Barnevelsigning
November er månaden då japanarane tek med seg borna sine i templet for at dei skal bli velsigna av shintopresten. Dette er ein fest spesielt for borna som er tre, fem og sju år. Som eit alternativ har kyrkjene forbøn for borna i gudstenesta.

Ma-kun blir tre år og vart gjort ekstra stas på denne dagen. Her er han ilag med mor, far, farmor og farfar Katou.

I kyrkja vart alle born i alle aldrar velsigna. Denne guten frå Nigeria er i Japan fordi faren arbeider ved universitetet i Matsue. Presten bad også spesielt for babyen i mora sin mage.
Avskjed
Måndag var det misjonærsamling i Kobe ilag med NMS og Frikyrkja sine misjonærar. Arne Børresen gav oss ei interessant, innhaldsrik og utfordrande undervisningsøkt over temaet "følelser og følelsesbevissthet" (blir det noko slikt som "kjensler og kjenslemedvit" på nynorsk?).
Seinare på dag var det avskjedssamling for misjonærar som reiser heim. Takk for fellesskapet, og Guds velsigning på vegen vidare!
Framleis haust

Tilbake til Matsue. Haustfargane er framleis flotte, men det merkast at vinteren nærmar seg.
Bible Club

Denne fredagen samlast seks studentar, halvparten koreanarar. Ei av dei, Yuna, framme til høgre, vart døypt i ei av kyrkjene her i Matsue den 14. november. Ho har kalla seg ein kristen i fleire år, men det var etter at ho såg ein annan som vart døypt her i Japan at det gjekk opp for henne at ho ikkje var døypt sjølv.

Ein annan koreansk student prøver å tolke japansk kalligrafi. Til og med japanarane hadde problem med å lese teiknet 世 for "verda" i Joh. 3, 16, for det er skrive ganske ulikt slik det ser ut på trykk. Dei fleste som er innom hos meg, startar å lese, men stoppar opp ved dette teiknet. Det gir ei god anledning til å rette merksemda mot kva/kven som er objektet for Guds kjærleik, og forklare at "verda", det er deg og meg, det!
"For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne..."

Ryoko har nedteljing til jul på mobiltelefonen sin. På fredag var det 35 dagar igjen!
No comments:
Post a Comment