Monday, March 28, 2011

Bryllaup med stil


No har Naoto fått si Hiroko. Det var ein strålande dag, men det var nok kanskje med litt blanda kjensler å feire bryllaup etter det som har skjedd i Japan siste vekene. Likevel -at ungdommar vel å stifte heim ilag viser at livet går vidare, trass alt.
(Foto: Rei Nagata)

Sjå video av Naoto som fører bruda si nedover "kyrkjegolvet" i hotellkapellet:

Happy Wedding 2011.3.26 from Inger Valbø on Vimeo.




Dei var berre heilt nydelege, begge to!


Det var også kjekt å treffe igjen Yoko og andre venner ifrå Kita Osaka kyrkje, der eg arbeidde i 6 år.
Ifrå hotellet var det flott utsikt til Osaka Castle park. Du kan skimte borga midt mellom meg og Yoko.


Fleire venner ifrå Osaka-tida. Eg var den einaste med sunnmørsbunad i bryllaupet, og einaste norske, også, for den del.


Kyrkjekoret song under middagen, og kva var meir naturleg enn at brudgommen også stilte opp? Dei har trass alt berre ein tenor...

Lytt til songen deira her:

Great is Your Faithfulness from Inger Valbø on Vimeo.



Dei fleste gjestane var ikkje kristne, så bryllaupet var også eit høve for Naoto og Hiroko til å vitne om trua si. Og det gjorde dei, også.


Eg las nettopp i Vårt Land at japanarar ikkje viser så mykje kjensler anna enn i spesielle samanhengar, som i til dømes bryllaup, stod der, og det stemmer nok. For då Hiroko heldt tale og takka foreldra og storebroren, var det ikkje fritt for tårer.


Etter at dei har gitt blomster til foreldra, er det Naoto sin tur til å takke sine foreldre.


Bryllaupsfesten er over på 2 1/2 time (1/2 time på "overtid"), og tårene er bytta ut med smil. Takk for at du kom! Og så gir dei oss gåver til å ta med heim, i tillegg til den store posen med gåver som vi allereie har fått utdelt ved bordet.



Ei av gåvene var ein CD med seks korte intervju med Hiroko og like mange med Naoto.

"Our Testimony about the Third String" er tittelen på CDen. Verset som dei hadde inngravert i armbanda frå forlovingsdagen, gjekk igjen som ein raud tråd i fleire innslag under festen:

"Om nokon vinn over den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart."
Forkynnaren 4,12
"Den tredje tråden" er Gud. Å ha han med i alt, gjer ekteskapet meir slitesterkt.

Intervjua er tidlegare blitt sendt på Lutheran Hour sitt radioprogram, som har sendingar kvar morgon frå måndag til laurdag. I intervjua fortel begge to kvar for seg korleis dei har blitt leia til tru og korleis det er å leve som kristne. Hiroko vart ein kristen i 2008, og Naoto for omlag 8 år sidan. Han fortel om den første Norgesturen som vart eit vendepunkt for han.
Etter eg kom heim og såg på biletet på CD-coveret, oppdaga eg at det er rett og slett Ørskog kyrkje som er avbilda! Biletet tok han 3. mars i fjor då han var tilbake på Sjøholt ein snartur.

Naoto har sagt at hadde han ikkje blitt kjent med meg, ville han kanskje ikkje ha blitt ein kristen, eller iallfall ville han ikkje ha blitt det så tidleg! Det er stort å oppleve å få vere ei lita brikke i Guds puslespel...


Og dei levde lukkeleg alle sine dagar. Så får vi be om at det ikkje berre er sant i eventyra, men også i det verkelege livet. Med Gud som den tredje i den tretvinna tråden.

For å sjå fleire bilete, klikk på Facebook Fotoalbum nedanfor:

Facebook Fotoalbum

(Klikkar du på det første biletet, får du det større, og du kan bla gjennom albumet ved å klikke vidare på pila i høgre kant av kvart bilete.)

2 comments:

  1. Helt fantastisk å lese, høre og se Inger!! Jeg er dypt rørt! Gud er god!

    ReplyDelete