Wednesday, March 9, 2011

Tid for avskjed

Mange gonger har eg tatt farvel, men oftast er det eg sjølv som reiser og andre som blir igjen. Denne månaden er det andre vegen.

Reo
Sist fredag, i tjukk snøkave, flytta mine tidlegare naboar ut av leilegheita si. Eg kunne sjå flyttebilen ifrå verandaen min. Der borte flytta eg ut sommaren 2009.

Etter at flyttelasset hadde gått, kom familien på lunsj hos meg.

Norske kjøtkaker og poteter smaka visst godt. Far til Reo er frå Hokkaido, og han mintest barndommen då dei fekk kokte poteter til lunsj på laurdagane.

Sjå avskjeden med Reo på video nedanfor. Han synest visst ikkje det er så trist å seie farvel til meg...Han er meir opptatt av andre ting:

Bye-bye, Reo! from Inger Valbø on Vimeo.




Bye-bye, Reo! Håper vi møtest igjen. Kanskje boka "Den usynlige vennen" som eg gav han i avskjedsgåve før eg reiste til Norge, ein dag vil dukke opp av kassene når dei pakkar ut?

Tomo
Også blant studentane er det fleire som reiser ifrå Matsue for tida. Ein av dei er Tomo.

Tomo er til høgre på biletet.
Tomo betyr "venn", og det var ein venn som tok han med til Bible Club første gong, for vel 2 år sidan. Det var Shinsei, som nokre av dykk traff i Norge i fjor, og som eg også har skrive om i Prosjektkatalogen. Tomo har kome på Bible Club så ofte han har hatt anledning, og eg har også fått hatt eit par bibelstudium berre med han. No sist søndag kom han også i kyrkja, sidan det var siste sjanse før han flyttar.
Han har fått seg jobb i tollen i Kobe, så heretter er det kanskje han som skal sjekke storbagasjen til NLM-misjonærane?? Eg har ofte ærend i Kobe, så eg skal prøve å halde kontakten, og sjå om eg kan finne nokre kristne å kople han opp til. Eg har allereie presentert tre kyrkjer for han, så eg ber om at han ein dag vil oppsøkje ei av dei.

Anne Marie
Den tredje som har forlatt oss sidan sist, er tidlegare Japan-misjonær Anne Marie Lillevik. For eit par dagar sidan fekk eg meldinga om at ho har flytta heim. Mannen hennar Hans bygde mange hus i sitt liv som bygningsmann, også det fine huset ho budde i, men det er ingen som skal bu her for alltid. Derimot i Herrens hus, der skal vi få bu i lange tider, eller som det stod i 1938-omsetjinga av Salme 23: "og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd". Det er lenge, det!
Det var alltid godt å ta turen opp til Anne Marie då ho budde på Hiruzen, og det året eg budde på Stranda, var vegen endå kortare og besøka endå oftare.


Dette biletet er tatt i starten av mars for eitt år sidan. Fem av dei seks japanske ungdommane eg hadde besøk av i fjor vinter, fekk treffe Anne Marie. Her er tre av dei, med flotte Sykkylvsfjell i bakgrunnen. Han nærast Anne Marie er Shinsei, kameraten til Tomo.

Vinter eller vår?
Her vekslar det med snøbyger og milde dagar, men idag er temperaturen nede på 5 grader igjen. Men plommetrea blomstrar og gir håp om at det blir skikkeleg vår snart.




Mars betyr mykje reising, så denne veka prøver eg å lade opp.
Slik ser kalendaren min ut frå neste veke:

14.-17.3 KGK studentleir i Fukuyama ilag med to studentar frå Matsue
20.-21.3 WJELCs årsmøte i Okayama
22.-25.3 Misjonærkonferanse på Hiruzen
25.-26.3 Osaka, bryllup for Hiroko & Naoto 26.3.
27.3 Arashima kyrkje ilag med Magne Gillebo og Kjetil Tollheim (Fjellhaug-student)
28.3 Matsue ilag med Kjetil
29.-31.3 Ungdomsleir, Hiruzen


1.4 - puste litt ut, og kanskje ut og sjå på sakura...

2 comments:

  1. Hei
    Vil gjerne snakke med deg om jordskjelv og tsunami. Kan du kontakte meg på telefon (Noreg)70 27 08 00 eller 90 66 26 27 om det er mogeleg, eller Epost post@bygdebladet.com

    MVH Bjørn Steinar Skarbø

    ReplyDelete
  2. Har allereie svart på mail til Bygdebladet.
    Kom nettopp på at familien eg hadde avskjed for for ei veke sidan, har flytta opp til Ibaragi, nord for Tokyo. Sende ein sms for å høyre om det står bra til, og fekk til svar at dei har det bra, men pga straumstans og stadige etterskjelv har dei evakuert til bykontoret.

    ReplyDelete