Thursday, February 2, 2012

Kvar vart det av dei?

Studentarbeid på lang sikt


Han seier sjølv at han var som Jona, som rømde ifrå Guds kall. I april i år startar han som lagssekretær.

Vi kalla han berre ”Bucchi”, men eigentleg heiter han Ryosuke Ikebuchi. Han var ein av studentane eg vart kjend med den tida eg arbeidde blant studentar i Osaka, i tidsrommet 1998-2004. Kvar har det blitt av alle desse?

I nyheitene i Norge har det vore ein del fokus på alle som var med i kristen samanheng i ungdomstida, men som har kome bort frå Jesus. Det finst dessverre mange slike her i Japan, også, men idag har eg lyst til å setje fokus på dei som er blitt bevarte og utrusta til teneste i løpet av studietida.

Kjende fjes på Facebook
Facebook er eit godt hjelpemiddel for å oppspore gamle kontakter. Lagssekretæren som eg arbeidde ilag med i Osaka-tida, legg stadig vekk ut bilete og oppdateringar frå arbeidet med studentane, og kjende namn og bilete av studentar frå mi tid dukkar også ofte opp. For ei tid sidan presenterte han desse på biletet ovanfor. Nummer to ståande frå venstre er Ryosuke. Han er no ferdig utdanna teolog, og ifrå april i år blir han tilsett som fast arbeidar i Laget.

Som Jona
Ryosuke var ein av omlag 8000 studentar ved Osaka City University, eitt av dei vel 40 universiteta i Osaka. Han var ein kristen, men ville helst ikkje engasjere seg. Han visste at der var eit kristent studentlag, og han visste at han skulle ha blitt med der, men han gjorde ingenting for å oppsøkje det. Heller tvert imot.

- Eg var som Jona, som rømde frå Guds kall. Han gjekk i motsett retning av der Gud hadde gitt han beskjed om å gå. Eg rømde også slik som Jona, hugsar eg Ryosuke innrømma i ei andakt han hadde på ein leir. Men Gud fekk tak i Jona att, og han fekk også tak i Ryosuke. Der var ein annan student som bad. Og det hadde han gjort allereie i to år. ”Gud, send nokon!” Guten som bad, heitte Hidetaka. For nærmare 10 år sidan laga eg eit intervju med Hidetaka for Ungdom&Tiden, og faktisk fann eg det igjen i arkivet mitt! Her er eit utdrag:

Akiramezu!
Har du nokon gong hatt lyst å gi opp fordi ingen kjem på lagsmøtet eller på ungdomsklubben? Kanskje eit møte med ein japansk student kan verte ei oppmuntring for deg. ”Akiramezu! Gi ikkje opp! Også når du ikkje ser svaret, arbeider Gud!” seier Hidetaka (23). Han veit kva han snakkar om.

Blant venner vert han kalla Hide-kun. Ein veldig grei, smilande og koseleg ungdom. Må vere svigermors draum, tenkjer eg.

- Allereie før eg vart døypt, visste eg at eg ville tene Jesus. Eg kunne ikkje tenkje meg noko anna enn å leve for Gud. Siste året på ungdomsskulen bestemte eg meg for å gi livet mitt til Jesus.

Men det gjekk fleire år før Hidetaka fekk klarleik i kallet og våga å snakke med nokon om det. På studentlagsleiren sommaren -99 fekk han ta det avgjerande steget. Eg hugsar han frå seminar-gruppa der vi snakka om misjonærkall. Etter eit kveldsmøte måtte han finne ein plass han kunne vere heilt åleine med Jesus. Der svarte han ja til kallet.

Før eg reiste til Japan, lærte eg om noko som heiter GMT; Good Missionary Training. Det verkar som om også Hidataka har fått ein porsjon GMT. Han fortel stillferdig om korleis Gud har gitt han tolmod til å føre vidare kristengruppa ved universitetet. Men dette tolmodet har mange gonger blitt sett på prøve. For denne gruppa bestod lenge i berre éin medlem, og det var han sjølv.

Hidetaka er aktiv i KGK, som er den japanske versjonen av NKSS. Då han kom til universitetet, leita han i orienteringa om der var noko kristengruppe, og han fann eit namn som han ringde til. Då viste det seg at han var eit bønnesvar! Året før hadde der vore to medlemer, men no var der berre ein 4. årsstudent att.

-Våren då eg starta på 2. året, var tung. Plutseleg var eg blitt att åleine. På leiren i vårferien bad vi for studentgruppa vår. Det var ikkje anna å gjere enn å overlate alt til Gud. Klubbrommet kjendest altfor stort der eg sat åleine. ”Gud, send nokon!” bad eg. Det hende nokon var innom, men elles var det berre eg. Også 3. året heldt fram på same måten. Av og til kome der ein, og det var godt å kunne be ilag, men oftast var eg der åleine.

I fjor, då Hidetaka byrja på 4. året, kom han i kontakt med ein kristen 2. årsstudent som byrja å kome fast og som etterkvart fekk med seg to 1. årsstudentar. No samlast dei ein dag i veka til bibelstudium og elles fleire gonger for veka et dei lunsj ilag. Namnet på klubben har dei forandra frå ”Bibellesingsmøte” til ”Jesus Freak”. Målet deira no er å få fem nye medlemer. Og dei ønskjer å få fleire ikkje-kristne med.

Kristengruppa kan halde fram fordi ein student var trufast og heldt ut to år meir eller mindre åleine. Gjennom dei erfaringar han har gjort, vil han gjerne oppmuntre deg som strevar, som kanskje er åleine kristen:

- Gud arbeider. Han vil arbeide også der du er. Så gi ikkje opp! Også når du ikkje ser svaret, arbeider Gud! Difor: AKIRAMEZU!

Så langt Ungdom og Tiden ein gong tidleg på 2000-talet.

Guds svar
Bønene til Hidetaka fekk svar. Litt etter kvart vaks gruppa. Det var berre gutar i starten, så dei byrja faktisk å be om jenter!


Dette biletet er frå ein julefest ved Osaka City University i 2002. Ei ganske mannsdominert forsamling, som de ser. I dette rommet var det Hidetaka hadde lagsmøte åleine i to år. På ein fast dag kvar veke kom han hit og las i Bibelen, spela gitar og song, og han bad: ”Gud, send nokon!”

Nokre av studentane tilhøyrer andre universitet, men likevel var gruppa blitt ganske stor.


Her er gruppa som har vakse fram til 2002, oppstilt i rekkefølgje etter når dei vart med. Bakerst til venstre er Hidetaka. Nummer to i gruppa, Ryosuke, står attmed han. Den siste i rekkja, framme til høgre, dreg kanskje nokre av dykk kjensel på. Ja, det er Naoto, som var til Norge både sommaren 2002 og vinteren 2010. Han vart døypt nokre månader etter at dette biletet vart teke.

Kvar er det så blitt av alle desse? Eg har ikkje oversikt over alle på biletet, men det eg har funne ut, er at Hidetaka studerer teologi i Canada, to av dei andre gutane er allereie ferdig utdanna og arbeider som prestar, og Naoto er ein kristen fysikklærar på vidaregåande og aktiv i vår kyrkje i Kita-Osaka og song-og musikkarbeidet i WJELC.

Det er spennande å sjå studentarbeidet i eit lengre tidsperspektiv. Det kan også inspirere i arbeidet eg står i no. Ein dag skal vi kanskje få sjå overraskande resultat! Det gjeld berre ikkje å gi opp, som mottoet til Hidetaka var: ”Akiramezu!”

No comments:

Post a Comment