Sunday, June 28, 2015

- Dette har eg bruk for!



Idag har eg vore i Izumo kyrkje. Før engelskklassa på ettermiddagen gjekk eg ein runde mellom drivhusa og klarte å nå til å fotografere litt druer innimellom den finmaska nettingen. Tankane gjekk tilbake til ei av bibelklassene eg hadde i Nima tirsdag. Vi var komne til siste leksjon i boka "Introducing Jesus", der Jesus presenterer seg som vintreet.
Hittil har vi hatt desse leksjonane:
"Livsens brød."
"Lyset for verda."
"Den gode hyrdingen."
"Oppstoda og livet."
"Vegen, sanninga og livet."
Og no siste kapittel: "Vintreet"

Damene mine i Nima har gitt uttrykk for at dei synest det er vanskeleg å forstå innhaldet, sjølv om dei forstår orda. Men denne dagen var det noko som gjekk inn, iallfall hos ei av dei.

"Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg." Joh.15,4

"Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Joh.15,5.

Vi snakka om kva slags frukt dette kan vere. Lenger nede i kapittel 15 snakkar Jesus om kjærleik og om glede. Dette er noko vi ikkje klarer å produsere i eiga kraft. Vi las også ifrå Gal. 5 om Andens frukter: Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Vi var ganske einige om at vi har for lite av dette. Deretter såg vi på lista over kva vårt naturlege menneske kan produsere. Her er ikkje mykje å skryte av: Hor, umoral, usemd, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning, fyll, festing og meir av det slaget... Dei vart visst litt overraska over å høyre at også eg kjenner att noko av dette i mitt eige hjarte, men eg fekk også sagt at det er difor eg treng Jesus.

- Dette har eg bruk for! Det var konklusjonen til ei av engelskelevane. Noko hadde rørt ved hjarta hennar.
No er det ingen kort veg for ein japanar frå å kome med ei slik ytring til det å bli ein kristen, men det var iallfall ei oppmuntring for meg og ei påminning om at desse turane til Nima to gonger i månaden ikkje er forgjeves.

 Rett for solnedgang i Nima på jonsokaftan kl. 19.00


Det var mykje eg kunne ha skrive frå siste veka. Tida går fort, og i kveld er eg trøytt etter ein lang dag. Så her blir det berre nokre glimt:

Internasjonal gudsteneste i Matsue 21. juni



Hortensia i regntida


Glimt frå Bible Club 26. juni

Tema var påskelammet og nattverden



Og eit par bilete frå dagen idag:
Evangelist Seima fortel at idag er det nøyaktig eitt år sidan han flytta frå Kobe til Izumo. Då var han nyutdanna frå det teologiske seminaret.

Vi ser ikkje enno at åkrane gulnar mot hausten, men dei grønkast iallfall!

Tuesday, June 16, 2015

Ein gledens dag i Rokko Island kyrkje


Det at misjonæren skal reise, kan bli eit puff til nokre som står på bikken. Det har skjedd med fleire på Rokko Island i det siste.


Liv Bakke gler seg ilag med den unge guten som vart døypt. (Foto: Sei Kadoya)

Misjonæren som skal reise heim denne gongen, er Liv Bakke. 39 år etter at ho kom til Japan for første gong, pakkar ho no for siste gong. Neste år blir ho utruleg nok pensjonist.

Dei siste to periodane har Liv vore plassert i Rokko Island kyrkje i Kobe. Ho fortel at det er mykje positivt som har skjedd der i det siste.

Dåp og medlemsopptak
Første søndag i juni vart ei kvinne som var døypt i ei anna kyrkje, tatt opp som medlem, og ein tenåring vart døypt. Då var det eit år sidan sist det var dåp.

- Kouki Kadoya er 17 år og går andre året på vidaregåande, fortel Liv.
- Eg har kjent guten frå familien kom flyttande til Rokko Island for over 10 år sidan. Han har kome i kyrkja på barnemøte på laurdagane, og både på søndagsskule og gudsteneste. Han er kristen i tredje og fjerde generasjon. Familien kjem frå eit kyrkjesamfunn der det ikkje var barnedåp. Ei eldre søster og ein eldre bror er døypte i kyrkja vår, og foreldra flytta medlemsskapet sitt hit for eit år sidan.

- For tre år sidan eg las katekisme med Kouki og ein annan ungdomsskuleelev som førebudde seg til konfirmasjon, men Kouki var ikkje klar for dåp då. Det er mange som har bedt for han. Han har vore med på teens, og har kome og site på andre benk ilag med faren på gudsteneste kvar søndag, så han har vore der, fortel Liv.

