
Her går det fort i svingane av og til! Eg veit ikkje kor mange kilometer eg har sykla i steikjande sommarvarme dei siste dagane, men eit par mil har det nok blitt.
Då eg kom til Kobe måndag, fekk eg vite at eg skulle vere med i ein komite som skulle ha møte på torsdag. I Kobe, ja. Og for om mulig å få med meg bil tilbake til Matsue, var det mange papir som måtte ordnast. Difor var det berre å setje i gong, og la utpakkinga kome i andre rekkje.
Etter at eg kom ilag med flyttelasset på tirsdag, tok eg buss til kyrkja (åt lunsj om bord i bussen), og fekk henta sykkelen min der.

I den rusta sykkelkorga låg der ein lapp:
Valbø-sensei, velkommen tilbake!
Ver så snill og vis ansiktet ditt heime hos Kajinishi!
Og då eg stakk bortom prestebustaden, var der fire kjende ansikt:

Først gjekk sykkelturen til bykontoret for å registrere meg. Men først vart eg sendt ut for å finne ein automat for å ta passfoto. Upraktisk, spør du meg... Såpass kunne dei vel klare å fikse på eit bykontor? Vidare gjekk turen til Toyota-forhandlaren. Eg rakk heim fem minutt før "gass-mannen" skulle komme og forklare meg bruk av gass. Etterpå var det ut for å få nytt abonnement på mobiltelefon. Så greitt at alt er slik som det var sist eg budde her! Eg treng ikkje kart for å finne vegen gjennom byen, og eg kjenner snarvegane. Herleg å komme tilbake til noko kjent!
Onsdagen føremiddag gjekk også stort sett med til å gjere ærend. Til bykontoret igjen med kvittering for betalt forsikring, før eg fekk utlevert prøveskilta som eg skulle ta med til Kobe. Så til politiet for å få omadressere førarkortet, og på veg heim innom stasjonen for å kjøpe togbillett og innom brookeren for å få meir forklaring på søppelsortering, parkeringsbevis mm. Men søppelsorteringa kan eg frå sist eg budde her. Veit meir om korleis ein skal gjere det her enn heime i Norge...

På veg til politistasjonen sykla eg langs Shinji-sjøen. Nydeleg!

Tilbake i kveldssol. Det er ikkje langt eg har flytta. Blokka eg budde i sist, er den midt på biletet, bortanfor potetåkeren. Eit steinkast eller to?

Det vart også tid til å stikke innom til mine tidlegare naboar. Reo hadde nettopp vakna frå middagskvilda, men det tok ikkje lang tid før han kjende meg att.

Tenk om eg hadde hatt eit så roleg og avslappa liv som desse svanene, tenkte eg då eg sykla forbi dei i kveldinga. Men denne gongen var eg ikkje stressa. Eg var bedt på middag hos prestefamilien. Det vart også tid til å prate om kva eg kan bidra med i kyrkja, og kva vi kan gjere for å nå nye. Særleg med tanke på ungdomsarbeid. Det var også tema for komiteen som eg vart innkalla til i Kobe i går. Ilag med to japanarar, ein finne og ei norsk, skulle eg tenkje planar for ungdomsarbeid i WJELC. Eg følte eg vart kasta rett inn i det, utan å vere særleg førebudd. Kva kan eg bidra med? Kva visjonar har eg? Kvifor er eg her, i det heile tatt?
På toget nedover til Kobe sende eg mail frå mobilen min til 30 personar på adresselista mi, og utover kvelden og dagen i dag har det tikka inn svar i frå fleire. Mange av dei er ikkje-kristne. Så eg har iallfall ein plass å byrje. Om eg får leilegheita såpass i orden til neste fredag, så kanskje eg får invitere til ein uformell Bible Club reunion?
Til slutt må eg få vise bilen som eg stressa litt for å få med meg. Men det gjekk bra. No står han trygt hos Toyota, som skal sørge for den obligatoriske 2-årssjekken, og omregistrering. I mellomtida får eg sykle vidare. Forresten må eg ein sykkeltur i morgon, også, for det vart ikkje tid til formalitetane i dag. Men ein våtserviett og eit glas kald drikke fekk eg likevel. Eg liker japansk service:)

Og no har eg også svaret til alle som har spurt meg kor langt Matsue er frå Kobe:
270 km. Så veit vi det!
No comments:
Post a Comment