Monday, November 29, 2010
Næringsrik mat?
Eg fekk ein bra attest ifrå denne koreanske studenten på fredagskvelden medan han forsynte seg av potetballen:
-Fredag er einaste dagen i veka eg et næringsrik mat!
Slik er det kanskje for mange hybelbuarar. Så no må eg prøve å leve opp til ryktet. Denne guten legg også kvar laurdag ut bilete ifrå Bible Club på Facebook med kommentarar på japansk. Han skriv at sjølv om han ikkje trur på Gud, så synest han det er interessant å snakke med andre, og han får nye venner.
Så får eg også gi han litt åndeleg næring ein gong i veka.
Fredag hadde eg to grupper heime hos meg. Her er nokre av dei som var her på føremiddagen på engelsk bibelklasse:
Det er ikkje alltid lett for mødrene å konsentrere seg om Bibelteksten. Og eg måtte flytte vekk all knusande pynt i vindaugskarmen for desse aktive småjentene.
Det er første gong eg har tatt i bruk varmebordet (kotatsu) til grupper dette året.
Også ungdommane på Bible Club ville varme føtene under kotatsuen. Tema for kvelden var kven Gud er. Kvifor er det så mange religionar i verda? Kvifor har vi alle eit samvit som fortel oss noko om kva som er rett og gale, uavhengig av kva kultur vi kjem frå? Kan ikkje det tyde på at der er ein Gud som har skapt oss?
Kva slags te skal vi velje i kveld? Skogsbær eller fire raude frukter? Dei koreanske gutane ser ut til å like seg på Bible Club, men eg trur ikkje det er berre på grunn av maten eller utvalet på te.
I går var det 1. søndag i advent også her i Japan, men i kyrkjene er det meir vanleg med raude lys enn lilla. Eg var blitt bedt om å kome og tale på gudstenesta i Nima kyrkje. Eg håper eg fekk servere næringsrik "mat" til dei som kom.
Etter gudstenesta fekk vi også mat for magen. Det var ein liten flokk denne søndagen, men eg håper dei som kom, fekk ein god start på adventstida. "Sjå, kongen din kjem til deg!"
Denne spreke dama på 89 år vart døypt tidlegare i år. Også i små kyrkjelydar blir nye lagde til flokken.
Tilbake til Matsue var det rett på korøving, den siste øvinga før julefestivalen komande laurdag. Så var eg heim og skifta frå skjørt til bukse før eg skunda meg opp til det internasjonale senteret på "Prateparty". Der traff eg folk ifrå mange land, dei fleste studentar, og nokre engelsklærarar. Eg vart kjend med ei kristen jente frå Sri Lanka, og elles snakka eg med ein muslim frå Guinea, to studentar ifrå Mongolia og ei japansk jente som hadde studert i Stockholm i to år og snakka svensk, og ein student frå Sri Lanka som var så begeistra for Erik Solheim. Det er berre å klistre på seg ein lapp med INGER NORWAY, så tek folk kontakt. Og eg fekk invitere fleire til julekonserten/Christmas Festival.
Eg har framleis ein stor bunke med fargerike innbydingar som eg fekk med meg heim frå øvinga i går, og som eg skal prøve å distribuere i løpet av veka. Ei god anledning til å helse på naboen. Elles treng eg ikkje gå langt for å finne postkasser å legge innbydingane i.
På onsdag har Carmella invitert meg til eit par av engelskklassene hennar ved universitetet, der studentane mellom anna kan stille meg spørsmål om julefeiring i Norge. Nye utfordringar!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Om e nokken gang kommer på besøk i Japan igjen må du introdusere me for disse koreanerane du henge me for tida! E har blitt litt Korea-fan siste året, skjønna du... Du må høre me dei koreanske studentane om dei e fan av So Nyuh Shi Dae (eller Shōjo Jidai som dei kalles i Japan)! (Det e ei popgruppe, altså...) For i tilfelle kan du hilse dei å si at a) dei har en artsfrende i Norge, og b) der har dei jammen nokken flotte kristne koreanera, for flere av medlemmane e aktive kristne.
ReplyDeleteHehe....
Ellers må e si at e blei i skikkelig godt humør av å lese om ho nyfrelste 89-åringen! :)
Hei, Narve!
ReplyDeleteKjekt at du følgjer med. Eg skal spørje dei. Du kan no bli venner med dei på Facebook. Skal eg introdusere dei for deg?
Hehe, ja d kan du no godt gjøre! Kan bli moro.
ReplyDeleteE du oppe endå? Ikkje på tide å sove i Norge, eller?
ReplyDeleteKremt... Eksamenslesingstider betyr undervisningsfri, og d kombinert med mørketid betyr at e ikke kjenne til begrepet døgnrytme...
ReplyDeleteSå då blir det eksamenslesing døgnet rundt, akkurat som ein japanar?? Kjekt å sjå at du allereie er blitt venn med Ahn og Bak.
ReplyDelete