Saturday, November 13, 2010

Sanninga som forandrar livet



Torsdagskvelden hadde eg besøk av Ayano, ei jente har vore innom på Bible Club tidlegare. No jobbar ho kvar fredagskveld, men torsdag har ho fri. Og vi har funne ut at vi er nesten naboar. Vi hadde ikkje bibelstudium denne kvelden, men kanskje det legg seg til rette for det seinare?

I kveld skal eg treffe to andre som ikkje har tid å komme på fredagane. Så dette blir ein kort blogg. Klokka er snart 18, og eg har ikkje snakka med eit menneske enno, så det kan bli godt å komme seg litt ut. Eg er nesten stolt av meg sjølv fordi eg klarte å halde meg frå å kople meg på internett til eg var ferdig med å skrive andakta eg skal ha på tysdag.


I går starta vi eit nytt bibelstudieopplegg som heiter "Life Changing Truth". Det er nesten eit lite mirakel i seg sjølv at eg fekk pakken på døra. Eg oppdaga ikkje før i dag då eg såg på biletet at både telefonnummeret og adressa på pakken er feil. Avsendaren har brukt gamleadressa mi, som er ganske lik den nye. Så det er grunnen til at eg ikkje fekk pakken mellom kl 14 og 16 på torsdag, slik avtalen var. Verkeleg godt gjort av transportfirmaet å finne meg på denne adressa!

Hittil har vi hatt bibelstudium utifrå enkelttekstar, men i denne boka går vi meir tematisk fram. Boka er ei innføring i den kristne tru. Kapittel 1 starta med kva Bibelen er. For mange var det første gong dei såg innhaldsregisteret i det gamle og nye testamentet.

Eg håper at folk ikkje dett av lasset undervegs, men at dei verkeleg kan få sjå at Jesus er Sanninga som kan gjere dei fri.


I går var det kinesisk mat på menyen. Og det tek si tid å førebu. Tre timar brukte Wei til lage maten. Ho fekk god hjelp av Tomohito (t.h.) som hadde god tid i går, til ei forandring. Her forklarer ho dei forskjellige rettane.


Til og med blomster hadde ho med for å pynte fata med. Det både såg godt ut og smakte fortreffeleg!


Alle er klare for ein kinesisk middag. Det vart ingen restar denne gongen, men alle vart mette.

Så håper eg dei også gjekk heim "mette" av Guds ord. Vi avslutta med eit ord om kva som er føremålet med Bibelen:

" Men desse (teikna) er skrivne for at de skal TRU at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de ved trua skal ha LIV i hans namn." Joh. 20, 31

Vil du be om at desse ungdommane og andre som eg får lese Bibelen ilag med, gjennom dette studieopplegget verkeleg får oppleve at Guds Ord er sanninga som forandrar livet deira?

Etterord:
Klokka er blitt 20.40, og eg er igjen heime åleine. Men sjølv om det var kort, var det eit par verdfulle timar ilag med Mayumi og Reiko på den indiske restauranten "Spice". Eg inviterte dei med meg heim etterpå, men berre Reiko hadde tid.
- Kan eg få sjå den bibelstudieboka? spurde ho utan oppfordring frå meg. - Har du andre bibelklasser utanom fredagskvelden? hadde ho spurd tidlegare på kvelden, så det verkar som om ho er interessert.

Då ho var her åleine, sa eg at eg godt kan lese Bibelen ilag med henne når ho har tid, og det sa ho at ho ville gjerne. Ho skal snakke med Mayumi, og så skal vi prøve å finne ei tid på laurdagane eit par gonger i månaden. Så kjekt at dei spør sjølve! Også Reiko gjekk tidleg heim, for ho må jobbe i morgon, også, på søndag. Og Mayumi skal spele tenniskamp. Dei er travelt opptatt på kvar sin kant, men dei vil gjerne også finne tid til å lære frå Bibelen. Her har du enno eit bønneemne!


Dette biletet tok eg sist eg var ute ilag med Mayumi (t.v.) og Reiko (t.h.) for over to månader sidan. Den kvelden fekk eg ønskje meg japansk mat.

2 comments:

  1. Fantastisk å lese, Inger. Må Gud velsigne deg i tjenesten fortsatt. Asbjørn

    ReplyDelete
  2. Takk for tilbakemelding, Asbjørn! Elles kan eg opplyse at mysteriet med bokpakken er oppklart. Eg skreiv ein mail til han som hadde sendt bøkene, og han svarte at han fredag morgon hadde fått telefon frå han som skulle levere pakken, om at eg hadde flytta, og då hadde han funne den nye adressa eg hadde registrert på heimesida deira. Så det var kanskje ikkje så stort mirakel likevel?...

    ReplyDelete