- I fjor sommar hadde nokre ungdommar vore på leir. På teens spurde vi om dei kunne fortelje litt frå leiren. Kouki avslutta med å seie: «Kanskje eg også skal bli døypt». Eg vart litt paff. Kva sa han?! tenkte eg. Etterpå snakka eg med mora. Jau, han hadde fortalt han ville bli døypt. Men det drog ut, og i det siste hadde han heller ikkje vore så mykje på teens.

Eit puff
Endeleg var Kouki klar.
- På dåpsdagen sa Kouki at han ville gjerne bli døypt før eg reiste til Norge. Plutseleg vart eg litt uroleg. Blir eg ståande framfor korset og skygge for Jesus? tenkte eg. Men idet han blir døypt, høyrer eg «Halleluja-koret» i bakhovudet. Då forstår eg at det er i himlen det skjer!
Og når eg ser bileta frå dåpen, ser eg det har skjedd noko med denne guten. Det at misjonæren skal reise, kan også bli eit puff, trur Liv.

Dåpen blir feira ilag med heile kyrkjelyden. Her sit Kouki saman med bestefaren, som også er kristen. (Foto: Sei Kadoya)


Fleire ønskjer dåp
Også for fleire har det blitt eit puff, fortel den erfarne misjonæren:
- Sidan november i fjor har eg lese katekisme med eit eldre ektepar. No ringde dei og sa dei gjerne vil bli døypte før eg reiser. Men dei ønskjer at også dottera skal vere med. Ho jobbar mykje og har fri berre ein søndag i månaden, så dåpen blir litt seinare på sommaren eller hausten, etter at eg har reist. Eg er glad fordi den nye presten Kanji var med på undervisninga sist, så han kan ta over.

Også naboen
I november fekk Liv nye naboar i 9. etasje i blokka der ho bur.
- Kona spurde meg om vi hadde noko tilbod for ein ungdom, og sonen byrja å kome på teens, sjølv om han er universitetsstudent.
Eg inviterte mora til eit julemøte for kvinner heime hos meg, og ho ordna seg med fri frå jobben for å vere med! Så kom ho også på lysmessa 25. desember, ilag med sonen. Også til påskegudstenesta kom ho. Vi har hatt god nabokontakt, seier Liv.

Ungdommane sovna...
Ein kveld inviterte Liv ungdommane i kyrkja til å sjå ein film om Jesu liv. Då spurde mora om ho også kunne få kome. Liv fortel vidare kva som skjedde:
- Det var ein ganske lang film, så fleire av ungdommane sovna etterkvart... Difor avslutta vi den kvelden, for eg innsåg at filmen var for lang til å vise på éin kveld. «Når skal vi sjå resten av filmen?» ville mora vite. Eg sa at ho kunne få låne filmen, så ho hadde DVD-en nokre dagar. Då ho kom og leverte han tilbake, takka ho og sa ho forstod godt. Så mykje meir sa ho ikkje då.
Eg inviterte henne på gudsteneste og fortalde til sonen at Kouki skulle bli døypt.

Jesu kall nådde inn
- Nabokona kom og var med på dåpsgudstenesta 7. juni, fortel Liv glad.
- I preika frå Matt. 9,9 sa pastor Kanji desse orda: «Jesus gjekk forbi tollboda der Levi sat. Han stoppa ikkje opp. Det vart eit kall til meg sjølv. Idag er det Koki som blir døypt, men kanskje Gud også kallar deg idag?»
- Ho fortalde sjølv at desse orda slo ned i henne og vart eit kall. No skal også ho byrje å lese katekisme.
Då kasseraren i kyrkjelyden høyrde dette, utbraut han: «Det er då reine vekkjinga her!»

Ikkje ferdig med Japan
- I alle desse åra har eg ønska at dette skulle skje, men så har det ikkje skjedd så mykje. Det kan faktisk bli eit puff at misjonæren forlet dei. Gud er der likevel.
- Desse menneska kjem til å vere i mine tankar og bøner vidare, og også dei ungdommane som ikkje er blitt døypte enno og dei andre som kjem i kyrkja. Mellom anna tenkjer eg på ein mann som syng i koret.
- Eg kjenner at eg er ikkje ferdig med Japan, avsluttar Liv Bakke.

