Wednesday, July 15, 2009

Litt meir GF

To my Japanese friends: I'm sorry but this is for my Norwegian readers. Here are more pictures from Bergen.

Til mine norske venner:
Det er kanskje greitt med litt norsk innimellom, også. Men sjølv om du ikkje les japansk, forstår du sikkert ein del utifrå bileta eg legg ut. Då forstod du vel også at artikkelen i går handa om GF, altså NLM si generalforsamling.

Her kjem litt fleire bilete som viser at det ikkje berre var japanarar der. Dei fleste var faktisk norske, men så var der også ein god del som kjenner seg både norske og japanske.
Her er nokre av dei:
Det er alltid kjekt å treffe andre japanmisjonærar. Her er det Marit Holte (t.v.) som mimrar ilag med Magnus og Else Sørhus.

På Japantreffet fredag ettermiddag sat vi tett rundt 3 1/2 vegg i eit klasserom på barneskulen rett nedanfor Bergenshallen. Dei fleste prestenterte seg på norsk.

Her er nokre av den yngre garde, i motlys. Mange av dei lengtar tilbake til Japan. Ein av dei sa at han får ekstra "abstinens" når det blir varmt i vêret. Det minner han om varme somrar i Japan. Han har kanskje gløymt kor varmt og klamt det er??

Christoffer Nævdal og Thomas Strand representerer misjonærborna, og Torhild Raen og Else Sørhus den eldre generasjon Japanmisjonærar. Det var litt flaut at eg ikkje kjende att Thomas først, men så hadde eg heller ikkje sett han sidan mai 2004...

Margaret Aarsland (t.v.) var eit halvt år og jobba på Hiruzen. Dei andre tre gjekk eg i klasse med på misjonsskulen: Ellen Salmelid, Anne Kristine Tengesdal og Bent Salmelid.


Glimt frå forhandlingane:

Eg var ikkje utsending, men eg syntest det var interessant å følgje samtalen under forhandlingane. Viktige avgjerder vart tekne her.

Det var kjekt å treffe engasjerte ungdommar mellom mange gråhåra misjonsvenner. Tre unge jenter som eg traff her, var alle avgangselevar på Vestborg første året eg jobba der. 

Det får vere nok for idag.
Legg gjerne igjen ein kommentar så eg veit kven som har vore innom her. Du må kanskje registrere deg på google, men det skal ikkje vere så vanskeleg. Bruk e-postadressa som brukarnamn, og så lagar du deg eit passord. Verre er det ikkje. Då snakkast vi kanskje!

No comments:

Post a Comment