Wednesday, December 15, 2010

Lovsongsmøte og konsert

Det er så mykje som skjer at eg rekk ikkje å skrive om alt. Sist helg var ganske intens, med ansvar for lovsongsmøte på laurdag ettermiddag og samtidig førebu for gjestane som skulle kome på besøk. Og så ein langdag i Izumo kyrkje på søndag.


Laurdag var øvingsdagen for "Youth Gospel Club", men sidan vi fekk mange gjestar, vart det lagt opp til lovsongssamling med minikonsert. Ekteparet Yumi og Hideki Ui har vore misjonærar i 10 år i eit land som ikkje er ope for vanleg misjon, og no reiser dei rundt i landet og fortel frå arbeidet sitt og har konsert. Vi var så heldige å ha dei i Matsue-Izumo-området denne helga.


Dei to andre gjestane er ikkje eit ektepar enno, men dei har konkrete planar om å bli det. Fleire av dykk vil truleg dra kjensel på denne karen, som har vore to gonger i Norge. Første gong han var i Norge, sommaren 2002, møtte han Jesus, og andre gong, i mars 2010, ønska han å møte att dei som la til rette for at han fekk møte Jesus. Han heiter Naoto Hashimoto, og er ifrå Osaka. No kom han til Matsue for å presentere forloveden sin for meg. Ho heiter Hiroko Nozaki og er utdanna fiolinist.


Fru Aoki var søndagsskulelæraren til Naoto då han var liten, og ho strålte av glede over at arbeidet har gitt resultat.


Hiroko og Naoto bur langt frå kvarandre, og det er ikkje så ofte dei har tid til å møtest. Etter lovsongsmøtet brukte dei nokre timar i kyrkja til å øve til barnejulefesten i Izumo søndag, der dei skulle delta. Om sider vart middagen ferdig. Begge to sette pris på Toro's viltgryte med bakte poteter og tyttebærsylte. Det vart ingen restar av 4-porsjonspakken...


Dei to forlova seg i oktober. På armbanda har dei inngravert ei bibelhenvisning: Eccl 4:12, der det står:
"Om nokon vinn over den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart." Forkynnaren 4,12

Eg kan nemne at bryllupsdagen er sett til 26. mars, om nokon vil sende dei gratulasjonar.

Søndag ettermiddag var det barnefest i Izumo kyrkje. Mange sat med store auge og høyrde på dei to ungdommane som spela og song, og enkelte let seg rive med. Sjå video!

Children's Christmas in Izumo from Inger Valbø on Vimeo.




Levande flanellograf, med heile juleevangeliet på magen! Engelen Gabriel kunne visst melodien på Händels "Halleluja" allereie på den tida.

Hiroko og Naoto måtte reise før julefesten var slutt, men dagen var ikkje slutt i Izumo. Etter å ha fått kveldsmat ilag med prestefamilien Maekawa og ekteparet Ui, var det tid for kveldsgudsteneste. Det vil seie, denne kvelden vart det ikkje vanleg gudsteneste, men konsert. Her er eit lite glimt med Yumi og Hideki Ui:

Sax concert in Izumo church from Inger Valbø on Vimeo.

1 comment: