Sunday, April 7, 2013

Påske med dåp og konfirmasjon


Det har allereie gått ei veke sidan påskedag, men det har gått mykje i eitt med besøk og misjonærkonferanse, så det har vore lite tid og overskot til blogging.

Ei veninne av meg, som ikkje ønskjer namnet sitt på bloggen, fekk endeleg draumen sin oppfylt.  Draumen var eigentleg å få full neddykking, for å vise at ho vil starte eit nytt liv med Jesus, men sidan det ikkje var blitt så veldig varmt i sjøen enno, vart det litt mindre vatn. Uansett, det er ikkje mengda vatn som betyr noko. Her blir ho døypt i namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, etter å bekjent trua på den treeinige Gud.

Jesu brud
Tre studentar frå Fjellhaug er på studietur i Japan, og dei fekk også vere med på dåpen.

Nokre av kyrkjemedlemmene var også møtt opp til dåpen.
Etter dåpen var vi med på søndagsskulen i kyrkja, og deretter var det påskegudsteneste med konfirmasjon. Konfirmanten på 10 1/2 år hadde sett broren bli konfirmert på nyttårsdag, og no ville han også bekjenne at han vil høyre Jesus til.

Så blir "dåpsbarnet" og konfirmanten presenterte for kyrkjelyden og får del i velsigninga.

Her får vi helsing frå den nydøypte. Dagen før hadde familien hatt ein buddhistisk minneseremoni for mora, etter 49 sørgedagar. Dottera var redd faren ville bli sint dersom ho fortalde at ho ville bli ein kristen, så ho utsette det i det lengste, men denne kvelden
hadde ho fortalt det. Og til hennar overrasking vart han ikkje sint, men derimot glad! Han som sjølv har vakse opp i eit buddhisttempel, gler seg over at dottera har fått ei kristen tru. Seinare på dagen fekk vi også høve til å helse på han.
Dette ser ut til å bli ein spennande følgjetong!

På samlinga etter lunsj deltok to av Fjellhaugstudentane med song.


Skaparen hadde også pynta framfor kyrkja til påske.
Bilen min har også fått litt ekstra pynt frå sakuratreet. 
Ei veke seinare: Gjestar frå NLM-leiinga helsar på den nydøypte. Idag fekk både ho og konfirmanten vere med på nattverd for første gong. Ver med og be om at dei kan få hjelp til å vekse i trua!

No comments:

Post a Comment