Liv Bakke (nr 2 frå høgre) har også vore leiar i styret på Japanfeltet i mange år. Her er ho ilag med resten av styret, stedlig representant og rekneskapsleiar ute på lunsj under det siste styremøtet ho var med på. Vi takkar for innsatsen gjennom så mange år!


Wednesday, June 10, 2015

- Mange hungrar og tørstar som ein svamp

- Etter at eg byrja å lese Bibelen sjølv og delta på bibelstudie i den lutherske kyrkja, forstod eg for ei fantastisk bok Bibelen er. No fekk eg endeleg glede og fred, seier Nobuko Omura (53), som vaks opp i den katolske kyrkja. Ho er no medlem i Izumo lutherske kyrkje.

Etter katolsk skikk på den tida vart ho døypt på sjukehuset fem dagar gammal. Allereie som 6-åring vart ho konfirmert.
- Eg hugsar at ei nonne underviste meg, men det var vanskeleg for eit lite barn å forstå. No er konfirmasjonsalderen 10 år, seier Nobuko.

Skjulte kristne
- Forfedrane mine kom ifrå byen Omura i Nagasaki fylke på øya Kyushu. Den første kristne misjonæren til Japan, jesuitten Xavier, verka i området på midten av 1500-talet. Ei hard forfølgjing braut ut i det 17. århundre. For å berge livet, måtte dei kristne anten gi opp trua eller røme. Forfedrane mine valde det siste. Dei rømde til Taisha her i Izumo, der den store shinto-heilagdomen ligg. Grunnen til at dei rømde dit, var at Taisha-området hadde andre lover enn elles i landet, fortel Nobuko.

Kristne namn blir borte
- Familien Omura heldt fast på trua i det skjulte i omlag 200 år. Fram til då finn ein kristne namn på gravsteinane. Etter den tid er det buddhistiske namn.
I Meiji-perioden vart shintoismen statsreligion, og oldefar min vart leiar i shintoheilagdomen Izumo Taisha, fortel Nobuko.

Møtte kristendommen igjen
- På den tida vart familien oppløyst, og dei opplevde problem som sjukdom og død. Då alt var på botnen, møtte dei kristendommen igjen.
Far min var på ein konsert i studietida, der han høyrde evangeliet. Han vart ein kristen, og mange i familien vart døypte.
Eg trur vi har fått oppleve «Velsigning i tusen ættledd», som det står i Bibelen. Familien vår var ikkje forkasta av Gud, seier Nobuko.

Fekk endeleg fred og glede
Nobuko vart medlem i Izumo lutherske kyrkje i april i fjor. Då hadde ho gått her i omlag fem år.
- Eg vart invitert av ein venn som hadde gått over frå den katolske kyrkja til den lutherske, sier Nobuko.
- I den katolske kyrkja er det mange som ikkje les Bibelen. Ein får utdelt eit ark, der også ein bibeltekst er med, men preika er ikkje alltid frå Bibelen. Eg trur mange hungrar og tørstar som ein svamp.
Då eg byrja å lese Bibelen på eiga hand for omlag 5 år sidan, oppdaga ting i den katolske kyrkja som ikkje står i Bibelen. Eg spurde fleire teologar, men dei kunne ikkje svare, så eg vart veldig skuffa, seier ho.
I den lutherske kyrkja hadde dei på den tida eit bibelstudie som heiter «Betel», der ein går grundig gjennom både GT og NT.
- Gjennom Betel-studiet forstod eg for ei fantastisk bok Bibelen er! seier Nobuko strålande.
- Endeleg fekk eg fred og glede gjennom Ordet!

Eit talerør
Nobuko ønskjer å vere eit talerør for Gud.
- Kva vil Gud gjere gjennom meg? undrast ho.
- Når eg ser tilbake, ser eg at Gud kunne bruke mange situasjonar til å føre oss tilbake til Han.
Guds plan er forunderleg!

-Eg er glad i det som står i Rom. 8, 28:
«Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.»
Han kan også vende det vonde til det gode.
Jesus er min Frelsar, og eg har sett at det finst ingen frelsesveg utan Han. Eg kan ikkje leve utan Jesus. Så eg ber alltid om at han ikkje må gå frå meg, avsluttar Nobuko.


