Saturday, May 21, 2016

Sushi, danske pølser og Kobe-russ

Det har vore 17. mai, og det vart feira også i Japan. Det er ganske langt å reise heilt ifrå Matsue for å vere med på feiringa i Kobe, men dette året kombinerte vi det med avskjeds-og velkomstfest den 16. mai, og då gjekk det an å forlenge turen med ein dag.

1. pinsedag var også ein innhaldsrik dag. På familiegudstenesta i Arashima var det to personar som ikkje hadde vore på gudsteneste før, og presten klarte å forklare pinseunderet og Den Heilage Ande på ein forståeleg måte. Ei av dei nye sat rett framfor meg. Ho noterte ivrig, og stilte spørsmål til presten etterpå.

Om kvelden var det internasjonal gudsteneste med gjestar ifrå Florida. Kvar vår reiser ei gruppe japanske studentar på eit studieopphald i Florida, der dei bur hos kristne familiar, er med i kyrkje, og er på leir ilag med kristne studentar. Og kvart år i mai har studentpresten og nokre ungdommar vore på gjenvisitt til Matsue. Iår var dei 7. På fredagen før var det fullt hus på Bible Club (24), og på gudstenesta var vi oppe i 32 personar.
 Fleire av dei japanske studentane var i kyrkja for første gong, og orkesteret hadde også fått ein fiolin i tillegg til piano, saxofon, fløyte og fagott.

Måndag reiste eg til Kobe. Der var det velkomst for Lea Lukka som har vore eit halvt år i Finland, og avskjed for meg som skal reise om vel ein månad. Eg tok ingen bilete der, men du kan sjå på bloggen til Kari Opperud. Der skriv ho også ein god grunn for ikkje å vere med på 17. mai-feiring i Kobe. Her kan du sjå bilete frå avskjeds- og velkomstfesten


17.-mai-festen starta ikkje før utpå dagen, men på ettermiddagen hjelpte eg Ingebjørg og dei andre i komiteen med å pynte, både inne og ute.
Pølse og brød er ikkje kvardagskost for nordmenn i Japan. Det er vanskeleg å finne skikkeleg gode pølser, men desse var dei beste eg har smakt! Ein danske som driv kafé utanfor Kobe, hadde skaffa danske pølser, og dei smakte som Gilde grillpølser!
Vi var trass alt i Japan, og då høyrer også sushi med. Men denne gongen forsynte eg meg faktisk meir med pølser enn med sushi, sjølv om eg er glad i begge deler.



Etter maten var det tid for å gå i tog. Her er det flaggborga som gjer seg klar. Turen gjekk først opp trappa opp til 2. etasje i kyrkja, og ut derifrå.
Korpset var éin person; trompetisten Harald Næss frå Sørumsand, busett i Kyoto.

Toget gjekk ikkje så langt, men opp ei trapp, ned ein anna trapp, ein runde på parkeringsplassen ved Aotani kyrkje, og deretter trappa ned til barnehagen sin leikeplass.

Dei to jentene til høgre var komne frå Nagoya ilag med foreldre og besteforeldre for å feire 17. mai i Kobe. Guten som gjekk i flaggborg ilag med meg, bur i Yonago.

Her har alle parkert flagga sine i hekken, for no er det leikar som står på programmet. Typiske norske 17.-mai-leikar som potet-og sekkeløp-stafett, og tautrekkjing.
Årets Kobe-russ vart også utnemnt. Han var ikkje klar over det sjølv då han kom på festen. Toru er både japanar og nordmann, og han hadde skrive tale for dagen på norsk, som han framførte, før han vart overrekt russebukse, russehue og ferdiglaga russekort. Skal tru om han er Japans første russ? Her til lands er det utenkjeleg at avgangselevar på vidaregåande skal bruke eksamenstida til å vere russ. Her er det full innsats døgnet rundt i tida før eksamen, og elles også. Søstra Yoko går første året på vidaregåande. Ho kom rett frå skulen i uniform, og hadde med seg lekser som ho gjorde etter at festen var slutt.

 
Etter leikane var vi tilbake i kyrkja til is og kaker og meir program. Det var både norsk og japansk musikk ved ekteparet Næss, og sjølvsagt allsong.

Det var også ekstra godteri og ballongar for dei minste.

Nokre norske studentar ved eit universitet i nærleiken hadde funne info om 17.-maifesten på ambassaden sine nettsider.
Trompeten er pakka i sekken (?), og "Ludvik" er klar for heimturen.

