Thursday, December 29, 2011

Impulsivt bibelstudium



- Å, kan eg få ein Bibel? spurde ein av kinesarane med det samme han kom inn døra og såg bunken med Gideon-NT eg hadde lagt igjen då eg rydda og la på juleduk. Så godt at eg ikkje hadde rydda vekk heile bokbordet mitt.

Den andre kinesiske guten ville også gjerne ha eit nytestamente. Det var lillejulaftan, og studentane hadde vore med Carmella på julefest i Matsue Gospel Church, og så kom dei til meg på ope hus etterpå. Først fekk eg dei til å pynte juletreet mitt. Sidan dei hadde høyrt preike i kyrkja, hadde eg ikkje lagt opp til noko bibelstudie, men sette fram det eg hadde av julekaker. Av mangel på lefser vart det havrekjeks med heimelaga søst, og det gjekk godt an!


I 22-tida, etter at Carmella og ei av studentane var gått, seier plutseleg ein av kinesarane: "Vi vil studere!" og løfta nytestamentet i veret. "Ja, det vil eg også," sa den andre, så då vart det ein times bibelstudium utifrå juleevangeliet, på kinesisk, japansk og engelsk. Snakk om ivrige folk! Den eine av gutane var første gong på Bible Club hos meg fredagen før, og han hadde fått med kameraten sin, som var her for første gong. Den første hadde fått eit NT veka før, men no skulle han ut og reise og hadde gløymt nytestamentet på hybelen. Så han spurde om han kunne få låne med seg eitt på nattbussen til Kyoto, så han også kunne lese i nyttårsferien!



Om morgonen 24. desember var det kvitt ute. Eg trur eg hadde meir snø her enn dei hadde heime på Sunnmøre.


Ei av dei eg hadde som gjest i fjor til julaftan, heldt meg med selskap denne ettermiddagen og kvelden, også. Etter ein norsk middag (utan juleribbe, men MED surkål!) gjekk vi i kyrkja på lysmesse. Ein av dei to kinesiske gutane som var her kvelden før, vart også med i kyrkja.


Tomomi går første året på vidaregåande og spelar i korps. Her spelar ho for første gong i kyrkja. Flott med ekstra hjelp til salmesongen!


Men skulebøkene er med også i kyrkja, på julaftan! Medan ho ventar på at resten av familien skal bli ferdig med kyrkjekaffien, gjer ho lekser.

Og faget? Ser ut som om det er kjemi...

Så er det blitt juledag, og tilbake til kyrkja. Men som travelt opptatt organist og akkompagnatør, vart det ingen bilete frå gudstenesta og festen etterpå. Tre studentar kom og vart med på julegudstenesta, og fleire frå bibelklassa eg har for vaksne, kom også på lysmessa julaftan, og nokre på juledagsgudstenesta. Det er folk vi ikkje ser i kyrkja elles anna enn dei fredagane når vi har engelsk bibelklasse.


På ettermiddagen vart eg med Carmella og ei kinesisk jente til Yonago på julefest for den engelske bibelgruppa der. På veg heim køyrde vi i delvis snøkave og haglbyger. Då kjende eg meg skikkeleg norsk! Den kinesiske jenta sa at dette året var første gong ho hadde opplevd skikkeleg jul. For ho hadde vore på to gudsteneste og ein julefest der ho hadde fått høyre julebodskapen. Det var ei innhaldsrik julefeiring, meinte ho.

2. juledag heldt vi fram med juleselskap for Bible Club. Alle studentane som kom, hadde med seg mat, så det vart ganske variert, frå taco til takoyaki (små bollar med blekksprut inni). Bibelstudiet denne kvelden var historia om the Candy Cane, den raude og kvite staven som ofte blir brukt som julepynt og godteri iallfall her i landet.


Alle har fått utdelt eit ark med den engelske teksten, og vi går gjennom ei og ei setning som dei omset til japansk. J for Jesus, og held du J-en oppned, blir det ein hyrdingstav. Det minner oss om kva Jesus sa om seg sjølv, og som vi har lært utanatt her på Bible Club:


Ja, kva var det eigentleg som stod i Joh. 10? "Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene."


Eg hadde ikkje nok hyrdingstavar til alle, men desse to var dei heldige vinnarane.
Alle fekk med seg heimatt historia om søtsakene som skal minne oss om Jesus. Kvitt for hans uskuld, og raudt for blodet som rann for oss då han døydde for syndene våre.

Etter ei intensiv julefeiring har det vore godt å ha 2-3 dagar berre for meg sjølv. Juleposten på e-mailen minkar etterkvart, men der er framleis ein del eg ikkje har opna. Idag har eg førebudd songar til nyttårsleiren og bibel-og songkonkurransar til jule-og nyttårsfesten for tenåringsgruppa i morgon.

4 comments:

  1. Spennande å lese og sjå, Inger :) Såg ut som ei flott julefeiring, men det viktigaste i fokus. Det med godteriet viste eg heller ikkje, artig :) Må du ha ei god feiring vidare og eit godt nytt år!

    ReplyDelete
  2. Hei, Ingrid! Så artig at du følgjer meg. Du får vise bloggen min til besteforeldra dine! Hels så mykje. Reknar med dei har fått julebrev, men det er utan bilete.
    No må eg snart gjere klart til neste juleselskap...

    ReplyDelete
  3. Godt nytt år!
    Slit med bronkitt og ligg for det meste..
    Vonar du får vere frisk og rask!

    ReplyDelete
  4. Godt betring, Sigrid!
    Jau, eg er frisk, om ikkje så rask...

    ReplyDelete