Monday, August 22, 2011

Med NSB til Japan


Det har vore lite aktivitet på bloggen min siste månaden. No sit eg på toget og nærmar meg Oslo. Det er fint å reise med tog, ikkje minst når eg har både straumuttak til PCen og mobilt breidband. Det er nesten så eg gløymer å sjå på den flotte naturen utanfor vindauga.
Eg har hatt nokre gode veker i Norge, sjølv om eg av og til har sakna litt av varmen vi har i Japan. Men idag skin sola her, også.
Takk til alle eg fekk møte i løpet av desse vekene. Og til dykk som ikkje fekk besøk: Vi får prøve å ta det igjen neste år.
Takk fordi du vil vere med i misjonsarbeidet i Japan.

Ferien i bilete kan du sjå på lenkja under:
Facebook Album Sommarferie i Norge

I morgon tidleg reiser eg frå Gardermoen, og onsdag morgon den 24.8 er eg etter planen tilbake til Japan, medan folk i Norge framleis ligg og søv.

Så er det påatt igjen, med Bible Club fredag, gospeløving laurdag og gudsteneste søndag. Halve kofferten er fyllt opp med brunost, sjokolade og andre gåver. Men den største gåva eg har å gi japanarane, er bodskapen om frelse ved Jesus Kristus.

2 comments:

  1. Takk for besøket og velkomen igjen neste sommar. Trur eg var heldig som i det heile tatt fekk sjå deg :-) Du var visst ei ettertrakta dame å få besøk av.
    Godt internett finst, så kan vi ha litt kontakt medan du er i Japan også. Lykke til med oppstart!! God tur!

    ReplyDelete
  2. Ja, Sigrid, du må forstå at du er av dei "utvalde":)
    No er eg klar for senga. Opp tidleg i morgon også. Takk for at du vil vere med meg til Japan!

    ReplyDelete