Takk til arrangementkomiteen og alle medhjelparar for ein fin og minnerik fest!


I morgon er det misjonsdag i Matsue kyrkje, og eg skal snart på stasjonen og hente Maki Ikegami, som er Hong Kong-misjonær på heimeopphald. Ho skal ha misjonsinfo og eg skal ha misjonspreike. To misjonærar på samme gudsteneste er ikkje vanleg i Japan. Eg håper eg kan preike fort nok, slik at Maki får mest mulig tid til å fortelje ifrå Hong Kong.

Tuesday, May 10, 2016

Avskjedssesongen er i gong

Det er framleis seks veker til eg reiser herifrå, men avskjedane har allereie starta. Greitt med alt som er unnagjort...
For å få engelskelevane i Nima til å kome på gudsteneste, hadde eg sjølv foreslått at eg kunne kome ein søndag og spele på orgelet, og då fekk eg med ein gong oppdrag å preike, også.

Turen starta laurdag etter lunsj. Eg fekk med to studentar herifrå som ville vere med på sightseeing og overnatting i kyrkja. Først var vi i sølvgruvelandsbyen.

Her er mykje fint å sjå langs vegen, og vi hadde mange stopp for å fotografere både blomster og kattar.
Vi kom fram til gruveinngangen rett før stengjetid og var dei siste som fekk sleppe inn.
Vi var også heldige som fekk sleppe ut igjen i lyset...

Tilbake i kyrkja laga jentene middag til oss, og vi hadde både gitarkurs og ein omgang med Rummikub.

Eg var spent på om nokon av engelskelevane mine i Nima ville kome på gudstenesta. Eg vart positivt overraska. Tre av dei ikkje-kristne kom, og ei av dei hadde med seg både dottera og to barnebarn!
Her er heile forsamlinga. Vi var vel meir enn dobbelt så mange som dei er på ein vanleg søndag, men det er ein trufast flokk som samlast veke etter veke, og dei ber for engelskelevane.
Denne jenta var tidlegare med i Bible Club då ho studerte i Matsue. Ho er ifrå Nima, og har nettopp kome heim etter eit år i USA.

Nokre av medlemmene i kyrkja tok med meg og studentane mine frå Matsue ut på ein restaurant der vi fekk både rå og kokt sjømat.
Vi var ved Maji-stranda med den syngande sanden. Her er litt av stemninga medan vi venta på maten.

Langbord med utsikt mot havet

Vi rakk å gå litt i den syngande sanden før vi sette kursen heimover, men ikkje til Matsue. Vi køyrde rett gjennom Matsue og vidare til Arashima på ungdomsgudsteneste. For den eine av studentane var det første gong i livet ho var i ei kyrkje, og til og med to gudstenester på samme dag!

 Her er vi som var på ungdomsgudsteneste i Arashima på søndag kveld.

Igår, måndag, var eg på prestemøte for alle kyrkjene i området her. Då var vi også ut og åt lunsj, som dei spanderte på ein prest som nettopp har kome, og på meg som skal reise.

Og idag var det avskjed nummer tre. Kvinneforeininga i Arashima ville gjerne ha meg med på eit møte, der eg hadde tale, og der dei ville ta avskjed med meg. Det blir ny avskjed med heile kyrkjelyden den 12. juni, men først altså idag. Eg kom på at eg skulle lufte bunaden min som har hange i skapet ubrukt i 4 år. Neste veke skal eg til Kobe på 17.-mai-feiring, så eg tok ein test på om han framleis passa. Og det gjekk bra. Damene i Arashima sette pris på å få sjå ein skikkeleg norsk bunad.
Gjennomsnittsalderen er ganske høg.

Kona til pastoren hadde laga bringebærkake, som ho visste eg liker veldig godt!

 Avskjedsgåve fekk eg også. (Foto: J. Ishimaru)

På veg heimover var eg innom hos mi japanske mor. Men det var ikkje avskjed idag. Eg skal iallfall innom ein gong til og ha bibelstudie med henne og dottera.

Sjølv om vi har slutta å spele koto (harpe), får eg framleis møte henne og lese i Bibelen ein gong i månaden. Harpa har eg ikkje hengt på veggen, men ho er pakka ned i kassa klar til å sende til Norge. Når eg er langt frå Japan, vil eg nok få meir lyst til å spele og mimre med nokre japanske melodiar.