Saturday, June 6, 2015

Landeplager, offerlam og "fem på Bible Club"

Det er alltid stor aktivitet på fredagskveldane i leilegheita mi. I går var det ikkje eg som leia bibelstudiet, så eg hadde tid til å fotografere litt. Men dei tre første bileta er tatt av pastor Ishimaru, som også var med denne kvelden.
Dei siste fredagane på Bible Club har Carmella hatt ein serie med bibelstudie frå 2. Mosebok. Engasjementet er stort.
I starten har Carmella litt repetisjon og ei oppsummering av det som har skjedd hittil. Dette er ikkje peace-teiknet som mange bruker når dei skal posere på biletet, men ho tel plager som Gud sende over Egypt.

Denne studenten hugsar at Gud sende hagl.

- Men kva trur du var det aller verste som kunne skje med Farao og resten av Egypt? spør Carmella, og tenkjer på den tiande og siste landeplaga.
Denne jenta tenkjer og tenkjer, men ho kan ikkje komme på noko som er verre enn det som hittil har skjedd. Kanskje at Farao døyr, eller at han må reise ut av landet? foreslår andre. For mange er dette heilt ukjent stoff.

 Carmella kommuniserer også godt med guttegjengen bak henne. Eit klasserom ved universitetet har ikkje slike krokar og vinklar, men for å få plass til alle, må all golvplass utnyttast.
Etter ei felles innleiing blir vi delte i tre grupper; to engelskspråklege grupper og ei japanskspråkleg gruppe, som eg vanlegvis har ansvaret for. Bibelteksten og spørsmåla les vi på begge språk, men i samtalen er kvar enkelt fri til å bruke det språket dei vil.
Det viktigaste spørsmålet var kva "Passover" (påske) betyr. Vi fann verbet "pass over" (gå forbi) i teksten. "Når han ser blodet på dørstolpane, vil han gå forbi." Vi snakka om kva "forbigang" betydde for israelittane i Egypt denne natta, og kva det betyr for oss at Jesus er vårt påskelam.
1 og ein halv time med bibelstudium vart for knapp tid for ei av gruppene, så vi ga 15 minutt ekstra, og likevel heldt samtalen fram under teatime etterpå.

Fem på Bible Club
Under teatime tek eg ein runde og stiller fire spørsmål til fem av ungdommane. Berre to av desse har kristen bakgrunn. Dei tre andre er ganske "blanke" frå før, men to av dei har no byrja å lese i Bibelen også utanom Bible Club, og den tredje les manga (teikneserie)-Bibelen.

Spørsmåla eg stiller, er følgjande:
    1. Når starta du å komme på Bible Club?
    2. Kvifor kjem du framleis?
    3. Kva har du lært i kveld?
    4. Kven trur du Gud er (dersom du trur Han eksisterer)?

Først ut er dei to japanske jentene Ayaka (t.v.) og Shiho (t.h.)

          Ayaka (Japan)
  1. Det er andre gongen idag. Første gong eg kom, var i starten av mai.
  2. Fordi det er kjekt, og det er god mat.
  3. Eg har lært engelsk, mellom anna ordet «Israelite», og om påske.
  4. Han er ein Gud som elskar meg.

     Shiho (Japan)
  1. Eg kom her for første gong i slutten av mars i år.
  2. Eg vil lære meir engelsk. Innhaldet også interessant, og atmosfæren veldig bra. Maten er også god!
  3. Eg lærte om påske. Vart på nytt mint om kva Jesus har gjort for oss, og eg er takksam for at Jesus ofra livet sitt for oss.
  4. Gud er ein som elskar meg. Han er stor, allmektig og fullkomen.

Chad (USA)
  1. Eg kom her i slutten av oktober i fjor, omtrent ein og ein halv månad etter at eg var komen til Japan.
  2. Eg liker å lære, og eg liker fellesskapet. Når dei andre lærer engelsk, lærer eg å lese Bibelen på japansk.
  3. (Nøler litt) Eg kjende historia godt ifrå før. Eg var litt trøytt i kveld...
  4. Han er Jesus Kristus.


    Lydia (Kina)
  1. Eg kom her første gong i desember i fjor. Eg såg det på Facebook.
  2. Eg møter mange menneske her, og synest det er fint å lære noko nytt og få praktisere engelsk.
  3. Eg lærte at dersom du trur på Gud, vil du bli berga og få hjelp.
  4. Ja, eg trur der er ein Gud, og han er overalt dersom vi trur på han.

  Mamoru (Japan)
  1. Frå starten av april.
  2. Eg kjem for å praktisere engelsk. For det andre kjem eg her fordi mange av mine amerikanske venner er kristne, så eg ønskjer å forstå kva dei trur på.
  3. Eg lærte om ulike typer offer; som lam og geit, og om blod. Eg lærte også at der er likskapar mellom denne forteljinga og forteljinga om Jesus; at dei kristne unngår evig død ved å tru på Jesus.
  4. Han er allmektig og veit alt.

