Monday, November 1, 2010

- Trick or treat!

Medan eg traska heimover i regnet etter korøvinga i går kveld, tenkte eg på at det var Halloween, men at eg skulle få besøk, var ikkje i tankane mine.

Nokre minutt etter at eg var komen inn, stod Nanaka og mora utanfor døra. Dei bur rett under meg. Eg har truffe dei ute nokre gonger, men ikkje snakka så mykje med dei.


- Trick or treat, seier fireåringen på engelsk. Det er første gong eg har fått besøk på Halloween, men såpass har eg forstått at det betyr at eg må finne noko godt til henne. Elles... Men ho ser ikkje skummel ut i det heile tatt. Eg finn nokre sjokoladekjeks i ei skuffe og gir henne. Ho puttar dei i posen, og så grev ho djupt og gir meg ein stor kjeks tilbake. Typisk japansk å gi takkegåve.

- Ho går i katolsk barnehage og lærer å be til Maria, seier mora. Eg håper ho lærer litt meir enn det, tenkjer eg i mitt stille sinn. Men sidan foreldra sender jenta i katolsk barnehage, har dei sikkert ikkje så mange motforestillingar til kristendommen, tenkjer eg.

- Kva gjer du på om dagane, forresten? spør mora. - For du er no mykje heime, legg ho til. Eg forstår godt at ho lurer. Det gjer nok dei andre naboane også. Eg prøver å forklare at eg jobbar mykje heime med førebuingar og at eg har fleire klasser med engelsk bibelundervisning, at eg møter studentar ved universitetet og at dei kjem til meg, at eg øver orgel for å spele i kyrkja, og eg kunne fortelje om korøvinga eg nettopp hadde vore på, at eg skal dirigere koret på julekonserten alle kyrkjene skal ha ilag. Men likevel får eg det ikkje til å høyrest ut som ein skikkeleg jobb. Det eg gløymde å fortelje om, var den engelske bibelklassa på føremiddagane, der dei fleste er unge mødre som henne. Kanskje eg skal prøve å invitere henne neste gong?

Eg har ofte høyrt fin pianomusikk nedanfrå første etasje på føremiddagane, og no har eg fått stadfesta kvar lyden kjem ifrå. Litt seinare på ettermiddagane høyrer eg litt andre tonar. Då forstår eg at det er fireåringen som øver. Mora er også opptatt av at dottera skal lære seg engelsk, og ho har ymta frampå før også om eg ikkje kan lære henne engelsk. I går nemnde ho det igjen, og eg har invitert dei på besøk i morgon ettermiddag. Dette er vel også misjonsarbeid, sjølv om folk flest synest det er ein rar jobb.

I dag tok eg meg ein tur i nabolaget med fotoapparatet for å fange litt hauststemning, som eg også vil dele med deg.









No comments:

Post a Comment