Saturday, September 4, 2010

Japansk kundeservice


Eg blir stadig vekk imponert over korleis japanske firma tek imot kundane sine. Sidan vi ikkje hadde tid til å gå gjennom det formelle med bilen i går, avtalte vi at eg skulle kome att i dag. På Toyota har dei ope både laurdag og søndag, til kl 18. Greitt å ha ope når folk flest har fri. Men måndag har dei stengt. Så då får ikkje ein gong prestar og misjonærar service på bilen på fridagen sin. Men i dag var det altså laurdag, og forhandlaren min hadde sett av tid for meg. Men først kom ei kontordame med menyen igjen. Kva ville eg ha i dag? Sidan det var overskya ute, og eg ikkje var så altfor sveitt og tørst, bestilte eg varm eplete. Litt etter kom ho tilbake og sa at det var ekstra service i dag, der eg kunne velje mellom fleire sortar kake. Så då valde eg sjølvsagt "grøn-te-kake".


Til saman tok det 1 1/2 time før vi hadde fått alle papira i orden og eg hadde ete opp te-kaka mi. Medan eg pakka saman sakene mine, sprang Toyota-mannen min bort til neste kunde ved eit anna bord, men då eg var på veg ut, var han oppe på føtene igjen og bukka meg ut døra. Det var vel eg som skulle takke...?

På veg heim var eg innom Best Denki (El-forretning) og kjøpte ny, stor riskokar. Den gamle sette eg att i Norge, for eg hadde bestemt meg for å kjøpe så stor at eg slepp å koke to omgongar ris når eg har mykje folk. Så no er eg klar til å ta imot mange svoltne ungdommar på Bible Club.


Men det vart ikkje ris til middag i dag. Eg hadde funne fram såpass med kjøkkenutstyr frå kassene at eg kunne lage meg ein enkel middag, den første i denne leilegheita. Ikkje så typisk japansk mat, heller, men salaten smaka iallfall japansk. Og eg var lukkeleg fordi eg framleis kunne finne mais i butikken. Maiskolben var veldig bleik, men smaken var betre enn venta. Både søt og saftig! Men det er nok på slutten av sesongen no.


Eg har jobba litt i kveld også. Etter å ha vaska mugg av møblane, har eg fått sett saman ein sofakrok i enden av det store kjøkkenet.
Elles står det stabla kasser rundt omkring i dei andre småromma, så korleis eg skal møblere til slutt, får tida vise. Litt sterilt enno, utan korkje duk eller sofaputer, men dei dukkar vel fram frå kassene etter kvart.
Det er godt å kjenne den kjølege kveldslufta gjennom vindauget bak sofaen her eg sit med PCen på fanget.

Eg fekk forresten ei overrasking på døra i dag:
Ein mann frå ei blomsterforretning ringde og sa han skulle levere noko.

Det viste seg å vere ein kjempestor blomsteroppsats ifrå dei andre misjonærane. Og den lyser opp mellom pappkartongane.
"Forstår du det som står på kortet?" spurde blomstermannen. Det gjorde nok ikkje han, men det var iallfall rett skrive, bokstav for bokstav:

"Vi tenker paa deg og ber for deg. Maatte du faa kjenne Herrens naerhet i savnet etter mor. Hilsen Tore Kirsti Kari Ingebjorg Jorunn Keiko&Runar Mailis Johanna Varpu&Jussi."


Tusen takk, alle saman! Og desse namna viser også kven som er medarbeidarane mine i NLM her ute: Seks nordmenn, ei japansk og fire finnar. Til saman 12 vaksne blir vi då. Nokre har eg enno ikkje truffe, så eg gler meg til å bli kjent også med den siste finske familien på velkomstfesten i Kobe 20. september.

No er det visst snart tid til å ta kveld, skal eg kome meg i kyrkja før klokka 9 i morgon.

2 comments:

  1. Godt å sjå att du stadig får meir og meir orden på ting..
    Kjekt du fekk blomar!

    God helg :-)

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid!
    Du er ein trufast blogglesar og kommentator. "Orden" er dine ord, men det blir iallfall litt meir system på rotet. Det som ergrar meg mest, er alt som har mugla på lager. Får vel spraye med litt godlukt.
    God helg til deg og dine, også!

    ReplyDelete