Sunday, November 7, 2010

Allehelgenssøndag

Idag er dagen for å minnast dei døde, særleg dei som er døde i Herren. Dagen vart markert også her i Matsue.
Men først nokre glimt ifrå fredag og laurdag:


Eg har hatt besøk av Kari Helene og Dagfinn Solheim denne helga. Dei kom ifrå Kobe fredag ettermiddag, og Kari Helene laga norsk middag til Bible Club. Her ser vi henne i samtale med førsteårsstudenten Marina, som også var på Bible Club for første gong.

Eg kjem tilbake med intervju med Kari Helene og Dagfinn seinare.


Det er kjekt å ha besøk, for då får eg sjølv også kome meg litt rundt og sjå kor fint det er her. For deg som har tilgang til Facebook, viser eg til albumet "Japanese Autumn". Der kan du sjå mange bilete frå den japanske parken vi var i i går.


Her er berre eit døme på korleis japanarane får det til.

Men tilbake til Allehelgenssøndag. Etter gudstenesta var vi opp på gravplassen og hadde andakt der. Eg hadde aldri vore der før, så eg såg føre meg ein stor gravplass der kyrkja hadde eit lite hjørne. Men her var det berre eit lite urnekapell oppi ei skråning, rett attmed eit privathus.


Det var litt rart å stå ute og syngje "Å nåde stor og underfull" ved gravkapellet, med lyden frå dei som spela baseball i bakgrunnen. Dei som hadde slektningar som var døde, gjekk inn i kapellet i tur og orden. Det var ikkje plass til meir enn to eller tre i gongen.


Her er vi samla framfor kapellet. (Foto: Katou)

I kveld har eg også høyrt på direktesending av NRK si radiogudsteneste på internett. Fint å få med seg norsk tekstlesing, preike, salmesong og orgelmusikk også. Det er ein fordel å ligge 8 timar framføre og kunne høyre 11-gudstenesta klokka 19!

Eg sit igjen med nokre tankar frå radiogudstenesta, som eg også vil avslutte med:
Allehelgensdag handlar ikkje berre om å minnast dei som har gått bort. Den handlar også om framtida. Men aller mest handlar det om oss som lever her og no. "De er saltet på jorda. De er ljoset i verda", seier Jesus.
Det handlar om å leve som lys og salt her og no.

"Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med?" står det også.

"Kjære Jesus, la meg ikkje misse krafta. Lat meg få vere lys og salt her eg går blant så mange som ikkje kjenner deg som kan gi dei framtid og håp!"

4 comments:

  1. viktige tankar..
    takk for at du deler
    rart å tenkje på at no er kl.ca 5 på natta med deg :-)

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid! Har vore oppe mange timar allereie, eg, men du søv nok enno.
    Ha ei fin veke! Reiser til Hiruzen på arbeidarmøte i dag. Tilbake onsdag. Men PCen får vere med...

    ReplyDelete
  3. Hei Inger, Kjekt å lese fra Matsue og besøk der. Du må hilse menigheten fra meg også. Fikk jubileumsheftet i posten sist uke! TAKK!
    Takk også for dine tanker som du deler med dine lesere.
    Hils også til medarbeiderene på Hiruzen, tankene er stadig der ute!
    Liv

    ReplyDelete
  4. Hei, Liv! Takk for tilbakemelding. Eg helste til dei på yakuinkai idag, så iallfall han som sende jubileumsheftet til deg, har fått takk.

    Elles så fungerer bilen godt.

    ReplyDelete