Tuesday, May 10, 2016

Avskjedssesongen er i gong

Det er framleis seks veker til eg reiser herifrå, men avskjedane har allereie starta. Greitt med alt som er unnagjort...
For å få engelskelevane i Nima til å kome på gudsteneste, hadde eg sjølv foreslått at eg kunne kome ein søndag og spele på orgelet, og då fekk eg med ein gong oppdrag å preike, også.

Turen starta laurdag etter lunsj. Eg fekk med to studentar herifrå som ville vere med på sightseeing og overnatting i kyrkja. Først var vi i sølvgruvelandsbyen.

Her er mykje fint å sjå langs vegen, og vi hadde mange stopp for å fotografere både blomster og kattar.
Vi kom fram til gruveinngangen rett før stengjetid og var dei siste som fekk sleppe inn.
Vi var også heldige som fekk sleppe ut igjen i lyset...

Tilbake i kyrkja laga jentene middag til oss, og vi hadde både gitarkurs og ein omgang med Rummikub.

Eg var spent på om nokon av engelskelevane mine i Nima ville kome på gudstenesta. Eg vart positivt overraska. Tre av dei ikkje-kristne kom, og ei av dei hadde med seg både dottera og to barnebarn!
Her er heile forsamlinga. Vi var vel meir enn dobbelt så mange som dei er på ein vanleg søndag, men det er ein trufast flokk som samlast veke etter veke, og dei ber for engelskelevane.
Denne jenta var tidlegare med i Bible Club då ho studerte i Matsue. Ho er ifrå Nima, og har nettopp kome heim etter eit år i USA.

Nokre av medlemmene i kyrkja tok med meg og studentane mine frå Matsue ut på ein restaurant der vi fekk både rå og kokt sjømat.
Vi var ved Maji-stranda med den syngande sanden. Her er litt av stemninga medan vi venta på maten.

Langbord med utsikt mot havet

Vi rakk å gå litt i den syngande sanden før vi sette kursen heimover, men ikkje til Matsue. Vi køyrde rett gjennom Matsue og vidare til Arashima på ungdomsgudsteneste. For den eine av studentane var det første gong i livet ho var i ei kyrkje, og til og med to gudstenester på samme dag!

 Her er vi som var på ungdomsgudsteneste i Arashima på søndag kveld.

Igår, måndag, var eg på prestemøte for alle kyrkjene i området her. Då var vi også ut og åt lunsj, som dei spanderte på ein prest som nettopp har kome, og på meg som skal reise.

Og idag var det avskjed nummer tre. Kvinneforeininga i Arashima ville gjerne ha meg med på eit møte, der eg hadde tale, og der dei ville ta avskjed med meg. Det blir ny avskjed med heile kyrkjelyden den 12. juni, men først altså idag. Eg kom på at eg skulle lufte bunaden min som har hange i skapet ubrukt i 4 år. Neste veke skal eg til Kobe på 17.-mai-feiring, så eg tok ein test på om han framleis passa. Og det gjekk bra. Damene i Arashima sette pris på å få sjå ein skikkeleg norsk bunad.
Gjennomsnittsalderen er ganske høg.

Kona til pastoren hadde laga bringebærkake, som ho visste eg liker veldig godt!

 Avskjedsgåve fekk eg også. (Foto: J. Ishimaru)

På veg heimover var eg innom hos mi japanske mor. Men det var ikkje avskjed idag. Eg skal iallfall innom ein gong til og ha bibelstudie med henne og dottera.

Sjølv om vi har slutta å spele koto (harpe), får eg framleis møte henne og lese i Bibelen ein gong i månaden. Harpa har eg ikkje hengt på veggen, men ho er pakka ned i kassa klar til å sende til Norge. Når eg er langt frå Japan, vil eg nok få meir lyst til å spele og mimre med nokre japanske melodiar.

No skal eg ikkje ha fleire avskjedar før på måndag neste veke. Då er det misjonærsamling i Kobe, der vi skal ønskje velkommen Lea Lukka, som har vore på heimeopphald i Finland, og så skal dei andre ta avskjed med meg som skal til Norge. Dagen etter er det 17. mai-feiring med andre norske i Kobe. Sist eg feira 17. mai ilag med andre norske, var for fire år sidan, og det var på Sjøholt, sidan eg var heime i konfirmasjon i mai det året. Så det er på tide å vise fram bunaden igjen.






No comments:

Post a Comment