 Desse fem var berre ein tredjedel av oss som var samla i går kveld.
Nedanfor ser vi nokre av dei som ikkje fekk høve til å uttale seg denne gongen, men dei hadde visst nok å prate om likevel:


Thursday, June 4, 2015

Ein dag på distriktsbibelskule

Området som eg bur og arbeider i, blir kalla "nordfeltet", som eigentleg ikkje ligg i nord i landet, men i vest, eller nordvest i Vest-Japan, om du vil. På japansk heiter området Sanin (山陰) og er samansett av teikna "fjell" og "skugge". Opphaveleg betyr visst dei kinesiske teikna "nord for fjella".

Uansett kva vi kallar det, så er det lang veg til bibelskulen vår i Kobe, og få av kyrkjemedlemene har vore der. Difor var det ein god idé å legge opp til ein dag på bibelskule på det årlege kvinnestemnet for Sanin-kyrkjene. Kyrkjene som høyrer med i dette området, er frå vest til aust: Nima, Oda, Izumo, Matsue og Arashima (Shimane fylke), Hiruzen (Okayama fylke) og Yonago, Kurayoshi, Tottori og Uradome (Tottori fylke). Alle bortsett frå Hiruzen ligg på rad og rekkje langs Japanhavet.

Vanlegvis er dette årlege stemnet første måndag i juni. Mange kvinner er heimeverande husmødre eller pensjonistar og kan reise uansett kva dag det er i veka, medan andre hadde tatt seg fri på jobben. Sjølv om kvinnene var i fleirtal, var der også fleire menn som fekk vere med, anten som sjåførar, talarar eller rett og slett som bibelskuleelev for ein dag.
Vanlegvis bruker vi å ha ein talar utanfrå til dette stemnet, men dette året valde vi å bruke eigne krefter. Og ikkje berre éin, men fire av prestane våre var i aksjon. Kvar hadde fått tildelt 30 minutt og eit tema. Rekkefølgja vart bestemt utifrå alderen. Først ut var pastor Fukao frå Oda kyrkje, som er den eldste, men er den som har kortast fartstid som prest. Han starta ifrå 1. Mosebok 1 om skapinga.

 Nesteldst er pastor Matsumura i Yonago kyrkje. Han gjekk vidare i 1. Mosebok om kulturoppdraget, syndefallet, og lovnaden om frelse. Etter ein kort lunsjpause var det ny bolk, med pastor Ohashi, dagleg leiar ved Hiruzen Bible Camp, og vart avslutta av den yngste av dei fire, pastor Kajinishi frå Matsue. Dei to sistnemnde tok oss med gjennom evangelia til Romarbrevet, med tema frelse og håp.
Kvar prest har sin eigen stil og uttrykk, så det vart ganske variert.

Det var Kurayoshi kyrkje som var vertskap denne gongen. Men det er få eller ingen kyrkje som kan ta imot eit stemne på over 90 personar, så dei hadde leigt lokale på eit hotell. Slik såg lunsjen ut, og det smakte godt. Men det var kanskje i minste laget med ris for mannfolka som var med på kvinnestemnet?

Her er nokre av dei eg reiste ilag med frå Arashima. 


Der var representantar frå kvar av dei 10 lutherske kyrkjene i distriktet. Mange kjende eg att frå "gamle dagar". Det er allereie over 18 år sidan eg reiste ifrå Tottori, og eg såg at folk har blitt eldre. 

Kvar kyrkje presenterte seg. Frå Hiruzen kyrkje var der tre kvinner. 
- I vår kyrkje er vi 11 personar. Det er dei "eldre", og så "vi vanlege eldre", sa leiaren, til mykje latter frå forsamlinga. Dei har eitt medlem i 50-åra, som er den yngste. Komande søndag skal eg opp der og prøve å oppmuntre dei utifrå Guds ord. Eller kanskje det er eg som kjem oppmuntra heim? 

I den store forsamlinga var der éi ung mor med barn. Der finst fleire rundt om i kyrkjene, og det er ikkje alle som kan ta fri på ein måndag, men det gir kanskje eit lite inntrykk av gjennomsnittsalderen mange plassar. Barne-og ungdomsarbeid er viktig, men då må vi velje andre dagar enn måndag.

