Saturday, July 2, 2011

Sendai, - høyrest det kjent ut?


Eg har meldt meg på eit team som skal opp til Sendai neste veke for å hjelpe i opprydningsarbeidet etter jordskjelvet og tsunamien. Det er framleis rikeleg arbeid i lang tid framover. Eg berre angrar på at eg ikkje melde meg tidlegare, medan det var forholdsvis bra temperatur. No er det rundt 30 grader der oppe også, og vi må jobbe med langerma og langbukser, og støvlar (eg bruker fjellskoa mine) med ekstra solar for ikkje å få spikar under foten, pluss tjukke gummihanskar, maske og hjelm eller caps. Får nesten pustebesvær berre ved tanken...


Eg reiser oppover måndag 4., skal jobbe 5. og 6., på synfaring til det verste området den 7. og reiser heim fredag 8. Er takknemlig for forbøn! Vi skal overnatte i Sendai Lutherske kyrkje, men det er to timar å køyre til dit vi skal jobbe, så avreise kl 6 kvar morgon...

Kjenner meg ikkje høg i hatten, men samtidig godt endeleg å få gjere noko konkret. Hadde dårleg samvit også etter skjelvet i Kobe-området, fordi eg ikkje hjelpte til, men berre tenkte på meg sjølv. Og denne gongen er behovet endå større. Eg høyrde to prestar som understreka behovet i talar sist søndag, og eg fekk vite at to jenter også skal oppover no, så då tenkte eg at kanskje eg også kan gjere litt nytte for meg...

Så eg tenkte: Er det framleis plass i bilen, tek eg det som eit teikn på at eg skal vere med. Søndag kveld sende eg mail til pastor Kawa, som er leiar for teamet, og etter at han ringde måndag morgon, har det gått slag i slag.
Forsikring er ordna, og eg har kjøpt hjelm, vernebriller, maske og arbeidshanskar. Påkledninga vart prøvd ut i går.

No håper og ber vi berre om brukbart arbeidsvêr. Blir det for mykje regn, er det vanskeleg å jobbe. Be også om krefter, både fysisk og psykisk. Det vil nok bli ei påkjenning berre det å vere der og sjå...

Til slutt vil eg dele med dykk litt ifrå Bible Club igår. Her er ein video ifrå teksten om den rike unge mannen som kom til Jesus. Han gjekk dessverre like fattig heim igjen som då han kom.


I slutten av albumet nedanfor kan du sjå fleire bilete frå samlinga i går kveld:
Bible Club Fotoalbum

1 comment:

  1. Lykke til!

    Eit viktig arbeid..
    Må Gud vere med deg der også..

    klem

    ReplyDelete