Friday, September 10, 2010
Shimane ligg til venstre for Tottori
Her i landet heiter fylket ofte det samme som administrasjonsbyen i fylket. Til dømes ligg Tottori by i Tottori fylke, og Okayama by i Okayama fylke. Hiroshima by i Hiroshima fylke osv. Men her eg bur, heiter byen Matsue og fylket heiter Shimane. Eg kom over ei T-skjorte her ein dag som viser ein litt irritert "Shimane-super-ambassadør" som prøver for n-te gong å forklare kvar Shimane er i landet: "Shimane ligg til venstre for Tottori!" Så no har du vel funne fylket "mitt" på kartet?
Matsue er fylkeshovudstaden i Shimane. I dag hadde eg meg ein ny sykkeltur på tvers gjennom byen, til politistasjonen for å hente parkeringsløyve som eg søkte om for nokre dagar sidan, og så vidare til Toyota for å levere papira der. Dette går raskare enn posten, til og med!
Eg sykla over mange slike "Matsue city"-lokk på min veg gjennom byen. Og artig var det å oppleve å treffe kjentfolk på gata, også. Ei dame stoppa opp og spurde litt forvirra: "Doushite?! Doushite?!" fleire gonger. "Kvifor?! Kvifor?!" Ho forstod visst ikkje heilt kvifor ho skulle treffe meg der, eller kvifor eg var i Matsue. Ho har vore litt i kyrkja og hos meg på bibelstudie ein gong. Håper ho kjem fleire gonger og at ho blir ein kristen.
Også i dag har eg opna nye øskjer. Det vil seie ikkje nye, men kasser som har stått på lager i over eitt år. Ifrå ei av kassene dukka eit troll opp som troll av øskje. Og trollet hadde det bra varmt, også etter at eg hadde festa det til kjøleskapet. 29-30 grader innandørs er litt kjøligare enn det har vore ute i dag. Men temperaturen har gått nedover sidan eg kom her for 1 1/2 veke sidan, så det er håp om at hausten snart er her.
Eg tenkte kanskje at eg skulle få samle Bible Club-folk allereie denne veka, men det ser ut som om eg må vente ei stund. I staden har eg truffe enkeltpersonar. Onsdag hadde eg lunsj med ei jente i universitetskantina. Sjølv om det framleis er sommarferie ut september, var det bra med liv der, og to av tre kantiner var opne.
I går hadde eg besøk av Mo, ei kinesisk kristen jente, som kallar meg "storesøster". Kjekt å treffe henne att, også.
I dag var Yuki innom. Ho vart eg kjent med i april i fjor, etter at ho hadde vore på eit homestay-opplegg i USA i vårferien. Der hadde ho møtt kristne, og det gjorde inntrykk på henne, så ho ville lære meir om kristendommen. Kvar morgon las ho i nytestamentet på toget på veg til universitetet. No har ho flytta til Matsue på hybel, men ho les framleis i Bibelen. Dei to-tre siste månadene før eg reiste til Norge i fjor, kom ho til meg for å lese Bibelen på tomannshand, og ho vart også med på Bible Club. Då eg reiste, var det andre som tok over bibelstudie med henne. I fjor sommar vart ho bedt med på studentleir. Der forstod ho endeleg kva Jesu kors betyr, og ho tok imot Jesus som Frelsar. Seinare på hausten vart ho døypt. I år på sommarleiren hadde ho vitna for dei andre korleis ho hadde blitt ein kristen.
Det var kjekt å treffe att Yuki. Ei litt beskjeden jente, men ho har fått tak i noko verdfullt. Eg hadde enno ikkje pakka ut japansk eller engelsk Bibel, men vi bladde i min norske, og ho gjetta seg til kva det betydde. Joh. 3, 16 og andre kjende stader. Til slutt slo vi opp og las nokre av hennar favorittvers frå Joh. 15, der Jesus seier at han er vintreet og vi er greinene. Denne teksten hadde vi på siste Bible Club i juni i fjor før eg reiste. Så det var som å ta opp igjen tråden derifrå.
Det var også fint å be ilag med Yuki no etter at ho er blitt ein kristen. Godt å ha nokre støttespelarar når vi startar oppigjen arbeid mellom studentane. Ho og ei anna jente har sagt dei vil hjelpe meg å lage mat, så då har eg iallfall sikra meg kokkar. Så får eg heller konsentrere meg om den åndelege maten.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment