Monday, February 21, 2011

Ny eldste innvigd i Izumo kyrkje


I går var det ekstra høgtid under gudstenesta i Izumo kyrkje. Yoji Nishikori vart innsett til eldste i kyrkjelyden. Saman med presten Maekawa var eldste Nakaoku ifrå Izumo og eldste Kato frå Matsue med på forbønshandlinga.


- Det er eit Guds under at eg står her i dag, sa Nishikori i helsinga etter vigsla. - Eg tenkte ikkje for 35 år sidan då eg køyrde rundt på motorsykkel i området her at eg skulle bli døypt i denne kyrkja. Og no er eg også blitt eldste. Det er ikkje anna enn eit under!


Saman med styret i kyrkja og resten av familien. Kona og døtrene til Nishikori vart kristne først. No er familien utvida med to fosterbarn, ein svigerson og eit barnebarn.


Misako, eldste dotter til Nishikori, er den faste organisten i kyrkja, bortsett frå den søndagen i månaden eg er der og vikarierer for henne.

1 år og 8 månader, og allereie ivrig på orgelkrakken! Det lovar bra for framtida.

Så må eg også få presentere den flotte gjengen som eg har med meg på engelsk bibelklasse i Izumo:

Det er ein ivrig flokk. I går byrja vi på ei tekstbok om Paulus sitt liv; "Møte med den levande Gud". Fire i gruppa er kristne. To av mennene vart døypte rett før jul. Det er spesielt spennande å ha nyfrelste med i gruppa. Forhåpentlegvis vil det verke positivt også på dei to som enno ikkje har tatt steget. Måtte dei også få eit møte med den levande Gud!

3 comments:

  1. Så flott, Inger. Hils til gruppa. Har jeg spurt deg tidligere om to jenter fra Izumo som jeg har hatt på bønnelista siden høsten 1977, da Marit Nordhaug og Knut var der. De het Nåsåmi og Youkiko (slik vi uttalte det), søstre som den gang var rundt 10 år tror jeg, mulig litt yngre. De gikk på søndagsskolen. Har husket de helt siden den gang, men jeg vet ikke etternavn.. Hilsen Marie Gamlem

    ReplyDelete
  2. Hei, Marie! Takk for at du følgjer med. Og tenk du har bedt for to jenter i over 30 år! Men når eg tenkjer meg om, kan det ikkje vere den Yukiko som eg tenkjer på likevel, for ho er ikkje 35 enno, trur eg. Har sendt spørsmål vidare til presten.

    ReplyDelete
  3. Kan hende jeg tar feil av alderen, mulig de var yngre. Men det var da vi bodde på Skodje i 77 - 79. Så spennende.. Ja, jeg følger med deg på blogg og Facebook! Da er jeg likssom med deg på tur, Inger. Kjenner nesten mat-lukta av all den gode maten dere serverer, og eimen av Guds nærvær i forsamlingen. Fortsatt Guds velsignelse over arbeidet. Marie

    ReplyDelete