Monday, November 22, 2010

Trøorgelkurs og hallelujakor


Laurdag var eg i Oda kyrkje (omlag 7,5 mil vest for Matsue) og hadde kurs for organistane der. Fem damer deler på å spele på søndagane, og tre av dei hadde høve til å delta. Det var igrunnen ei stor nok gruppe å undervise på ein gong. På orgelkrakken ser vi Aoi Tsukimori, og ståande bak er Mari Fukao og Ai Arita.

Presten hadde spurt meg om å lære organistane fleire preludium for at dei kunne få utvide repertoaret sitt, og elles øve inn nokre advent-og julesalmar frå den nye salmeboka. Denne salmeboka er eigentleg ikkje så ny, men det blir lett til at ein veljer mest dei salmane ein kjenner frå den gamle salmeboka, og så blir mange ukjende og gode salmar ståande ubrukte.

I Oda har dei fleire som kan traktere trøorgelet, men nivået varierer, så presten hadde spurt meg å gi differensiert undervisning. Difor fekk dei først sjølve velje ein salme dei kunne.
Deretter fekk dei velje seg ut eit musikkstykke ifrå utvalet som eg demonstrerte. Då eg som 9-åring byrja å ta pianotimar, var det berre trøorgel vi hadde heime. Så eg har litt erfaring med å trø, eg, også.




Det er kjekt å undervise lærevillige elevar. Vi hadde det også kjekt sosialt. Ostekaka til fru Fukao smakte også fortreffeleg.

Etter dei andre var gått, var det tid til å snakke med presten og planleggje engelsk bibelklasse, som vi skal starte i mars. Målgruppa er elevar i vidaregåande, men også ungdomsskuleelevar og vaksne skal få vere med om dei vil. Så serverte prestekona te og tok seg tid til ein prat før eg køyrde vidare.

Fram til i går kveld gjekk det slag i slag. Frå Oda til venner i Izumo, der eg skulle overnatte til søndag. Frå kl 18 til 23 (!) hadde vi Lagsvenn-gruppe med mat, bibelstudium og fellesskap.
Søndagen starta i Izumo kyrkje med søndagsskule, gudsteneste, minibasar og engelsk bibelklasse, før eg sette kursen mot Matsue og øving med "Halleluja-koret".


Julekonserten 4. desember nærmar seg, og dette var nest siste øvinga.
I går hadde vi fellesøving med eit kor ifrå ein katolsk skule, så då vart vi plutseleg nesten dobbelt så mange som før.

Eg kjenner meg ikkje heilt trygg i situasjonen enno. Paulus skriv ikkje om kordireksjon, men eg synest orda nedanfor minner litt om mine meir eller mindre kontrollerte fakter, men då med motsett forteikn:
"...eg fektar ikkje som ein som slår i lause lufta" (1.Kor.9,26). Men det er nettopp det eg synest eg gjer, altså fektar i lause lufta...

Eg trur eg no har fått dei til å synge i takt og å følgje dirigenten sine slag, men det står att å øve på å treffe tonane betre og å få fram teksten. La oss be om at konserten ikkje må bli berre eit slag i lause lufta, men at vi verkeleg kan nå inn til hjarta på folk med bodskapen om Frelsaren, han som er Kongen over kongane og Herren over herrane.

Her er ein videosnutt tatt under øvinga i går. Det er ikkje så lett å filme og dirigere samtidig, men med to hender er det heller ikkje umulig.

Händel 1 from Inger Valbø on Vimeo.



Etter korøvinga var eg ut og åt middag ilag med Reiko og Mayumi, før vi avslutta dagen med bibelstudium heime hos meg. Ei tettpakka og givande helg, men godt med ein måndag derpå!

1 comment: