Friday, March 11, 2011

Jordskjelv

Folk i Norge følgjer visst betre med på nyheitene enn meg. Eg har vore opptatt med å lage mat til Bible Club, så eg visste ingenting om jordskjelv før studentane kom inn døra. Vi høyrde litt på radio (har ikkje TV, her, nei), og vi bad for dei som var ramma, men har ikkje fått sett meg ned å lese nyheiter før no etter at studentane har gått.
Medan ungdommane kosa seg med poteter og kjøtkaker, fekk eg sendt nokre meldingar heim til Norge om at eg sjølv har det bra.

No les eg nyheiter frå Japan på Sunnmørsposten si heimeside. Dette er voldsomme krefter. Minner frå 1995 i Kobe dukkar opp, men dette er berre mykje verre.

Kom nettopp på at familien eg hadde avskjed for for ei veke sidan, har flytta opp til Ibaraki fylke, nord for Tokyo. Sende ein sms for å høyre om det står bra til, og fekk til svar at dei har det bra, men på grunn av straumstans og stadige etterskjelv har dei evakuert til bykontoret.

Eit vers som vart godt for meg 17. januar 1995:
"For fjella kan vel vika, og haugane rikkast, men mi miskunn skal ikkje vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje rikkast, seier Herren, han som forbarmar seg over deg." Jes. 54, 10

7 comments:

  1. Så godt du har det bra!
    Har tenkt på deg i heile dag.
    For eg er ikkje så stødig i Japansk geografi.
    vondt at Japan og områda rundt skal bli så skadelidande no igjen.

    klem til deg

    ReplyDelete
  2. Takk for oppdateringa! Ha en god kveld videre. Klem fra Marie G.

    ReplyDelete
  3. Me ber spesielt for Japan no i desse tider.
    Det er vondt å sjå på nyheter - både på NRK og på nettet - om alle ødeleggelsane.
    Øystein og Åse Karine på Flekkerøy

    ReplyDelete
  4. Takk, Sigrid, Marie, Åse Karine og Øystein!

    ReplyDelete
  5. Glad for at du har det bra !
    Tenkte på deg med det samme ej hørte om ka som hadde skjedd.
    En fryktelig hendelse... Tenker veldig på dei som er ramma av dette...

    Mvh Frode O.

    ReplyDelete
  6. Hello Inger. I was looking up a old friend on Google and somehow ended up on your blog. I am try to get back in touch with Carmella Lieske and was wondering if you could be kind enough to forward me her email address. My contact info is sylviapan.hk at gmail.com

    Thank You.

    ReplyDelete
  7. Hei, Frode!
    Lenge sidan eg har høyrt frå deg no. Takk for omtanke. Kjem truleg i Sunnmørsposten på måndag, og kanskje i neste Bygdebladet, også. Er langt utanfor jordskjelvområdet, men er visst interessant berre med det å bu i Japan!

    Hi, Sylvia, I just sent her address to your e-mail. Thank you for following me, even if I don't know you:)

    ReplyDelete