Tuesday, November 23, 2010

Haustfargar i kveldslys

Det nærmar seg vinter, men enno står lønnetrea (momiji) med fargerike lauv. I kveld har eg vore ein tur ilag med ei veninne til parken der eg var ilag med Kari Helene og Dagfinn Solheim for nokre veker sidan.

Dei siste vekene i november er parken opplyst om kvelden, og det skaper ei heilt spesiell stemning.


Klokka 16.45 kan vi framleis gå i dagslys.


Vinterpeonen trassar kulden og står snart i full blomstring.


Med tak over hovudet skal han også klare seg når snøen kjem.


Klokka nærmar seg 17, og arbeidsfolka har det travelt med å rake lauv, stengje stiar som ikkje har lys og å tenne alle lykter med levande lys langs hovudstiane.






"Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig." Salme 119, 105
(Foto: Shoko Moriyama)

Her er ein videosnutt frå den opplyste parken:

Yushien Garden in Daikonjima from Inger Valbø on Vimeo.


Hit må eg tilbake når snøen kjem og fotografere nye motiv! Då skal eg kjøpe meg "årspass", så eg kan gå så mange gonger eg vil for samme pris. Kjem du på besøk, skal eg love deg ein tur dit. Ikkje verst å ha ein slik plass berre 13, 5 km heimanfrå. Og attpåtil får utlendingar billett til halve prisen! (Berre du hugsar å ta med passet ditt...)

2 comments: