Monday, April 25, 2016

Frimåndag med naturopplevingar

Det er allereie gått fire veker sidan påske, og eg lurer på kvar tida er blitt av. No er det så lenge sidan sist eg var inne på bloggen, at eg måtte sjekke passordet...
Det er godt med ein frimåndag etter ei travel helg. Idag har det vore herleg vêr, og eg har vore og utforska nye turterreng ilag med tre veninner som også har fri på måndagar.

Men først litt ifrå dagen i går. Då hadde vi internasjonal gudsteneste. Endeleg fekk eg synge "Deg være ære", ein salme som stort sett er ukjent her i Japan. Det vil seie, melodien kjenner alle, for den blir spela kvar gong det er overrekkjing av ein pris. Eg fann den engelske teksten på internett, og ein japansk tekst hadde eg i ei barnesongbok.
I går hadde vi fått utvida forsongargruppa vår med ein fagott. Sjå video nedanfor:


Thine Be The Glory from Inger Valbø on Vimeo.


I tillegg til oss på biletet, var der også tre andre med på gudstenesta. Sjølv om eg sakna dei som har reist, er eg glad for at der var to nye denne gongen.

Det er mykje arbeid med ei slik gudsteneste, men så er det også godt å ha ein frimåndag etterpå.
To av dei som er med i det internasjonale fellesskapet vårt, er også ivrige fjellgeiter. Eg og ei japansk veninne er meir moderate, og hadde eigentleg tenkt oss på ein tur for oss sjølve, men det enda opp med at alle fire slo seg ilag.

Berre omlag 15 minutts køyring heimanfrå var vi stien opp på fjellet.


Ville asalia blomstra langs stien. Temperaturen var også passeleg.
 Her er nokre andre som også var på tur


Vi har framleis fleire fjell å utforske i området. Det spørst berre om vi har nok måndagar med fint vêr framover. Forhåpentleg vil det også gi inspirasjon og motivasjon til å starte pakkinga...
22. juni reiser eg ifrå Matsue. Eg har framleis mange oppgåver, men då gjeld det å ta skikkeleg fri når eg kan ta fri.

Og så kanskje eg skulle oppdatere bloggen litt oftare, med litt kortare innlegg enn i dag. 




No comments:

Post a Comment