Vi er berre to misjonærar i Sanin-distriktet no; Lea Lukka i Tottori og eg i Matsue og rundt omkring. Lea underviser også i periodar ved det teologiske seminaret i Kobe, i tillegg til arbeidet i Tottori og Uradome. Frå hausten kan vi ønskje familien Leirvik velkomne til Yonago, som ligg mellom Tottori og Matsue.

Måndag er også fridagen til prestar og misjonærar. Eg har prøvd å ta igjen litt av det "tapte" seinare i veka, men eg veit ikkje kor mykje prestane har tatt seg fri.

Ein dag vart eg invitert med ein tur i ein rosepark.
 Eg er nok den einaste som går rundt og reklamerer for Vestborg vidaregåande skule her i Japan.

 





Saturday, May 30, 2015

Guds ord sette spor

Det er 30-årsjubileum i Izumo Lutherske kyrkje. Yoko Ueda har ikkje vore i kyrkja på ti år. Den gongen var ho der også fordi ho var blitt invitert til jubileum.
Talen er frå Joh. 15. «Eg er vintreet, de er greinene.» Desse orda hugsar ho frå tenåra, og dei slår ned i henne.
-Dette er det! tenkte eg. Plutseleg forstod eg at eg hadde stått imot kallet, seier Yoko.
Kva hadde eg gjort med det eg hadde fått som tenåring?

Då eg kom til Matsue som misjonær for vel åtte år sidan, spurde Tore Jåtun ofte om eg hadde møtt Yoko i Izumo. Ho hadde gått i kyrkja i mange år, fekk eg vite, men familien gav henne ikkje lov til å bli døypt.

Sidan eg er i denne kyrkja berre ein gong i månaden, tok det fleire år før eg fann ut kven Yoko var.
Den 4. august 2013 fekk ho endeleg bli døypt. I det siste har eg blitt litt betre kjend med henne sidan ho også har byrja i den engelske bibelklassa eg har på søndag ettermiddag.

Tore og Herborg Jåtun har fått bety mykje for Yoko, og har halde kontakten sidan ho som tenåring byrja å kome i kyrkja. I april i år var veteranmisjonærane ein tur tilbake til Japan og møtte Yoko i Izumo kyrkje. (Foto: Privat)

Yoko Ueda er no 55 år, men den første kontakten med kyrkja fekk ho allereie som 15-åring. Her fortel ho sjølv trushistoria si.

Hadde ikkje mot
- Det starta for 40 år sidan. Tore Jåtun og familien hadde starta opp arbeid i nabolaget. Eg hugsar ikkje kvifor, men eg starta å gå på gudsteneste og engelskklasse i kyrkja. Jåtun underviste meg også i katekisma. Eg fekk spørsmål om eg ville bli døypt, men det var eg ikkje klar for. Dei andre i engelskklassa vart døypte, men eg hadde verken visse eller mot til det, seier ho.

Så gjekk tida. Jåtun sine reiste heim, og Yoko slutta å gå i kyrkja.
- Etter mange år fekk eg invitasjon til å kome på 20-årsjubileum i kyrkja. Eg kom og hadde med dei tre døtrene mine. Jåtun var der med sine born.

Ei tårevåt veke
- Det gjekk ti år til, og eg vart igjen invitert til 30-årsjubileet. Også denne gongen var Tore Jåtun tilbake og heldt jubileumstalen. Han talte frå Joh. 15. «Eg er vintreet, de er greinene.»
Desse orda hugsar Yoko frå tenåra, og dei slår ned i henne.
-Dette er det!» tenkte eg. Plutseleg forstod eg at eg hadde stått imot kallet. Kva hadde eg gjort med det eg hadde fått som tenåring? Tårene rann, og ei heil veke kunne eg ikkje kontrollere kjenslene mine, minnest Yoko.

Denne dagen vart eit vendepunkt, men det tok likevel 3 år før ho kom tilbake til kyrkja. I mellomtida var ho opptatt med borna si utdanning, men ho lånte og las bøker.
Ein dag møtte ho ei veninne frå skuletida som inviterte henne tilbake til kyrkja, og ho byrja igjen å gå på gudsteneste og bibelstudium.

Familien sa nei
No ville ho gjerne tru og bli døypt, men familien var imot. Særleg var det svigerforeldra som ikkje ga henne lov. I si fortviling reiste Yoko til Kobe for å snakke med Jåtun. Han oppmoda henne til å skrive eit brev og forklare kvifor ho ønska å bli døypt.

- Så eg skreiv brev, som eg først viste til mannen min og døtrene våre, før eg ga det til svigerfar og svigermor. Mannen min og borna mine godtok det, men det var eit sjokk å sjå at svigerforeldra mine berre kasta brevet utan å lese det.
Etter ei tid vart svigerfar sjuk med lungekreft. Då fekk eg lese i Bibelen for han. Eg heldt han i handa og las mellom anna ordet frå Jesaja: «Ver ikkje redd, for eg er med deg.» «Les meir!» sa han. Denne tida kjende eg at han hadde tilgitt meg og gitt meg lov til å bli døypt. Dette vart eit nytt steg for meg.

Samtidig vart Yoko sin yngre bror sjuk og trong stamcelleoverføring. Det at Yoko fekk gi stamceller til sin eigen bror, var kanskje også med og opna veg. Broren lever, men er framleis på sjukehuset. Ho ber om at han må bli helbreda.

- Det var mange ting som skjedde, men eg kjende at Gud var med heile tida. Eg fekk be, og eg opplevde at Gud hadde ein plan.

Det avgjerande steget
- Det var ei vanskeleg tid alle dei åra eg gjerne ville tru og bli døypt, men vart hindra av familien. Eg tenkte eg måtte vente til dødsleiet før eg fekk ta imot dåpen. Men no kjende eg det som om Gud dytta meg fram. Eg forstod at det var ikkje berre å vente, men eg måtte ha mot til å ta det neste steget, seier Yoko.
4. august i 2013 fekk ho endeleg ta imot dåpen, nesten 40 år etter at ho først byrja å kome i kyrkja.

- Eg kjenner at Gud er der, og eg har håp. Eg trur at Gud også kan helbrede bror min. Familien framleis ikkje-kristne, men eg kan formidle det eg har høyrt. Ingen gjer motstand lenger.

Eg er veldig glad i versa i 1. Tess. 5, 16-18: «Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk Gud, kva som enn møter dykk!»
Eg er heldig som kan ha glede midt i det som kan vere vanskeleg. Eg liker å skrive kaligrafi, og mange blir glade for å få eit bibelvers som eg har skrive. Slik har eg har funne min måte å gi Guds ord vidare på.

Yoko er glad i japansk kaligrafi. Her har ho skrive versa frå 1. Tessalonikarbrev, som betyr mykje for henne.

Ingen større kjærleik
- Kvifor var det så viktig for deg å bli ein kristen, sjølv om familien var imot?
- Eg ønska å komme tilbake til Gud og få syndene tilgjevne, og eg ønska også gjere noko for Gud.

- Kva betyr Jesus for deg idag?
- Han er min Frelsar, som døydde for meg på korset. Det finst ingen større kjærleik. Han er alltid er hos meg. Det er stort å kunne be til ein Gud som høyrer. Sjølv om eg kjenner på uro, får eg fred og nytt mot når eg ber. Eg ønskjer og ber om at også familien blir frelst.
På grunn av alt det vanskelege som eg har vore gjennom, skulle ein tru eg ville blitt sjuk, men Gud har gitt meg helse. Det er berre Guds nåde, avsluttar Yoko Ueda.

Monday, May 18, 2015

Åleine på 17. mai?

Nei, eg var ikkje åleine på nasjonaldagen, sjølv om eg var åleine norsk. Dei få timane eg var åleine, var gode å ha for å slappe av innimellom alt anna som skjedde på ein meir eller mindre vanleg søndag.
På føremiddag var eg med på tenåringsklasse og gudsteneste i Matsue kyrkje. Deretter hadde eg eit par timar heime før eg henta to studentar og køyrde til pinsekyrkja, der vi øvde med koret. På komande laurdag arrangerer kyrkjene i byen konsert med ei koreansk gruppe, og felleskoret skal vere med på to av songane. Koreanarane har turné i Japan kvart år, og dei syng på japansk.


 Etter korøvinga plukka vi opp endå ein student og køyrde vidare til den lutherske kyrkja for å øve til den internasjonale gudstenesta.


Denne gongen slapp eg å preike sjølv. Vi hadde gjestetalar frå Florida i USA. Bob er studentprest ved Florida universitet, og kvart år tek dei imot studentar ifrå Matsue der.
Bob er ein engasjert forkynnar. Han var så ivrig at han i starten gløymde å vente på at Ikuko skulle tolke det han sa til japansk. Ho gjorde også ein fantastisk jobb, både som tolk og fløytist. Godt å ha slike medarbeidarar!

Denne våren var 16 studentar på eit 3-vekers opphald i Florida. Det er 6. år på rad at Carmella og Scott har med studentar dit. Studentane får møte kristne jamaldringar og bur hos kristne familiar. Fleire får eit meir positivt forhold til kristendommen etter dette, og nokre av dei har kome fast på Bible Club.


 Laurdag var eg invitert til lunsj på universitetet ilag med gruppa som var i Florida i vår. Dei stilte opp og song ein kristen song som dei hadde lært der. Ein av gutane hadde lånt gitaren min. "Lead me to the cross", song dei, både på engelsk og japansk. Tenk om det kunne bli ei verkeleg bøn for dei. Vi kan iallfall be om at dei må bli leda til korset.
Eg har fått høyre at fleire av desse studentane spelar forskjellige instrument. I tillegg til gitar, er der også nokre som spelar fiolin og saxofon. Så i framtida håper eg at vi kan få dei med og spele også i kyrkja.

I går kveld, på 17. mai, fann også mange av dei vegen til Matsue lutherske kyrkje, og fleire av dei for første gong. Så fantastisk å ha så mange studentar med. Når eg tel med to som gjekk før biletet var tatt, ser eg at over halvparten er ikkje-kristne. For ei muligheit! Fleire kom nok fordi Bob var der, men eg håper dei fekk lyst til å komme igjen. Neste internasjonale gudsteneste er 21. juni.

Sidan eg slapp å preike denne gongen, tenkte eg at eg kunne bidra litt på andre måtar. Litt 17. mai-feiring ville eg gjerne ha, sjølv om eg var milevis ifrå andre norske. (Ca 27 mil...)
Nonstoppen fann eg tilfeldigvis på ein butikk i Norge i fjor sommar, så dette har no vore planlagt ei stund, då. Grunnen til at den eine kaka er litt skeiv, var at steikjeomnen var nokre millimeter for liten, så den eine kakeforma måtte stå litt på skeiva.

Alle såg ut til å vere glade for å få kake. Men fedrelandssalmen måtte eg synge åleine...

Det var bra stemning under "kyrkjekaffien" (der vi serverte te og ikkje kaffi), og eg skulle til å hysje på dei, slik eg ofte gjer på fredagskveldane her hos meg, men så kom eg plutseleg på at no er vi i kyrkja, og eg slepp å ta omsyn til naboane. Kanskje vi burde legge Bible Club til kyrkja, også, no?

For at du skal få med litt av korleis stemninga og lydnivået kan vere på fredagskveldane heime hos meg, kan du sjå på videoen nedanfor frå fredag 15. mai. Eg er imponert over dei som prøver å føre ein seriøs samtale i dette "kvepsebolet":


Det er bra at ungdommane trivst her, men det er tynne veggar her, så eg lurer på korleis naboane mine opplever det...

Tilbake til 17. mai. Nei, eg hadde ikkje tid til å setje meg ned og synest synd i meg sjølv som var åleine norsk på denne dagen. Sjølvsagt kunne eg ha avlyst den internasjonale gudstenesta og reist til Kobe for å vere med på norsk feiring, men så viktig er det ikkje for meg. Hadde dei klart seg utan meg i kyrkja, kunne eg kanskje ha reist. Men føreløpig har eg ikkje funne andre som kan spele piano til lovsongen. Og elles ville eg ikkje ha vore forutan gudstenesta i går!

Litt kontakt med andre norske har eg likevel hatt gjennom Facebook. Eg fekk så mange helsingar at det nesten såg ut som om det var eg som hadde gjebursdag, og ikkje heile Norge.

Ein 17. mai-selfie måtte eg sjølvsagt legge ut på Facebook.

Idag fekk eg også lese talen som ein medmisjonær heldt for dei andre norske i Kobe i går. Johan Leirvik skriv så bra at eg har lyst å dele den også med dykk. Det er godt skrive på nynorsk, men eg er sikker på at talen gjorde seg enno betre muntleg på telemarksdialekt.

https://leirvikijapan.wordpress.com/2015/05/18/17maitale/

Neste år kan eg sikkert feire 17. mai ilag med familien Leirvik, som skal flytte til Yonago til hausten. Tenk slik luksus å ha andre norske berre 35 kilometer unna! Men det er ingen grunn til å synast synd i meg som er åleine norsk her. Idag har eg forresten hatt ein heil dag heilt for meg sjølv. Det gjer godt etter ei slik helg. I morgon går turen til Nima igjen, med engelske bibelklasser.