Friday, September 17, 2010

Sushi på løpande band

Etter å ha vore omtrent åleine utan å snakke med folk i to dagar, var det godt å kome ein tur ut. Eg tok toget til nabobyen Izumo på vestsida av innsjøen. Der møtte Rie meg. Etter eige ønskje gjekk vi ut og åt sushi til lunsj. Og det var skikkeleg sushi, med rå fisk som omtrent smelta på tunga.

Først ut var ei krabbeklo.


Elles var det berre å forsyne seg av det som kom rullande mot oss på transportbandet. Kva med litt laks?


Rie starta måltidet med å be ei bøn og takke Gud fordi eg er komen tilbake til Japan.
(Her skulle det forresten ha vore ein videosnutt av sushi på løpande band, men av tekniske årsaker har eg enno ikkje fått videoformatet på mobiltelefonen til å passe...)


Her blir ålen grilla. Det er ikkje alt som blir slukt rått.


Så er det berre å la dei telje tallerkenane og gi oss rekninga. Eg åt berre halvparten, altså, eller vel så det. Men Rie insisterte på at ho skulle betale alt i dag, som ei velkomstgåve for meg. Thank you very much, Rie!
(Foto: Rie Mori)


Etter nokre timar heime hos Rie var eg tilbake på stasjonen igjen. Eg har aldri før lagt merke til inngangspartiet på Izumo stasjon. Det er nemleg forma som Izumo Taisha, det store shintotemplet i byen som folk valfartar til ifrå heile landet. (Foto: Rie)


Her i Shimane fylke har dei også sagnet om han som samla øyane til eitt rike ved å trekkje dei med tau.

1 comment:

  1. Godt at du vert tatt imot på ein kjekk måte!
    Hadde fin Kvinnehelg! KariHelene var heilt topp å høyre på..fekk ikkje med meg systå..
    God helg!

    ReplyDelete