Friday, September 24, 2010

"En liten telefon jeg har"


Endeleg, etter snart 4 veker her, har eg fått innlagt fasttelefon. Ein søt, liten sak, ikkje sant?
Vil du ringje meg, er nummeret frå Norge +81-852-67-2918.

2020 på displayet betyr ikkje at vi ligg 10 år framfor dykk i Norge, men rett og slett at klokka var ti på halv ni då eg tok biletet. Men sjølv om vi ikkje ligg 10 år før dykk, har vi nokre timar forsprang. Det betyr at eg IKKJE vil ha telefon midt på natta, utan at det er "urgent". Med andre ord bør du ikkje ringje etter kl 1400 (kl 1500 så lenge de har sommartid) på grunn av tidsforskjellen. (7 timar med sommartid, 8 timar elles i året).

Telefonen minner meg om ein song eg lærte på søndagsskulen eller på barneforeining. Eg hugsar berre dei første orda:
"En liten telefon jeg har, en bønnens telefon."
Er det nokon som kan hjelpe meg med resten av teksten?
Legg igjen som kommentar til bloggen eller send meg ein mail (ingervalbo@nlm.no), eller du kan ringje og synge songen til meg.

Så godt at vi har "bønnens telefon". Gud har ikkje kontortid, og han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.

5 comments:

  1. Ja, han er oppe heile natta likevel..
    Så han kan vi kome til også etter kl.14 ;-)

    godt du minner oss på bønnens telefon...

    ha ei fin ny veke!!

    ReplyDelete
  2. Ps: kan ikkje hjelpe med songen..
    prøvde å google den men kom berre til din blogg ;-)

    ReplyDelete
  3. Hei, Sigrid! Kjekt med tilbakemelding på bloggen. Dumt du ikkje kan hjelpe med songteksten. Kanskje andre kan.

    ReplyDelete
  4. Tror kansje den er slik: Jeg har en liten telefon, en bønnens telefon. Den rekker i fra denne jord til himmelens stasjon. Og når den kommer til min venn, jeg alltid får til svar: Hallo, hallo, hallo, hallo, hallo, se linjen den er klar.

    ReplyDelete
  5. En liten telefon jeg har, en bønnens telefon. Den rekker i fra denne jord til himmelens stasjon. Og når jeg ringer til min venn, jeg alltid får til svar: et vennlig ord, hallo, hallo, hallo, se linjen den er klar!

    ReplyDelete