Wednesday, January 26, 2011
Deep and Wide
Deep and wide, deep and wide
There's a fountain flowing deep and wide.
Deep and wide, deep and wide
There's a fountain flowing deep and wide.
Whoever drinks the living water
Jesus gives to them
Whoever drinks the living water
Shall never, ever thirst again.
Det er tysdagsengelskklassa i Nima kyrkje som syng. Eg har vore i Nima nokre dagar, og i går fekk engelskelevane prøve seg på ein annleis måte å lære engelsk på, gjennom song og dramatisering av bibelteksten.
Kvinna med krukka, mest kjend som kvinna frå Samaria, vart spela av Nodoka, som for nøyaktig eitt år sidan var på besøk i Norge. La oss lytte litt til samtalen mellom kvinna og Jesus:
Woman: "Sir, you have nothing to draw with and the well is deep. Where can you get this living water?"
Jesus: "Everyone who drinks this water, will be thirsty again, but whoever drinks the water I give will never thirst. Indeed, the water I give will become a spring of water welling up to eternal life."
Alle var aktivt med på kvar sin måte og gjekk inn i dei ulike rollene med liv og lyst.
Etter rollespelet snakka vi ilag om korleis denne kvinna opplevde møtet med Jesus. Tenk om desse engelskstudentane også ser at dei har bruk for det levande vatnet som Jesus vil gi dei.
Deep and wide
Ja, denne kjelda er både djup nok og vid nok. Jesus har nok levande vatn for oss alle! Tenk om vi alle kunne seie som dei som høyrde vitnemålet til kvinna:
- We believe now, not because of what you said, but because we ourselves have heard Jesus. We know that Jesus really is the Saviour of the world.
Vi veit i sanning at han er den som skal frelse verda!
Det er snart fredag igjen, og nye anledningar til å samle folk til engelsk bibelstudium. Og det er ikkje berre japanarar eg når.
Desse tre kinesiske jentene kom på Bible Club sist fredag. To av dei hadde ikkje lese i ein Bibel før dei kom hit til meg.
Men før fredag er det torsdag. Kotodamene ventar spent på korleis det går med Lasarus og søstrene. Dei fekk første del av Joh.11 forrige veke, og det blir altså framhald i morgon etter kotoøvinga.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment