Monday, February 28, 2011

Ein vanleg søndag?


Eg har fått hint om at eg skriv for mykje om Bible Club og at folk saknar meir om arbeidet i kyrkja. Så i dag tenkte eg å gi eit lite glimt ifrå søndag i kyrkja.
Både barn og vaksne sit med opne Biblar og høyrer på preika, og fleire noterer også.


Under kunngjeringane syng vi "Happy birthday" for dei som fyller år i veka som kjem. Er vedkomande til stades, får dei mikrofonen oppi handa for å seie eitt eller anna. Her er det Hiromi Kato som fortel korleis livet som småbarnsmor har vore siste året. Er ikkje gjebursdagsbarnet til stades, ber leiaren ei bøn for han eller henne.


Etter gudstenesta tek folk seg god tid til å slå av ein prat.
Dei søndagane eg er i Matsue kyrkje, hentar eg den nigerianske familien før søndagsskulen kl 9. Lille Joseph seier "church" når eg kjem og hentar dei, og i går peika han på meg ved orgelet og kalla meg "church".


Desse tre jentene har de kanskje sett bilete av i Utsyn, men dei stiller gjerne opp til ny fotografering. Dei to til venstre er søstre. I april skal begge byrje på ny skule, og er veldig spente på det. Minami til venstre skal byrje i ungdomsskulen, og Tomomi i midten skal byrje på vidaregåande. "Eg er meir spent på kva slags folk eg kjem i klasse ilag med enn kva for ein skule eg kjem inn på, " seier Tomomi.

Lat desse tre jentene stå som representantar for unge som vil høyre Jesus til. Det er ikkje så mange av dei her i landet. Når eg sit på gudsteneste tenkjer eg ofte at eg burde ikkje ha vore her åleine. Mi oppgåve er også å få med meg nokon i kyrkja, men vegen dit synest å vere lang for mange. Å kome på Bible club heime hos meg er meir ufarleg. Men ein av studentane har lova å kome i kyrkja neste søndag, sidan det er siste gong han har anledning før han flyttar ifrå Matsue.

Det var tidleg slutt i kyrkja i går. På ettermiddagen hadde eg to unge damer her på vafler og bibelstudium, og klokka 19 høyrde eg radiogudstenesta på nrk nettradio på direkten, så eg fekk ganske mykje utav søndagen.
Men det er i kvardagen vi skal leve ut det vi har fått på søndagen.

No comments:

Post a Comment