No skal eg ikkje ha fleire avskjedar før på måndag neste veke. Då er det misjonærsamling i Kobe, der vi skal ønskje velkommen Lea Lukka, som har vore på heimeopphald i Finland, og så skal dei andre ta avskjed med meg som skal til Norge. Dagen etter er det 17. mai-feiring med andre norske i Kobe. Sist eg feira 17. mai ilag med andre norske, var for fire år sidan, og det var på Sjøholt, sidan eg var heime i konfirmasjon i mai det året. Så det er på tide å vise fram bunaden igjen.






Monday, May 2, 2016

Når "heile" Japan har ferie

På den japanske kalendaren har vi noko som heiter Golden Week, som er nokre samanhengande fridagar i mai. Eigentleg er det berre 3.-5. mai som er fri, men mange klarer å få til litt fri i begge endar, og kan då også utnytte helgane før og etter. Her er det vanlegvis ikkje fri verken 1. mai eller Kristi Himmelfartsdag, men i år er begge dagane raude, sidan 1. mai fall på ein søndag, og Kristi Himmelfartsdag er 5. mai, som er siste dagen i Golden Week.
3. mai er grunnlovsdagen, og 5. mai er barnas dag. Tidlegare var det gutane sin dag, sidan jentene har ein annan dag i mars. I vekene før barnas dag blir det hengt opp slike karpefiskar som på biletet ovanfor, ved hus der dei har gutar.

Også fredag 29. april er offentleg fridag (fødselsdagen til ein tidlegare keisar). Sidan studentane hadde fri den dagen, hadde vi spleisemiddag på Bible Club. Greitt å sleppe å lage mat til alle for ein gongs skuld.
Her er litt av det medlemmene hadde med seg.
Desse tre damene er ikkje studentar, men er med som vaksenleiarar.

Desse venta med å stille seg i matkøa, og starta med berre vatn og brød.
Denne jenta går siste året på vidaregåande, og kjem vanlegvis i skuleuniform. Men sidan dette var fridag, kunne ho gå i dei kleda ho ville. Ho hadde til og med sminka seg. DET har ho ikkje lov til når ho skal på skulen. Det er strenge reglar. Skuleelevar har heller ikkje lov til å ta permanent eller farge håret. Når dei blir universitetsstudentar, er det friare.

Laurdag 30. april
På laurdag fekk eg besøk av to veninner ifrå tida eg budde i Osaka. Yoshiko (t.h.) besøkte meg i Matsue for 7 år sidan, men det var første gong Yuko (t.v.) var her.

Her er vi ved den gamle borga i Matsue. Yoshiko vart eg kjend med på volleyballtrening, og Yuko hadde nettopp flytta til Osaka og leita etter ei kyrkje. Dei tre døtrene hennar byrja på søndagsskulen, og den yngste vart også med i barneengelskklassa som eg hadde. Seinare byrja også dotter til Yoshiko på engelsk, og mødrene vart veninner. På den tida var jentene 6-7 år gamle, men no er dei allereie blitt universitetsstudentar...
Sjølv om det er gått mange år, er det fint å kunne ha kontakten framleis. Yoshiko er ikkje kristen, men var med i kyrkja nokre gonger. Ho minte meg på at eg hadde gitt henne ein Bibel som avskjedsgåve då eg reiste frå Osaka i 2004.
Yuko er ein kristen, og både ho og mannen gjekk på engelsk bibelklasse hos meg. Mannen er enno ikkje blitt ein kristen, men han er veldig interessert i språk, og han seier han skal studere meir norsk til neste gong eg kjem på besøk. Når eg er på reise til eller frå eit utland, overnattar eg ofte hos Yuko og familien. Sist eg var der, sat mannen og studerte novella "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson. På norsk, ja! Ikkje den enklaste tekst for nybyrjarar, for å seie det slik...

Etter mykje gåing var det godt med eit utandørs fotbad i varme kjelder.
Sidan vi var trøytte og svoltne, gjekk vi glipp av solnedgangen ved innsjøen. Gjestane sette pris på norsk middag, men det var første gong dei skrella poteter på norsk måte.

Søndag 1. mai
Igår var vi i Arashima kyrkje på gudsteneste. Til venstre er Aika, kona til presten. Kvelden før då vi sat og mimra og såg på bilete frå gamle dagar, dukka det opp eit spesielt bilete, som var tatt på ei samling i Kita Osaka kyrkje 29. april i 2004. Det viste seg at desse fire damene hadde møtt kvarandre før, for ganske nøyaktig 12 år sidan. Sjå berre på dei stripete på biletet nedanfor!

Og alle var 12 år yngre enn dei er no. Var det moderne med striper på den tida, forresten?

