Sunday, March 13, 2011

"... og havet var ikkje meir"

Ei linje frå teksten pastor Maekawa preika ifrå i dag, gjorde inntrykk på meg. Eg har aldri tenkt på kva det betyr at når Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord, så skal der ikkje meir vere noko hav. Presten hadde ikkje vald tekst utifrå det som har skjedd dei siste dagane, men han har gått gjennom eitt kapittel i Johannes openberring kvar søndag, og var idag komen til nest siste kapittel. Men aldri har vel teksten passa betre enn no.

Joh. op 21 opnar slik:
"Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. " (v.1)

For oss her i Japan, og for alle rundt om i verda som har sett korleis havbølgjene har herja landet her, forstår kva dette betyr. Denne verda skal ikkje bli verande for evig. Det verkar som om det som no skjer, er fødselsveer som aukar i intensitet framfor ein ny fødsel. Jesus har førebudd oss på dette.

Ein dag skal det skje noko nytt, og då er det slutt på all liding. Men eg kan likevel ikkje forklare kvifor Gud let så mange menneske døy...

"Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte." (v.4)

Eg har høyrt radio heile tida i bilen på veg til Izumo i dag tidleg, og heimatt i kveld. Mellom kl 8 og 9 kom det melding om to nye skjelv, og også på veg heimatt, mellom 20.30 og 21.30, kom det også melding om nye skjelv. Og i løpet av dei to-tre neste dagane er det 70% sjanse for eit kraftig skjelv i samme området, vart det sagt.
Og frå Sendai, den hardast ramma byen, vart det lese opp kor mange som sidan fredag ettermiddag har site innesperra i vassmassane. Hundrevis og tusenvis som framleis ikkje er blitt berga ut.


Eg må få nemne denne familien igjen, mine tidlegare naboar, som eg tok farvel med for vel ei veke sidan, nøyaktig ei veke før det store jordskjelvet. Dette er siste biletet eg tok av dei før dei flytta. Eg fekk melding frå kona i dag, om at i går kveld hadde dei fått att straumen, så ho og guten kunne flytte heimatt. Dei hadde evakuert på fredag. Mannen hadde nettopp byrja i ny jobb (omplassert frå Matsue) i ein annan by, truleg nærare havet. No i dag hadde han endeleg kome seg heim. Bilen var tatt av tsunamien, fortalde ho...
Det vart plutseleg så nært. Denne bilen som eg har sett kvar dag i over to år, vart tatt av havet. Så godt at ingen av dei var i bilen!

Eg kjenner det har blitt litt for lite søvn sist natt, og det har vore ein lang dag, så eg burde ha avslutta for lenge sidan. Men når eg først set i gong med skriving, er eg visst vanskeleg å stoppe...

I morgon tidleg skal eg ut på ein ny biltur. (langt ifrå havet...) Eg skal ha med meg to jenter på studentleir. Eg fekk nettopp melding frå lagssekretæren om at han har fått influensa og kan ikkje kome før tidlegast på onsdag, men han har fått ein reserve ifrå tirsdag. Så i morgon er det kanskje eg som må steppe inn.

Eg tek med meg PC, men eg veit ikkje om det er mulig å komme på internett.
Ha ei god veke på din plass!

4 comments:

  1. Nettopp hjemme etter familiemøte på Misjonssalen. Fullt hus og mange barnefamilier, nytt barnekor sang så fint Velsignelsen da vi avsluttet møtet. Ja, godt å vite at Herren skal bevare oss, Inger. Lykke til med leir. Er med deg i tanker og bønn. Jeg drar til Ann Kristin og familien i dag, skal passe unger denne uka og Ann Kristin og Knut skal til London og feire hennes 40 års dag. klem fra Marie G.

    ReplyDelete
  2. Tenkjer på deg!
    G-11 i dag.
    Møte i kveld.
    Er med dokke i tankar og bøn.
    Sjølv om du bor eit stykke i frå, er det tross alt i Japan det skjer. Forstår at det vert nært når nokon du kjenner mista bilen.

    mvh Sigrid

    ReplyDelete
  3. Sat å tenkte slik på deg og alle der i Japan no i ettermiddag. Skreiv litt om det på bloggen min.

    http://refleksjon-sigrid.blogspot.com/2011/03/nihonkoku-solopphavsland.html

    ReplyDelete
  4. Sterkt å lese om dagens tekst som "tilfeldigvis" dukket opp idag, 2 dager etter første jordskjelvet. Guds veier er uransakelige. Må si at det Japanske folk har vært i mine bønner. KAn ikke fatte hvordan de kan klare å gripe tak i opprydding etter en sånn omfattende katastrofe. Godt det er i Japan, for maken til ryddig og systematisk folkeslag. Her følges anbefalinger til punkt og prikke. Tenker på deg som skal være en Guds utsending midt oppi dette! Må Guds velsignelse være med deg og alle i Japan som har mange uante utfordringer! VH Gunvor

    ReplyDelete