Saturday, May 21, 2016

Sushi, danske pølser og Kobe-russ

Det har vore 17. mai, og det vart feira også i Japan. Det er ganske langt å reise heilt ifrå Matsue for å vere med på feiringa i Kobe, men dette året kombinerte vi det med avskjeds-og velkomstfest den 16. mai, og då gjekk det an å forlenge turen med ein dag.

1. pinsedag var også ein innhaldsrik dag. På familiegudstenesta i Arashima var det to personar som ikkje hadde vore på gudsteneste før, og presten klarte å forklare pinseunderet og Den Heilage Ande på ein forståeleg måte. Ei av dei nye sat rett framfor meg. Ho noterte ivrig, og stilte spørsmål til presten etterpå.

Om kvelden var det internasjonal gudsteneste med gjestar ifrå Florida. Kvar vår reiser ei gruppe japanske studentar på eit studieopphald i Florida, der dei bur hos kristne familiar, er med i kyrkje, og er på leir ilag med kristne studentar. Og kvart år i mai har studentpresten og nokre ungdommar vore på gjenvisitt til Matsue. Iår var dei 7. På fredagen før var det fullt hus på Bible Club (24), og på gudstenesta var vi oppe i 32 personar.
 Fleire av dei japanske studentane var i kyrkja for første gong, og orkesteret hadde også fått ein fiolin i tillegg til piano, saxofon, fløyte og fagott.

Måndag reiste eg til Kobe. Der var det velkomst for Lea Lukka som har vore eit halvt år i Finland, og avskjed for meg som skal reise om vel ein månad. Eg tok ingen bilete der, men du kan sjå på bloggen til Kari Opperud. Der skriv ho også ein god grunn for ikkje å vere med på 17. mai-feiring i Kobe. Her kan du sjå bilete frå avskjeds- og velkomstfesten


17.-mai-festen starta ikkje før utpå dagen, men på ettermiddagen hjelpte eg Ingebjørg og dei andre i komiteen med å pynte, både inne og ute.
Pølse og brød er ikkje kvardagskost for nordmenn i Japan. Det er vanskeleg å finne skikkeleg gode pølser, men desse var dei beste eg har smakt! Ein danske som driv kafé utanfor Kobe, hadde skaffa danske pølser, og dei smakte som Gilde grillpølser!
Vi var trass alt i Japan, og då høyrer også sushi med. Men denne gongen forsynte eg meg faktisk meir med pølser enn med sushi, sjølv om eg er glad i begge deler.



Etter maten var det tid for å gå i tog. Her er det flaggborga som gjer seg klar. Turen gjekk først opp trappa opp til 2. etasje i kyrkja, og ut derifrå.
Korpset var éin person; trompetisten Harald Næss frå Sørumsand, busett i Kyoto.

Toget gjekk ikkje så langt, men opp ei trapp, ned ein anna trapp, ein runde på parkeringsplassen ved Aotani kyrkje, og deretter trappa ned til barnehagen sin leikeplass.

Dei to jentene til høgre var komne frå Nagoya ilag med foreldre og besteforeldre for å feire 17. mai i Kobe. Guten som gjekk i flaggborg ilag med meg, bur i Yonago.

Her har alle parkert flagga sine i hekken, for no er det leikar som står på programmet. Typiske norske 17.-mai-leikar som potet-og sekkeløp-stafett, og tautrekkjing.
Årets Kobe-russ vart også utnemnt. Han var ikkje klar over det sjølv då han kom på festen. Toru er både japanar og nordmann, og han hadde skrive tale for dagen på norsk, som han framførte, før han vart overrekt russebukse, russehue og ferdiglaga russekort. Skal tru om han er Japans første russ? Her til lands er det utenkjeleg at avgangselevar på vidaregåande skal bruke eksamenstida til å vere russ. Her er det full innsats døgnet rundt i tida før eksamen, og elles også. Søstra Yoko går første året på vidaregåande. Ho kom rett frå skulen i uniform, og hadde med seg lekser som ho gjorde etter at festen var slutt.

  video
Etter leikane var vi tilbake i kyrkja til is og kaker og meir program. Det var både norsk og japansk musikk ved ekteparet Næss, og sjølvsagt allsong.

Det var også ekstra godteri og ballongar for dei minste.

Nokre norske studentar ved eit universitet i nærleiken hadde funne info om 17.-maifesten på ambassaden sine nettsider.
Trompeten er pakka i sekken (?), og "Ludvik" er klar for heimturen.

Takk til arrangementkomiteen og alle medhjelparar for ein fin og minnerik fest!


I morgon er det misjonsdag i Matsue kyrkje, og eg skal snart på stasjonen og hente Maki Ikegami, som er Hong Kong-misjonær på heimeopphald. Ho skal ha misjonsinfo og eg skal ha misjonspreike. To misjonærar på samme gudsteneste er ikkje vanleg i Japan. Eg håper eg kan preike fort nok, slik at Maki får mest mulig tid til å fortelje ifrå Hong Kong.

1 comment: