Tuesday, March 5, 2013

Vårteikn

Sist laurdag morgon var det berre eit par grader og sludd i lufta, men eg gjekk likevel på leiting etter eit vårteikn. Og her er det eg fann.

Eit anna vårteikn er at studentane har ferie. Alle eksamenar er overstått, og avgangsstudentane har framført og levert eit større skriftleg arbeid dei har streva med dei siste månadene. Fleire av utanlandsstudentane har reist heim på ferie, og andre nyttar frivekene til å reise i Japan.

Carmella og Scott har reist på 4 vekers opphald til Florida ilag med 12 studentar. Fire av dei har vore med i Bible Club sidan jul. Opplegget i Florida er i samarbeid med kristne der borte, og alle studentane bur hos kristne familiar. På søndagar er det til dømes lagt opp til kyrkjebesøk.
Ei anna gruppe på 13 studentar er på eit liknande homestay-program i Arkansas, men det er ikkje noko kristent program. Likevel er det fleire som har kome til Bible club etter at dei kom tilbake derifrå. Kazuaki, som vart døypt i november, er eitt døme. På biletet nedanfor sit han i midten. Be gjerne om at desse 25 studentane som er i USA no, kan bli nysgjerrige på kristendommen, og at fleire av dei vil kome på Bible Club når universitetet startar igjen ifrå april.

(Vil nokon ha namnelister for å be for desse studentane, kan de sende ein mail til meg: ingervalbo@yahoo.no)

Sjølv om mange er bortreiste frå Matsue, var vi likevel 10 på Bible Club sist veke.
Desse tre gutane må vi ta farvel med i slutten av mars. Graduation er 22. mars, og samme kveld er det avskjed for to av dei på Bible Club. Den tredje takkar for seg allereie den 15.

Gryta rett på bordet er ein rett som er vanskeleg å servere når vi er 15-20 personar, så når vi var "berre" 10, gjekk det forholdsvis greitt. Jenta til venstre er også ferdig ved universitetet i mars, og reiser til Tokyo for å ta mastergrad. Ho er glad fordi ho har kome inn ved eit kristent universitet, så ho kan halde fram med å lære meir frå Bibelen.
 Kazuaki har det med å snike seg med på dei fleste bilete. Berre sjekk Prosjektkatalogen og tel kor mange bilete han er med på. (Det har vel noko å gjere med mitt utval, også...)
Dei to damene her er ikkje studentar, men møter opp på Bible Club når dei har anledning etter jobb. Ikuko i midten er engelsklærar i vidaregåande, og Hanako t.h. er kirurg ved eit sjukehus i byen. Dei er begge kristne og er ei god hjelp særleg no når Carmella og Scott er borte.

Ingen av dei sju studentane som var her sist fredag, blir i byen denne fredagen, men eg veit iallfall om to koreanarar som vil komme, så Bible Club blir det sjølv om det er ferie.

Til slutt vil eg vise solnedgangen på søndag kveld, klokka 17.53. Dagane blir etterkvart lengre. Det er også eit vårteikn.



No comments:

Post a Comment