Wednesday, March 27, 2013

Avskjed med gutar i dress

I Japan er mars tid for avskjed. Studentar er ferdig utdanna, og flyttar frå byen til jobb eller vidare studiar. Dei to siste fredagane har eg sagt farvel til minst 7 avgangsstudentar. Eit par stykke kom berre i døra for å takke for seg, medan ein annan kom ikkje mindre enn to gonger for å vere med på avskjedsparty.

No sist fredag 22.mars var det graduation (avslutningsfest) ved universitetet, og nokre av studentane var framleis festkledde då dei kom på Bible Club. Naoki (t.v.) stakk innom med ei stor boks med Mister Donuts, men han hadde andre avtalar, så han forsvann fort utatt etter å ha blitt tatt bilete av. Kazuaki (t.h.) hadde rukke å skifte før han kom.

Fredag 15. mars hadde vi første avskjed for dei som ikkje kunne vere med den 22.
Ayumi (t.v.) og Tomohiro har begge fått seg jobb, og reiser vidare til Hiroshima og Shizuoka.

Slik såg Eri ut på graduation den 22. mars, flott kledd i festdrakt, og med blomster i det lange håret. (Bilete frå Facebook)
Nokre timar etter kom ho, litt seint til Bible Club. Grunnen var at det hadde tatt lenger tid hos frisøren enn ho hadde rekna med. Og her er resultatet:
Eri til venstre, med ny frisyre!


Bibelstudiet denne kvelden var om Jesus på korset og dei to røvarane på kvar side av Jesus. Kvar gruppe fekk tildelt ein av dei tre å jobbe med, for etterpå å presentere for dei andre.

Den einaste japanaren på gruppa fekk i oppdrag å skrive. Her går studiet på japansk, med hjelp av koreansk og portugisisk bibeltekst.

Gruppa i det inste rommet fekk oppgåva om Jesus. Kven er Jesus? Kvifor måtte Jesus døy? Korleis var han forskjellig frå dei to andre?



Jesus gjorde berre godt. Han var uskuldig. Men han døydde som eit offer for våre synder. Han bar syndene våre opp på korset.

- Aha! No forstår eg!
Det har gått opp eit lys for denne studenten. Han har vore med berre sidan nyttår, mindre enn tre månader, og så er det tid for å reise herifrå. No har han forstått såpass at eg skal la han få lov å slutte i Bible Club. Eg har vel ikkje noko val. Men skulle gjerne hatt han her ei stund til, så han kunne forstå enno meir. Men han og dei andre fekk iallfall med seg at Jesus ønskjer at alle skal bli frelste, men det er opp til oss å seie JA, som den eine røvaren, eller å seie NEI, som den andre som ikkje omvende seg.
Vi hadde tre som vi skulle ta avskjed med, men plutseleg er det blitt fire. Tomohiro, som fekk avskjedshelsing ei veke før, dukka opp igjen. Han har vitnemålet på smart-phone.

Tomohiro og Kazunori i dress, er klare for arbeidslivet. Kazuaki og Eri (framme) skal studere vidare i Yokohama og Tokyo. Kazuaki er den einaste som er blitt kristen i løpet av studietida, men fleire av dei andre verkar også opne for å bli kristne i framtida. Det som er sådd, skal spire og gro!

Gratulerer med fullført utdanning, og 3 månader på Bible Club!
Og så var det min tur å få takkehelsingar frå studentane. Det varma! Godt å kjenne at dei set pris på å få komme hit. Alle ga uttrykk for at det har betydd mykje for dei på fleire måtar. Eg vil sakne desse blide ungdommane. Må Gud vere med dei på vegen vidare i livet!


No comments:

Post a Comment