Tuesday, September 14, 2010

Medarbeidarar

Eg har vore på kurs og lært japansk kyrkjehistorie. Sjølv med den elektroniske ordboka i fanget forstod eg ikkje alt, men eg fekk med meg ein god del, trur eg. Interessant. Ein prest ifrå eitt av dei andre lutherske kyrkjesamfunna hadde forelesningar. Særleg samtalen etter timane var interessant. Ein kan lære mykje berre av å lytte til andre. Eg er ikkje akkurat typen som opnar munnen utan at eg må, iallfall ikkje i ei slik forsamling med for det meste japanske teologar.
Kjekt var det iallfall å treffe dei att. Gode medarbeidarar, som deler både alvor og humor.

Hiruzen Bible Camp serverer norsk grovbrød til frukost framleis sjølv om det ikkje lenger er nokon norske i staben. Etter 2 ½ veke med loff smakte denne frukosten ekstra godt. Men no har eg fått tak i grovmjøl, så i morgon blir det heimebaka grovbrød til lunsj!


Vi fylte berre to bord i matsalen. Forelesar Ebihara til høgre.

Innsetjingsseremoni
Før første undervisningstime i føremiddag var det ein liten seremoni der eg formelt vart innsett i teneste igjen etter vel eitt års opphald.

Maekawa, som representant for WJELC sitt ”hovudstyre”, formidla innsetjingsorda ifrå kyrkjepresident Tsukuda. (Foto: Fukao)


Først var det to av dei japanske prestane som bad for meg og arbeidet mitt.
(Foto: Fukao)


(Foto: Igi)


Her er beviset på at WJELC-styret har innsett meg som arbeidar på nordfeltet, underskrive av president Tsukuda 1. september.


Å bli bedt om å seie noko utan å vere førebudd, er noko eg ikkje liker, og iallfall ikkje å måtte seie noko på japansk. Eitkvart fekk eg vel likevel sagt, trur eg. Men då eg spurde om nokon hadde igjen av yoghurten eg delte ut i fjor, fekk eg berre latter og unnskyldningar til svar.
(Foto: Fukao)

Planleggjing
Kurset var slutt til lunsj i dag, men etter lunsj hadde vi nordfeltsmøte, og tema i dag var mellom anna søndagsskulelærarkurs, ungdomsleir og arbeidsoppgåver for meg.


Desse tre er ikkje alltid så alvorlege som dei ser ut her. F.v.: Matsumura (Yonago), Runar Matsui-Li (Hiruzen kyrkje) og Igi (Hiruzen Bible Camp).


Ein liten detalj: Fukao sjekkar førarkortet til Runar for å sjå korleis han skriv etternamnet sitt. Ein uvanleg kombinasjon av japansk og norsk etternamn, med bindestrek. Men korleis skriv ein det på japansk?


Maekawa (t.v.) er ein stillferdig mann utan dei store faktene, og han slår vanlegvis heller ikkje i bordet. Men det gjorde han i dag, så det small! Ein stakkars mygg låg død på bordet etterpå... Kajinishi (Matsue) og Kari Opperud (Nima) er imponerte over den raske vendinga og slagferdigheita til Izumo-presten.

Tolmod
Men det går ikkje alltid like fort når arbeidsoppgåver skal bestemmast. For å vere ærleg, trudde eg at dei ulike kyrkjene hadde litt meir konkrete forslag til oppgåver for meg, no når dei har hatt over eit år å planleggje på. Men framleis har eg lite konkret å starte med. I éi kyrkje vil dei eg skal kome ein gong uti november og ha orgelkurs. Og då vil presten snakke med meg om å starte opp engelskklasse ein gong utpå vinteren eller våren. Og ein annan plass vil dei starte ungdomsgruppe ifrå april. Eg treng tolmod til å vente, og samtidig visdom til å sjå oppgåver som ligg her og ventar på meg, som eg ikkje ser akkurat no.
Vi fekk ei konkret utfordring ifrå pastor Katsuhara frå Tottori før vi avslutta kurset i føremiddag. Han delte Jeremia 29, 7 med oss:

”Sjå til at det går vel med den byen eg har ført dykk bort til, og bed for han til Herren! For når det går han vel, så går det dykk vel.”

No er eg vel ikkje akkurat bortført til Matsue, slik som Israelsfolket var blitt førte bort til Babylon, men eg trur det er Gud som har sendt meg hit. Og då skal eg kanskje starte med å be for byen. Vil du hjelpe meg å be om tolmod og om at må få sjå dei opne dørene, er eg takksam for det.

No comments:

Post a Comment