Tuesday, March 5, 2013

På solsida

Bygninga eg bur i, heiter Sunny Kubota, og det er nok ikkje utan grunn, for eg har ganske mykje sol. Leilegheita er sørvendt, så når sola skin frå blå himmel, treng eg nesten ikkje anna varme på denne årstida. At det blir varmt om sommaren, er ein annan ting, men då har eg eit svalt rom på skuggesida som eg kan bruke, eller eg kan bruke aircondition for å kjøle ned lufta. Men straum er dyrt her i landet, og etter kjernekraftulukka i Fukushima for snart to år sidan, har det blitt meir aktuelt med fornybar energi. Og kva er betre enn å utnytte solenergien? Det har eigaren av Sunny Kubota også forstått. Så no har han sett i gong arbeidsfolk som går opp og ned utanfor vindauget mitt. Før helga sette dei opp stillas, og trappa opp på taket går rett forbi vindauget mitt, så her blir det nok ein del trafikk. Dei helste fint gjennom vindauget, men elles skal dei få jobbe i fred for meg.

Slik ser det ut på sørsida. Som de ser, kan det bli mykje solenergi her, iallfall om vi har mange slike dagar som idag. Idag har dei trakka opp og ned mange gonger, og når dei går på taket, er det som å høyre nokon som går på loftet, sjølv om eg ikkje har noko loft.

I går fekk eg kjøpt meg kvite gardin som sola kan skine gjennom, men som samtidig skjermar litt av både frå innsyn og utsyn. Så kan mannfolka få jobbe med sitt medan eg førebur preike, utan at vi forstyrrer kvarandre for mykje.

Det er godt å bu på solsida og kjenne sola varme. Måtte også Guds lys varme meg slik at eg har noko å gi til andre.

No comments:

Post a Comment