Frå 1998 til 2004 arbeidde eg i Kita
Osaka kyrkje, og samtidig var eg med og hjelpte til i studentarbeidet
KGK. Ein av studentane eg vart kjend med der, var Hidetaka (t.h.). Ved
universitetet der han studerte, hadde Laget eit eige klubbrom, men i
to år var han stort sett den einaste som møtte opp. Men veke etter veke sat
han der åleine med Bibel og gitar, og bad om at Gud måtte sende
fleire. På den tida skreiv eg eit intervju med han til Ungdom &
Tiden, med tittelen «Akiramezu – gi ikkje opp!»
Lagssekretær Kishimoto (t.v.) er framleis i
studentarbeidet i Osaka. I går kom eg over følgjande som han skriv
på Facebook:
«Det er 10 år sidan sist eg såg
Hidetaka. Han studerer no GT i Canada og er heime i Osaka på eit
kortare opphald.
At det framleis eksisterer ei
lagsgruppe ved Osaka City University, er eit resultat av at Gud
svarte på Hidetaka sine bøner.
Då han starta ved universitetet, var
der omtrent ingen medlemmer i Laget. Men han ga ikkje opp. Han ønska
eit veksande kristent fellesskap ved universitetet og heldt fram med
å be Gud sende studentar. Og han vart bønhøyrt. Etterkvart kom
mange og vart med på bibelstudiet. Men der var mange spesielle
personlegdomar. Ein av dei er forresten blitt lagssekretær.
Som lagsarbeidar har eg lært mykje av Hidetaka. Det å be og ikkje gi opp, er ein av tinga eg har lært av han.
Ved universitetet studerte han eldre kinesisk historie, og eg har høyrt han snakke ivrig om kinesisk historie. I kveld då vi hadde middag ilag, var han heilt oppslukt av å legge ut om hebraiske verb i GT.
Som lagsarbeidar har eg lært mykje av Hidetaka. Det å be og ikkje gi opp, er ein av tinga eg har lært av han.
Ved universitetet studerte han eldre kinesisk historie, og eg har høyrt han snakke ivrig om kinesisk historie. I kveld då vi hadde middag ilag, var han heilt oppslukt av å legge ut om hebraiske verb i GT.
Måten han snakkar på, er den samme
som for ti år sidan.»
Så langt Facebook (som eg har fått
lov til å dele frå).
Neste torsdag, på veg gjennom Osaka
til flyplassen, får eg kanskje ein sjanse til å treffe Hidetaka,
også. Det blir i tilfelle også gjensyn etter ti år.
Eg må forresten nemne at Hidetaka var
med og bad for ein ungdom frå kyrkja i Kita Osaka før han i det
heile tatt visste kven han var. Etter eit sommaropphald i Norge vart
Naoto med i bibelgruppa ved universitetet og vart ein kristen. Han er
no aktiv med i arbeidet i vår kyrkje i Kita Osaka og elles i ungdoms
- og musikkarbeidet i WJELC.
Ein student sine tolmodige bøner har
fått store ringverknader.
No comments:
Post a Comment