Medan eg ventar på at nytt kjøleskap skal bli levert på julaftan ettermiddag, har eg fått plassert frysevarene mine hos naboen under meg, og maten i kjøleskapet har eg flytta opp i den kjølegare fryseboksen, som ikkje frys lenger. Som takk for hjelpa inviterte eg naboen på heimelaga småkaker den ettermiddagen. Eit gammalt og utbrukt kjøleskap kan altså gi muligheiter til å treffe folk og snakke om innhaldet i jula!
I dag har keisaren feira fødselsdagen sin, og omlag 2600 menneske møtte opp utanfor slottet for å gratulere han med dagen. Dette er også einaste fridagen i den japanske jula, så mange kyrkjer nyttar lillejulaftan til lysmesse eller julefest. Eg har vore på eit privat juleselskap i dag.

Eit kristent par i Izumo leigde eit tømmerhus i sveitsisk stil og arrangerte julefest der for nokre av sine ikkje-kristne venner. Eg hadde andakt. Mayumi var med meg frå Matsue.

Frå i morgon til søndag har eg fullt opp, så eg tenkte at skal det bli ei julehelsing, må det bli i kveld. På føremiddagen må eg gjere ferdig preika til søndag, og deretter førebu meg til dei andre julearrangementa eg skal vere med på før den tid. Eg har invitert nokre ikkje-japanske veninner til middag, og så går vi i kyrkja om kvelden på lysmesse og caroling. Laurdag morgon, det er visst 1. juledag, ja, tek eg toget til Nima på norsk lunsj hos Kari Opperud, og så skal eg hjelpe til med julefesten om kvelden. Eg overnattar der og tek toget direkte til Arashima søndag morgon for å preike der. Så er jula slutt for japanarane, men eg skal heim til meg sjølv og ta det roleg nokre dagar. Til dømes har eg tenkt å lese juleposten som har samla seg opp i innboksen min, og eg har lånt mange bøker som eg trur eg skal få tid til å kose meg med. Og så får eg sjå om nokon har tid til å kome på besøk.
Men no skal eg ikkje trøytte deg med alt eg skal gjere. Du får heller kike på bloggen når eg har fått nokre bilete ifrå jula.
Då vil eg berre ønskje deg ei riktig god jul og eit godt nyttår!

God Jul til deg!
ReplyDeleteStor klem frå sigrid
God jul og godt nyttår Inger :)
ReplyDeleteKlem fra Terese