eg fekk overnatte hos dei.
 Her er flokken som kom på første Bible Club hos Grace og Chad. Grace hadde invitert nye studentar frå Kina. Alle hadde med seg sin eigen mat, og det såg ut til å fungere greitt (sjølv om eg hadde håpa å få smake litt kinamat...). Tre av dei kinesiske studentane hadde aldri opna ein Bibel før. Den fjerde hadde studert i Tokyo før han kom hit, og var blitt ein kristen der. 
Vi las og snakka om Sakkeus som møtte Jesus. Dei to jentene tok med glede imot kvar sitt Gideon-NT på engelsk og japansk, som dei tok med heim.
Neste gong blir 9. februar, og då vil Grace og Chad prøve å leie bibelstudiet åleine, samme kveld som vi også samlast i Matsue.
Allereie før Grace vart ein kristen, fekk ho med seg venner i kyrkja og på Bible Club, og no er det endå meir om å gjere for henne. Til sommaren flyttar dei til USA, så det er ei viktig tid no framover. Du som ber, hugs på Bible Club-avleggaren i Izumo!

Igår var teksten på søndagsskulen frå Joh. 1 om Jesus som kalla dei første læresveinane. 
- Kom og sjå! Det var Jesus som sa det først, då Andreas og Johannes lurte på kvar han budde. Dei følgde med og fekk ein uforgløymeleg kveld. Dagen etter fortel Andreas bror sin Simon om kva han har opplevd og får han med til Jesus. 
Filip er ein annan kar frå samme by som dei to brørne, og Jesus kallar også han til å bli læresveinen hans. Filip finn så ein kamerat, skeptikaren Natanael, som sit under eit fikentre. 
- Kan det kome noko godt frå Nasaret? spør han tvilande, då Filip fortel at han har møtt han som profetane har skrive om, Jesus frå Nasaret. 
- Kom og sjå! seier Filip. I staden for å argumentere, tek han med seg kameraten til Jesus, og skeptikaren blir overtydd om at det verkeleg kan kome noko godt frå Nasaret!

Det var min tur å ha andakta, og eg hadde prøvd meg på nokre fyrstikkfigurar. "Kom og sjå!", seier Filip.

- Skal tru kva Natanael gjorde der under fikentreet? spurde eg.
- Kanskje han åt fiken? var det ein som føreslo.
Ja, kanskje det.
Men han vart med, og det vart starten på eit nytt liv for han.


Her er det Filip i midten som får med seg Natanael til Jesus.


Som avslutning på andakta fortalde eg om Grace, som hadde møtt Jesus og som seier til vennene sine: "Kom og sjå!"
Pastorparet hadde vore ute i snøføyken og delt ut lappar til skuleborna på veg heim frå skulen. Pastor Seima fortalde at det var så sterk vind at lappane bles bort viss ikkje dei vart tatt imot med ein gong. Det er kanskje derfor det heiter "flygeblad"...

Her blir borna inviterte til "mochi party". Mochi er seige riskaker, som er ganske populær mat om vinteren. Etter song, andakt og leik vart det servert mochi med mange forskjellige smakar dei kunne ha på toppen. 

Der var to gutar og to jenter som eg ikkje hadde truffe før. Gutane var i kyrkja for første gong.




 Ein gut har forsynt seg med sjokolade, sjokoladesaus, vaniljekrem og raud bønnemasse som tilbehør.

Det var rikeleg med mat, men mykje til overs. Dei hadde nok håpa på at fleire barn ville kome.
Etter gudstenesta var det restar til dei vaksne, og eg fekk også smake etter kveldsgudstenesta. Men når eg tenkjer på at dette eigentleg var laga til for at mange barn skulle kome i kyrkja og få bli kjent med Jesus, burde det gi ein liten bismak i munnen. Men vi er glade for kvar enkelt ny som kjem. Kanskje dei to gutane som kom for første gong, også vil seie "Kom og sjå!" til kameratane sine?

Vil du bli betre kjent med pastorparet Seima i Izumo kyrkje, kan du slå opp på Japansidene i den nye Prosjektkatalogen og lese intervjuet med dei. Katalogen skal vel snart vere ute til Utsynabonnentane, og forhåpentlegvis vere tilgjengeleg også på nett om ikkje så altfor lenge.


Tuesday, January 16, 2018

- Syng lovsong, heile jorda!

Godt nyttår! Vinteren har vore her sidan sist eg skreiv. Forrige veke hadde vi til og med nokre minusgrader, så snøen vart liggande eit par dagar. Og det måtte eg sjølvsagt nytte. Det er første gong eg har gått på ski to dagar på rad her i byen!
Det måtte sjølvsagt dokumenterast. 

Dette er frå parken rett framfor leiligheita mi. Bilen min står i bakgrunnen.

Men søndag ettermiddag såg det slik ut i parken der eg hadde hatt nokre rundar på ski dagen før. Her skiftar det fort, - akkurat som på Sunnmøre.

På grunn av snø og kulde, vart bønnemøtet torsdag avlyst fordi eldre folk er redde for å gå ut, og fredag føremiddag utsette eg bibelklassa ei veke fordi fleire av damene er redde for å køyre når det er glatt. Likevel har eg hatt nok å gjere. Innimellom dei små skiturane hadde eg Bible Club på fredag og førebudde den internasjonale gudstenesta vi hadde søndag kveld.

Sist fredag hadde studentane undervisningsfri fordi universitetet var lokale for opptaksprøver. Dermed kunne vi starte tidleg, så vi var ferdige til kl 21. Vi var heller ikkje så mange, så eg trur ikkje vi forstyrra naboane noko særleg.

Tema for den internasjonale gudstenesta var "Syng ein ny song", med utgangspunkt i Salme 98:

  Syng ein ny song for Herren,
          for han har gjort under!
          Hans høgre hand og heilage arm
          har gjeve han siger.
            
   Herren har gjort si frelse kjend,
          openberra si rettferd for auga på folka.

 Ein engelsklærar frå USA køyrde fleire timar for å vere ilag med oss.


 Ei jente frå Sør-Afrika er i Matsue som engelsklærar, og deltek med tekstlesing.

Denne gongen hadde eg spurt pastor Kajinishi i Matsue kyrkje om å tale. Dei som ikkje forstår japansk, fekk utdelt engelsk omsetjing.

 

Lovsongen var på mange språk. Ei av masterstudentane kjem frå Eritrea, og ho lærte oss ein song på sitt språk tigrina, som du kan høyre her:
Song på tigrina

Vi øvde også inn "Laudate omnes gentes" på fire språk, som du kan høyre her:
Syng lovsang hele jorden

Her er ei av lovsongsleiarane.
 



Etter gudstenesta var det tid for prat over ein kopp te:

 
Kristne utanlandsstudentar og engelsklærarar har funne sin plass her og tek del i gudstenesta på ulike måtar. Nokre kristne japanske ungdommar er her, også. Av desse fire var to tekstlesarar, ein var kollektør, og den fjerde leia gudstenesta.
 
 Fleire japanske studentar vart også med. To av desse har endå ikkje sagt ja til Jesus, men dei er interesserte. Ein av dei vart så nysgjerrig på Jesusfilmen som vi såg ein del av på Bible Club at han ville finne heile filmen og sjå han.

Syng lovsong, heile jorda! Måtte endå fleire få del i den nye songen!
 

Heilt til slutt; eg har ikkje fått meg katt, men eg var på fotoutstilling med kattar frå mange land, og denne fekk eg bli fotografert ilag med.