Sunday, September 12, 2010

Finpussing til 60-årsjubileum


Søndag 26. september skal Matsue Lutherske Kyrkje feire 60-årsjubileum, og då skal det vere fint både inne og ute. I går etter gudstenesta vart det delt ut vaskeutstyr, arbeidshanskar og ugrashakker til dei som hadde tid til ein liten dugnad før dei gjekk heim.


Framfor og rundt kyrkja var det mykje ugras som måtte vekk. Heldigvis var det blitt litt overskya, så det var ikkje så altfor varmt. Eg fann meg ei hakke og fekk vekk ein del ugras rundt parkeringsplassen.


Ein av eldstane i kyrkja, herr Makino.


Og her er den andre eldsten, herr Katou. Ikkje alle var akkurat kledd til hagearbeid, men innsatsen var upåklageleg. Den første eg møtte då eg kom til søndagsskulen litt før klokka 9, var presten med kost og brett som sopa kyrkjetrappa. Han var også med på dugnaden. Prestesnippen hadde han putta i brystlomma.


Etter dugnaden var det godt å komme innatt i eit avkjølt rom til "kyrkjekaffi" med kald te.

Det er 60 år sidan dei første misjonærane kom hit og bestemte å starte opp evangeliseringsarbeid i denne byen. No er her ein kyrkjelyd som driv eit godt arbeid. Som misjonær er eg berre eit supplement for å hjelpe dei til å nå lenger ut.

Etter kyrkjekaffien var det lunsj for dei som er med i kyrkjestyret. Som misjonær fekk eg vere med som observatør. Dei hadde mange saker på lista, men det vart også tid til å snakke litt om kva arbeid dei ønskjer meg inn i. Det lille kyrkjekoret har pause for tida, og vi snakka om muligheita for å starte opp noko nytt, og kanskje inkludere søndagsskulen og dei som går i bibelgruppa. Eg lufta også tanken om å samle ungdommar på laurdag ettermiddag til gospelkorøving, og det verka som dei var med på det. Mange muligheiter, med andre ord, men kvar skal ein starte? Og korleis? Og når?

Medan eg ventar på at ting legg seg til rette og kjem inn i fastare former, får eg disponere tida mi litt meir fritt. Og då er det naturleg å ta kontakt med dei eg allereie har hatt ein del med å gjere. Ei av dei er Yoko. Dei av dykk som har fått bønnekortet mitt, har bilete av henne.


Eg har hatt kontakt med Yoko sidan ho var student. No jobbar ho på hovudpostkontoret her i byen. I går kveld var vi ute og åt på familierestauranten Tomato&Onion, samme plass som vi møttest første gong for snart fire år sidan. Etterpå var ho med meg heim på meir prat og dessert.

Om vel ein time skal eg oppover til Hiruzen igjen. Har med langbukse og langerma gensar i bagasjen, for eg reknar med det blir litt kjøligare om kvelden enn her. Men også i Matsue er det brukbart i dag, med maksimumstemperatur på berre 29 grader, i følgje Yahoo.

På Hiruzen skal vi ha samling for arbeidarane på nordfeltet. Tre norske misjonærar og resten japanarar. Eg kjem kanskje tilbake til ein presentasjon av dei. Er litt spent på om nokon har tatt vare på yoghurten eg ga dei i juni i fjor...

(Her har det vore måndag 13. september i snart 12 timar, og likevel står det søndag 12. over bloggen. Hm. Her er eitkvart som ikkje stemmer...)

No comments:

Post a Comment