Wednesday, January 5, 2011

Kvitt nyttår

Godt nyttår!
Eg har vore heime i Matsue allereie to dagar etter nyttårsleiren på Hiruzen, men fram til no har eg delt bilete berre på Facebook. Det vart ei snørik nyttårshelg. Ja, folk sa at det har ikkje snøa så mykje på over 40 år. På Hiruzen fekk dei ein månads nedbør på tre dagar. Nyttårsdag var det målt 103 cm, og det meste av det var kome i løpet av to-tre døgn.


Nadine frå Jamaica fryda seg over å oppleve "ekte" snø. - No forstår eg endeleg kva uttrykket "kvit som snø" eller "kvitare enn snø" betyr! seier ho.


Her er ein naturleg "hatt" på den eine portstolpen framfor styrarbustaden.


Nadine fekk også prøve seg på ski for første gong i sitt liv.


Eit mislukka forsøk på å trakke løype i den djupe snøen. Det var godt å kome seg ned på vegen igjen.


Ein nesten nedsnøa spegel i vegkanten.


Tradisjonen tru var det sjølvlaga riskaker til lunsj. Risen må bankast seig før bollane blir baka ut. Nadine svingar sleggja.


Med den yngste på 6 år, og den eldste på snart 84, var vi som ein storfamilie med tre generasjonar.(Foto: Igi)

Det er fint å få starte eit nytt år med nysnø og blanke ark. Her er mottoet mitt for året som ligg framfor. 2. Kor 5, 15 var ein av tekstane Shigeru Masaki talte over:
"Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei."

Dette var eitt av bibelorda som var med på å føre meg til Japan. Under året på bibelskulen for over 25 år sidan (!) møtte dette ordet meg fleire gonger. Men det eg synest eg lever mykje for meg sjølv også som misjonær. Då er det godt å hugse på illustrasjonen med hansken, som Masaki viste oss. Samme kor mykje han kommanderte hansken, var der ingen reaksjon. Det som måtte til, var ei hand inni hansken. Slik er kristenlivet, sa Masaki. Vi kan ingenting gjere utan Jesus. Men får han fylle oss med sin Ande, kan han få utføre det han vil. Tenk på det kvar gong du tek på deg hanskane før du går ut i kulda!

Så må eg få takke for alle julehelsingar både på e-post og i brev. Det vart ikkje julebrev frå meg, og nyttårsbrev har det heller ikkje blitt. Men eg håper helsinga her når mange. Ta gjerne med nokre ord frå meg til neste foreining eller forsamlingsmøte.

Sjå fleire bilete på Hiruzen Bible Camp sin blogg her:
http://hiruzenbc.blogspot.com/

Så håper vi at snøen blir liggjande til midten av neste månad, iallfall, for då planlegg vi skileir 11.-13. februar.

2 comments: