Sunday, September 5, 2010

Søndag


Eg hugsar frå barndommen når vi skulle på julefest på bedehuset, så hadde eg med skjørt som eg skifta til før festen fordi det var for kaldt å gå i skjørt ute. I dag hadde eg med kleskift til kyrkje, men det var fordi det var for varmt å sykle i skjørt og finbluse. Short og T-skjorte passa betre.

Klokka 9.00 var eg ferdig søndagskledd til søndagsskulen byrja. Desse jentene er med i tenåringsgruppa og er tidleg oppe på ein søndag. Badejo frå Nigeria er forskar ved universitetet og har vore med i gruppa siste året.


I kyrkja i Japan står vi under salmesongen. Her skulle Norge ha lært!


Igjen fekk eg vere med på nattverd ilag med japanske søstre og brør, og også med ein familie ifrå Nigeria.


Mi veninne Chihiro har gifta seg sidan sist, og no ventar dei baby.


Denne afrikanske familien var eit nytt bekjentskap for meg. Kona Funmi har leia den engelske bibelklassa i kyrkja dette året eg har vore vekke. Gud sende dei til vår kyrkje akkurat i rette tid. Joseph på 1 år og 3 mnd er den store sjarmøren blant dei japanske tenåringane i kyrkja for tida.


I ettermiddag fekk eg besøk av Nadine frå Jamaica. Ho er den første gjesten i den nye leilegheita mi. Her har ho fått flagget som ho bestilte ifrå Norge. Nadine er glad i både Japan og Norge (teiknet 愛 betyr kjærleik). Før ho gjekk, bad ho både for meg, for leilegheita,for alle som kjem til å gå inn og ut her, for naboane, og til og med alle dører og vindauge er blitt bedt for! Takk, Nadine!


I kveld har eg vore ute og ete skikkeleg japansk mat (tempura!) ilag med to ikkje-kristne veninner, Mayumi og Reiko. Etterpå vart dei med heim og fekk sjå ein årgang med bilete ifrå Norge. Desse er to av dei som var inkluderte i bøna til Nadine tidlegare i dag.

Søndag i Japan for meg betyr kyrkje og venner. Eg har hatt lite arbeid i dag, men det blir nok meir etter kvart. Men det å bruke tid ilag med venner, er også ein måte å arbeide på. Plutseleg spør dei kanskje om trua mi, og då har eg ein sjanse. Og av og til blir dei med på Bible Club eller i kyrkja, også.

I morgon blir det å fortsetje med utpakking. Og så skal eg på eit prestemøte for kyrkjene her i byen. Sjølv om eg er verken prest eller japanar, har eg brukt å vere med på desse møta. Det er vel på tide å planlegge julekonserten. Eg trur eg vågar å ta på meg å dirigere Händels "Hallelujakor", slik dei har utfordra meg til...

2 comments:

  1. Du er kjempetøff.. - lykke til med Händel og alt saman. Inger janet

    ReplyDelete
  2. Takk, Inger Janet!
    Eg har sagt ja til Händel, etter rådføring med Harald Myklebust. Ser ikkje ut som om dei har noko alternativ her, heller. Koret har sunge Hallelujakoret i 6 år, trur eg, så dei fleste kan det. Berre dirigenten som må øve litt ekstra... Harald oppfordra meg til å tørrtrene med notar og CD, men må vente til storbagasjen kjem før eg finn CDen. Litt for varmt å tenkje på jul enno, synest eg...

    ReplyDelete