Etter kyrkja var vi på eit kunstmuseum, med ein park som blir sagt å vere japansk finaste. Eg prøvde å lese på nummerskilta på parkeringsplassen kvar bilane kom ifrå, og det var frå store delar av landet. Det var så mykje folk at det var lange køar både her og der, og vi måtte køyre langt før vi fann ein plass der vi slapp å stå i kø for å kjøpe lunsj. Slik blir det når "heile" Japan har fri samtidig.

Gjestane mine frå Osaka hadde ikkje tid til meir enn éi overnatting, for ei av dei måtte på jobb i dag, og elles venta familien. Men det gjorde sikkert godt med ein liten husmorferie.

Måndag 2. mai
 Idag har eg endeleg starta såvidt å førebu pakking av båtbagasjen som eg skal sende til Norge. Det er på tide å pakke vekk vinterkleda og finne fram sommarkleda, så idag var det storvask og god kletørk. I morgon skal vinterkleda bli pakka i pappkasser og gjerast klare for neste vinter i Norge.
Så no er eg iallfall igong. Sidan dei fleste japanarar har fri denne veka, er det også lite som skjer i kyrkjene. Vanlegvis har eg vore med på musikkleir på Hiruzen desse dagane, men i år har eg vald å vere heime for å kome i gong med pakkinga. Elles skal eg også friske opp ei preike som eg skal ha i Nima kyrkje på søndag 8. mai. Eg "inviterte" meg sjølv i håp om at nokre av engelskelevane vil kome på gudstenesta. Det er eit bøneemne for deg som ber. Ei jente som tidlegare har vore student her, er no heime att i Nima etter eit år i USA, og ho har sagt ho vil kome, også.

Men eg skal ikkje stengje meg inne i finevêret, men prøve å nyte det så lenge det varer, og før det blir for varmt. I ettermiddag har eg vore på ein liten luftetur igjen. Her er framleis mange fjell rundt meg som eg ikkje har vore på, og det er ikkje så langt unna, heller.
Idag var også ein student med på turen.

Her har vi utsikt over den nordvestlege delen av Matsue by, med Shinji-innsjøen i bakgrunnen.
Det er ein fin by eg bur i, ikkje sant? Det blir litt vemodig å reise herifrå... Men eg gler meg også til å sjå igjen fjella i heimetraktene på Sunnmøre.









Monday, April 25, 2016

Frimåndag med naturopplevingar

Det er allereie gått fire veker sidan påske, og eg lurer på kvar tida er blitt av. No er det så lenge sidan sist eg var inne på bloggen, at eg måtte sjekke passordet...
Det er godt med ein frimåndag etter ei travel helg. Idag har det vore herleg vêr, og eg har vore og utforska nye turterreng ilag med tre veninner som også har fri på måndagar.

Men først litt ifrå dagen i går. Då hadde vi internasjonal gudsteneste. Endeleg fekk eg synge "Deg være ære", ein salme som stort sett er ukjent her i Japan. Det vil seie, melodien kjenner alle, for den blir spela kvar gong det er overrekkjing av ein pris. Eg fann den engelske teksten på internett, og ein japansk tekst hadde eg i ei barnesongbok.
I går hadde vi fått utvida forsongargruppa vår med ein fagott. Sjå video nedanfor:


Thine Be The Glory from Inger Valbø on Vimeo.


I tillegg til oss på biletet, var der også tre andre med på gudstenesta. Sjølv om eg sakna dei som har reist, er eg glad for at der var to nye denne gongen.

Det er mykje arbeid med ei slik gudsteneste, men så er det også godt å ha ein frimåndag etterpå.
To av dei som er med i det internasjonale fellesskapet vårt, er også ivrige fjellgeiter. Eg og ei japansk veninne er meir moderate, og hadde eigentleg tenkt oss på ein tur for oss sjølve, men det enda opp med at alle fire slo seg ilag.

Berre omlag 15 minutts køyring heimanfrå var vi stien opp på fjellet.


Ville asalia blomstra langs stien. Temperaturen var også passeleg.
 Her er nokre andre som også var på tur


Vi har framleis fleire fjell å utforske i området. Det spørst berre om vi har nok måndagar med fint vêr framover. Forhåpentleg vil det også gi inspirasjon og motivasjon til å starte pakkinga...
22. juni reiser eg ifrå Matsue. Eg har framleis mange oppgåver, men då gjeld det å ta skikkeleg fri når eg kan ta fri.

Og så kanskje eg skulle oppdatere bloggen litt oftare, med litt kortare innlegg enn i dag.