Thursday, December 30, 2010

Siste juleselskap i 2010


Dagen starta med snø, og det skal det visst bli meir av, i følgje vêrmeldinga.

Japanarane rydda bort jula allereie 26. desember, som heiter 2. juledag i Norge. Men her hos utlendingen står julepynten framme enno. I dag hadde eg det siste juleselskapet for dette året.
Det var tenåringsgruppa frå kyrkja med nokre vaksne, pluss ein liten aktiv afrikanar som skulle ta og kjenne på det meste. Her er dei store og dei små gutane samla.


Jentene samla seg rundt varmebordet (kotatsu).


Dagens nøtt: Kven er dette? Eg hadde det artig i går med å finne fram bilete av ungdommane og elles folk i kyrkja, og skjere vekk såpass mykje av bileta at det kunne bli vanskeleg å kjenne igjen folk. Men at det skulle vere vanskeleg, hadde eg ikkje tenkt meg.


Yoshiya i midten drog ikkje eingong kjensel på seg sjølv...


- Dette må vere Tomomi!




Ein del av julepynten fekk litt hard medfart, men det var mest min eigen feil som ikkje hadde gøymt unna før toåringen kom på besøk.Men kva gjer det at ein engel står att utan hovud og vengjer når Joseph og dei andre ga uttrykk for at dei hadde hatt det kjekt, eller når Sakura, som var invitert av den kristne veninna si, seier ho har lyst til å kome i kyrkja?

3 comments:

  1. Så koseleg selskap!
    flott den du fekk med Marit..
    eg fekk Julekrybbe kjøpt same stad..

    Godt nytt År min venn!

    ReplyDelete
  2. Korleis veit du det var frå Marit, og ikkje frå Tove? Du hadde faktisk rett.
    Godt nyttår, Sigrid, 25 timar og 8 minutt for tidleg herifrå...

    ReplyDelete