På bytur etter styremøte i Kobe tirsdag 7. desember. F.v. Johanna Tervonen, Ingebjørg Hildre og Kirsti Strand.
Omgitt av lys på alle kantar og med korsong over høgtalarane, blir vi dirigerte av vakter og politi gjennom lysgata. "Det er ikkje lov å stoppe opp for å ta bilete", seier dei, så eg prøver å halde flyten, men folkestimen er ikkje så tett denne kvelden, så det går an å stoppe litt opp. Det er lov å ta bilete, men helst i fart. Og då er vel levande bilete beste løysinga.
Walking in the Light 2 from Inger Valbø on Vimeo.
Foto: Ingebjørg Hildre
Kobe Luminarie er ein lysfest som er blitt halden kvart år i desember sidan 1995, til minne om det store Hanshin-jordskjelvet 17. januar samme året. Det betyr at det i år er 16. gong Luminarie er sett opp.
Lysa vart gitt av den italienske regjeringa, og installasjonen er produsert av Valerio Festi og Hrokazu Imaoka. Lysa blir sette opp for eit par veker og blir slått på nokre få timar kvar kveld i eit par veker i desember.
Kvart einaste lys er farga for hand. Kvart år kjem mellom tre til fem millionar for å sjå på Luminariet, og i år var eg ein av dei.
Walking in the Light 4 from Inger Valbø on Vimeo.
Skal tru korleis det blir å gå gjennom den himmelske stad? Då blir Luminarie berre ein skugge. Men kor mange av dei millionane som har gått gjennom Luminarie dette året får bli med inn i den himmelske stad?
Hei Inger. Så kjekt å se dere på nett!! Herlig lysstemning og flotte gater!! Tenk at det blir flottere enn dette i himlen.. God advent, Inger!
ReplyDeleteHei, anonym! Er det Liv, skal tru? Iallfall einkvan som kjenner dei som er på biletet. Ja, himmelen kan vel ikkje samanliknast med noko her på jorda. Og der er der ikkje lyspærer, men diamantar!
ReplyDeleteHei Inger,
ReplyDeleteJeg skrev ikke det foregående, så det først idag. Neste år får jeg håpe at jeg kan se det sammen med dere. Og at vårt virke i Japan kan føre til at flere skal få gå gjennom den staden der lysglansen og gleden skal bli mye større!
Liv